Midsund – Norborg 2-6

Midsund – Norborg 2-6 (0-2)
Treningskamp, Skeidvoll KGB, 01.04.07

6 sjansar 12
3 cornere 6

0-1 Kim Idar Krogsethagen (18)
0-2 Kim Idar Krogsethagen (40)
0-3 André Larsen (48)
1-3 Frank Mundal (50)
2-3 Alexander Ræstadholm (63)
2-4 Martin Grytten (74)
2-5 Ole Johan Urke (84)
2-6 Ole Johan Urke (90)

Laget: Geir Roar Gamlem – Elling Mikal Kalvø (Kristian Furnes, 72), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal (Jan Even Drønnesund, 62), Stein Erik Reitan – André Larsen (Eivind Fjørtoft, 62), Kristian Søviknes (Martin Grytten, 72), Steffen Grytten (Kristian Søviknes, 79) – Kristoffer Søviknes (Erlend York, 62), Kim Idar Krogsethagen (Ole Johan Urke, 62), Tarjei Urkedal (Kim Idar Krogsethagen, 70)

Snittalder: 21,7

Norborg leverte årsbeste då ein utklassa 3. divisjonslaget Midsund på Skeidvoll KGB søndag. Både i medvind og motvind var Norborg best, og fleire av måla var av svært høg klasse.

Med vinden i ryggen hadde Norborg eit lite spelemessig overtak på Midsund i starten, men dei store sjansane greidde ein ikkje å kome seg til. Dei fleste angrepa føregjekk på høgresida der Tarjei Urkedal var aktiv, men trass fleire innlegg kom ein ikkje nærmare enn ei heading utafor av Kim Idar Krogsethagen. Krogsethagen var igår gjestespelar på Norborg ettersom han går på skule i Bergen og skal spele for Nordnes denne sesongen.

God Krogsethagen
Krogsethagen har vore skadefri og trent godt i vinter og leverte sine saker særs bra i denne kampen. Når nær 20 minutt var spelt presenterte han seg for Midsund. Etter eit Midsund-angrep var han nede å henta ballen midt på eigen halvdel. Her avanserar han nokre meter, løftar blikket å ser keeper er langt ute og prøvar lukka. Skotet frå eigen banehalvdel går perfekt over keeper og duppar i mål. 1-0 til oransjetrøyene og truleg tidenes mål på Skeidvoll KGB.

Norborg er det beste laget i 1. omgang, og Krogsethagen er nær å doble leiinga då Kristoffer Søviknes legg inn frå venstre, men Krogsethagen si avslutning går i tverrliggjar. Fem minutt før pause skal så Krogsethagen få sitt andre mål. Også denne gongen er han nede på eigen halvdel og startar angrepet med ein ball ut på høgresida før han går på eit 60 metersløp og sette innlegget frå Tarjei Urkedal i nota. Feiande flott fotball av Norborg.

Midsund på si side skapte lite i motvinden og Norborg-forsvaret fekk rydda opp det som kom.

Aukar i motvinden
Etter kvilen venta vi eit kraftig trykk frå heimelaget, men Norborg greidde å halde ballen langs bakken og spelte flott fotball denne ettermiddagen. Tre minutt etter pause får André Larsen ein enkel jobb med å lage 3-0 då keeper gjer ei generaltabbe på eit innlegg av Krogsethagen. I duell med to Norborg-spelarar på 15 meter får ikkje keeper boksa, og ballen går til Larsen som sette ballen i tomt mål.

Midsund med blod på tann
To minutt seinare redusera så Midsund på eit susande skot frå eit par og tjue meter av Frank Mundal. Ballen fyk utakbart i mål ved keeper Geir Roar Gamlem sin høgre stolpe. Norborg er likevel det beste laget, og både Kristoffer Søviknes, Steffen Grytten og André Larsen får sjansar til å score, men utan å lukkast. I staden er det Midsund som kjem på ei kontring på venstresida. Ballen blir slått lågt inn framfor mål der Alexander Ræstadholm kjem i fart og scorar sikkert frå kloss hald.

Midsund får no trua, og kjem seg til to store sjansar på kort tid. Først går eit skot i tverrliggjar frå 10 meter og eit par minutt seinare stryk eit skot frå 16 meteren stolpen.

Lærebokfotball
Norborg har ein stor stall, og sette innpå friskt blod. Ein av dei er debutant Martin Grytten. Han brukar ikkje lang tid på å presentere seg, og med sine første touch på ballen sette han eit nydeleg framspel frå Eivind Fjørtoft i mål. Eit mål teke rett ut av læreboka med ball mellom stoppar og back til ving på løp mot mål. Flott av dei to tenåringane.

I sluttminutta er det Ole Johan Urke som viser at han vil vere med i 1. lagsdiskusjonen. Først aukar han til 5-2 då han sette inn ein retur etter stolpetreff av Martin Grytten. Så fastsette han sluttresultatet til 6-2 då han sette ballen sikkert i mål etter at Martin Grytten kom seg ned på kortlinja og la flatt inn. Nytt mål tatt ut av læreboka, og nok ein gong er det tenåringar som er i hovudrollene.

Fire mål i motvinden i 2. omgang er særs bra av Norborg. Samtlege jobba hardt og ville vinne denne kampen. I tillegg haldt ein motet oppe sjølv om Midsund kom seg inn i kampen med to raske mål, og når unghynane avgjer kampen i det siste kvarteret vart dette årets mest positive oppleving.

Tankevekkar for Midsund
– Ein tankevekkar for oss. Bortsett frå Tor Henry Blø og John Arne Øien så har vi ikkje så mykje å sette inn til seriestart, sa spelande Midsund-oppmann Øyvind Myklebust etter kampen. Midsund skal for øvreg ut i NM-kamp mot Spjelkavik om knappe 3 veker.

– Vi får til overgongane våre og greier å halde ballen oppe. Særs bra kamp av oss med tanke på mange tunge bein før kampstart, sa ass. trenar Kristian Søviknes.

Norborg sin neste kamp er 2. påskedag mot Brattvåg. Den går truleg på Brattvåg KGB kl. 13.