ÅVK – Norborg 0-3

Åram/Van.kam. – Norborg 0-3 (0-0)
Moa KGB, 16.02.08

2 sjansar 11
3 cornere 8

0-1 Steffen Grytten (67)
0-2 Bee (76)
0-3 Steffen Grytten (85)

Dommar: Jan Lund (Blindheim)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø (Kristian Furnes, 46), Morten Kalvø, Roger Grytten (Elling Mikal Kalvø, 82), Kristoffer Søviknes – Kristian Søviknes (Stein Erik Reitan, 74), André Larsen (Bee, 46), Steffen Grytten, Stein Erik Reitan (Eivind Fjørtoft, 46) – Adrian Håbet (Kjell Terje Brusdal, 82), Kjell Terje Brusdal (Geir Ove Grønli, 46)

Norborg hadde god kontroll på ÅVK og vann greitt 3-0 på Moa KGB. Dei grøn-kvite hadde ballen mykje før pausen, men greidde aldri å trenge seg igjennom Norborg sitt kompakte forsvar. Oransjetrøyene hadde fleire store sjansar og fekk etterkvart uttelling.

Spennande spissval av Norborg i denne kampen. Normalt midtstoppar Kjell Terje Brusdal fekk plassen ved sidan av Adrian Håbet ettersom både Tarjei Urkedal og Skjalg Volstad var bortreist.

Brann store sjansar
Norborg har målsjansane før pausen og burde ha gått i garderoba med eit mål eller to. Steffen Grytten kjem seg til dei to første, begge etter dødballar, men greier ikkje å finne nettmaskene. Stein Erik Reitan, Kjell Terje Brusdal og Adrian Håbet har også gode sjansar, men greier ikkje å overliste ÅVK-keeper Ottar-Inge Rusten.

ÅVK hadde ballen vél så mykje som Norborg, men hadde store problem med å kome seg til sjansar. Den rutinerte toppscoraren Ole Per Kragset fekk ein gratissjanse av Norborg sitt forsvar, men Geir Roar Gamlem fekk stoppa skotet med beinet. Kragset fekk også sjansen på frispark frå god posisjon, men venstreslegga var ikkje rett innstilt og Gamlem hadde full kontroll.

Ny Steffen-dobbel
ÅVK la eit lite trykk på Norborg i opningsminutta av 2. omgang, men etterkvart vart det Norborg for alle penga. Etter å ha svidd av eit par sjansar fekk ein ved halvspelt omgang endeleg hol på byllen. Målet kom etter at ÅVK ikkje fekk klarert ein corner frå Bee. Steffen Grytten sette ballen i mål frå kloss hald etter at Kristoffer Søviknes helsparka ballen i tverrliggjar.

Knappe ti minutt seinare doblar Bee Norborg si leiing då han tuppar inn ein stuss frå Adrian Håbet. Så var det klart for dagens vakraste mål. Steffen Grytten får ballen utafor 16 meteren og plasserar den flott i oppe i vinkelen. 3-0, og kampen er punktert. På tampen av kampen blir Steffen felt og dommar Jan Lund peikar på straffemerket. Kristoffer Søviknes masa seg til å ta det, men sette ballen over mål. -Neste gong tek ej det sjøl, sa Steffen.

Komfortabel siger
Norborg tek sin tredje komfortable siger på fire forsøk i vinter. Nok ein gong kjem ein seg til store sjansar og det defensive fungerar stadig betre. For øvreg var dette første gong på over eit år ein haldt nullen.

Steffen Grytten noterer seg nok ein gong for to mål og jobbar godt på midtbana. Adrian Håbet scora ikkje i dag, men står bak mange flotte angrep med sin fart og teknikk. Elles godt å sjå Morten Kalvø tilbake for fullt. Lite å utsette på hans spel saman med makker Roger Grytten.

Neste kamp for Norborg er 1. mars mot Vigra.