Stranda – Norborg 5-0

Stranda – Norborg 5-0 (1-0)
Dalemyra stadion, 29.06.06

10 sjansar 7
8 cornere 5

1-0 Steffen Lilleås (6)
2-0 Ronnie Furset (53)
3-0 Ronnie Furset (59)
4-0 Ronnie Furset (79)
5-0 Tonny Åsen (85)

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Ass. dommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Kristian Melseth (FK Sykkylven)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Øyvind Farstad, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Asgeir Kalvø, Kristian Søviknes (Stig Wold, 65), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Edward Laverton, 37) – Ståle Hurlen, Adrian Håbet (Eivind Fjørtoft, 78)

Norborg var det førande laget før kvilen, men det var Stranda som leia til pause etter eit tidleg mål. I 2. omgang snudde kampen fullstendig, og eit langt meir aggressivt heimelag dominerte stort. Likevel, resultatet er noko flatterande etter banespel og sjansar.

Det var vertane som kom best i gong, og trykte Norborg frå start av, men det måtte ein forsvarsfeil til for å få sjanse og mål. Steffen Grytten har tilsynelatande full kontroll på ei mislykka gjennombrotpasning frå Stranda og skal skjerme ballen inn til keeper Kurt Erik Grytten. Ein annan Steffen, nemleg Stranda sin Lilleås, har andre planar, kakka sin navnebror på hælen, snappar ballen framføre keeper og sette ballen i opent mål til 1-0. Lukta det frispark? Ja. Fekk vi det? Nei!

Norborg styrer banespelet

Etter dette tidlege målet er det Norborg som tek over banespelet og spelar tidvis bra fotball på midtbana, men skapar sjeldan farlege situasjonar framføre Thomas Hove i Stranda-målet. Til det blir den avgjerande pasninga for upresis, samt at Stranda sitt langt fysisk sterkare mannskap har full kontroll på innlegga.

Centimetere frå utlikning

Norborg er likevel nær mål tre gongar. Etter eit kvarter spel fossar Tarjei Urkedal på skrått inn i 16 meteren og klinkar ballen i tverrliggar. Nokre minutt seinare er Kristian Søviknes frampå med eit skot i frå god posisjon, men keeper Hove har få problem med å redde. Like etter er det Adrian Håbet som testar skotfoten frå 16 meteren, men like over. Adrian har også eit hælspark frå kort hald som går rett i fanget på keeper. Defensivt har Norborg god kontroll og heimelaget får lite til.

– Eg har aldri opplevd ein så dårleg 1. omgang. Det kan berre gå ein veg og det er oppover, sa Stranda sin trenar Ronny Ødegård.

Eit nytt Stranda-lag

Kva trenar Ødegård sa i pausa til sine spelarar veit vi ikkje, men det var eit heilt anna Stranda-lag som entra bana etter kvilen. Laget starta å vinne duellane og 2. ballane og oste av vinnervilje mot eit Norborg-lag som fekk avslørt sin manglande fysikk. Etter eit par brente sjansar av Stranda scorar Ronnie Furset sitt første av tre mål for dagen då Norborg misser ballen på eigen halvdel og Furset får springe igjennom å score aleine med keeper. Minuttet før Furset sitt mål var Norborg svært nær utlikning ved Ståle Hurlen, men etter å ha runda keeper sette han ballen utafor stolpane frå litt skrått hald.

Effektive Furset
Nokre minutt etter får vi nær sagt ei reprise. Norborg skapar ein bra sjanse ved Edward Laverton, for så å sjå at Furset legg på til 3-0. Denne gong på ei kontant heading etter eit vakkert innlegg. Stranda var det førande laget i denne omgangen og hadde eit par store sjansar før Furset fullføre hat-tricket sitt då han kjemper inn ein corner dryge ti minutt før slutt. Stranda ga seg heller ikkje her og fem minutt seinare utnytta Tonny Åsen svakt forsvarsspel å sette inn 5-0.

Feiler i avgjerande augeblink
Norborg hadde innimellom desse måla også sine sjansar, blant anna to av Ståle Hurlen, men flyten i angrepsspelet og balansen i laget var langt svakare i denne omgangen enn i første. Ein har heller ikkje marginane på si side i avgjerande situasjonar. Mål pregar kampar, seiast det, og det var nettopp her Stranda var langt betre enn Norborg. Sidan Stranda var langt meir aggressive i spelestilen etter pause kom også den manglande fysikken hos oransjetrøyene fram. No er Norborg normalt eit fysisk sterkt lag, men med spelarar som bl.a. Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Mårstøl og Eirik York ute på ein gong, blir det straks mindre pondus.

Likevel, spelarane skal ha honnør for 1. omgangen då ein styrte kampen, men diverre haldt det ikkje denne gong. Tarjei Urkedal gjorde ein strålande jobb sentralt på midtbana, spesielt i 1. omgang då han og Kristian Søviknes regjerte Dalemyra, medan Stein Erik Reitan gjorde nok ein solid kamp på høgreback.

Neste kamp for Norborg er lokaloppgjeret mot Brattvåg fredag 7. juli kl. 1830 på Uggedal stadion.