Vakna for seint
Norborg deltok laurdag i sluttspelet av Rica Parkett Cup for menn. Etter to svake kampar vakna laget og viste fram festfotball. Diverre var ikkje dette nok til å gå vidare til semifinalen.
Tabell
1. | Volda | 4 3-0-1 | 28-20 9 |
2. | Ørsta | 4 2-1-1 | 25-15 7 |
3. | Blindheim | 4 2-0-2 | 19-21 6 |
4. | Norborg | 4 1-1-2 | 26-25 4 |
5. | ÅVK | 4 1-0-3 | 17-34 3 |
Volda – Norborg 9-5
1-0 Viddal (2)
1-1 Tarjei Urkedal (4)
2-1 Driveklepp (5)
3-1 Åkre (8)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (10)
3-3 Kim Idar Krogsethagen (11)
4-3 Ryste (12)
4-4 Kristian Søviknes (13)
5-4 Grimstad (13)
6-4 Bjørge (14)
7-4 Viddal (17)
8-4 Nerbø (19)
8-5 Kim Idar Krogsethagen (23)
9-5 Bjørge (25)
Norborg brukar å vere blant dei som slepp inn minst mål i innandørsfotball, men i denne kampen var det lite som stemte. Oransjetrøyene såg ikkje ut til å ha trua på poeng sjølv om stillinga var 4-4 etter 13 minutt spel. Innsatsen og rørsla var på eit lågnivå, og Volda kunne innkassere tre lette poeng. Forsvarssjef og innpiskar Steffen Grytten var tydeleg sakna i denne kampen. Det same var spissane Lennart Holmem og Ståle Hurlen.
Norborg – Blindheim 4-8
0-1 Hellevik (3)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (4)
1-2 Ottersen (8)
1-3 Lauvås (11)
1-4 Morterud (13)
1-5 Blindheim (14)
1-6 Blindheim (15)
2-6 Adrian Håbet (21)
2-7 Hagerup (25)
3-7 Tarjei Urkedal (26)
3-8 Ottersen (27)
4-8 Kristian Søviknes (28)
Norborg måtte vinne denne kampen og styrte kampen dei første minutta. Det var likevel Blindheim som tok leiinga på sin første sjanse i det tredje minutt. Kim Idar Krogsethagen utlikna kort tid etter og Norborg skapte yttarlegare to gedigne sjansar dei neste minutt, men utruleg nok greidde ein ikkje å score. Då Terje Ottersen ga Blindheim leiinga mot spelets gong, gjekk lufta fullstendig ut av oransjetrøyene, og Blindheim tok ein komfortabel siger.
Norborg – ÅVK 12-3
1-0 Kristian Søviknes (1)
2-0 Adrian Håbet (2)
3-0 Kristian Søviknes (3)
4-0 Adrian Håbet (5)
5-0 Kim Idar Krogsethagen (6)
6-0 Kristian Søviknes (8)
6-1 Flister (10)
7-1 Adrian Håbet (12)
7-2 Åland (14)
8-2 André Larsen (15)
9-2 Knut Ivar Bjørlykhaug (16)
10-2 André Larsen (17)
11-2 Tarjei Urkedal (19)
12-2 André Larsen (24)
12-3 Støylen (27)
Endeleg tok Norborg ut det vi veit dei kan, og vips vart ÅVK feid av bana med utklassingssiffera 12-3. Eit resultat som fort kunne ha blitt langt større. – Vi burde ha scora minst 5 mål til. Vi bomma for opent mål ved fleire høve, sa Kristian Søviknes etter kampen. Norborg trengte storsiger for å fortsatt ha håp om plass i semifinalen. Ein gjekk knallhardt ut og pressa svært høgt. Denne taktikken ga resultat med ein gong, og Norborg leia 3-0 før 3 minutt var spelt. Endeleg begynte også dei nye på laget å vise seg fram, og André Larsen fekk notert seg for tre mål, saman med Kristian Søviknes og Adrian Håbet.
Ørsta – Norborg 5-5
1-0 Rebbestad (3)
2-0 Kleppe (7)
2-1 Tarjei Urkedal (9)
3-1 Kleppe (10)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (10)
3-3 Tarjei Urkedal (18)
4-3 Winjevoll (20)
4-4 Adrian Håbet (22)
5-4 Rebbestad (25)
5-5 Kim Idar Krogsethagen (25)
Norborg måtte vinne med fem mål for å gå til semifinalen. Det viste seg etterkvart å bli ei umogeleg oppgåve for slitne norborgarar. Innsatsen mot ÅVK i kampen før hadde kosta for mykje og Ørsta var i føringa det meste av kampen, men Norborg kom alltid tilbake og fekk seg eit velfortent poeng.
Tropp og mål:
Kim Idar Krogsethagen | 7 |
Kristian Søviknes | 5 |
Tarjei Urkedal | 5 |
Adrian Håbet | 5 |
André Larsen | 3 |
Knut Ivar Bjørlykhaug | 1 |
Stein Erik Reitan | |
Roger Grytten | |
Geir Roar Gamlem |
I pulje B vart det “a walk in the park” for Brattvåg. Hareid utnemnte seg sjølve som favorittar til å vinne heile KM, men vart sendt heim som slakt av Brattvåg. Godøy vann den viktige kampen mot Hareid med 5-2, og vann relativt greitt over GuLars etter å ha slitt med utteljinga i starten av kampen.
Semifinalar:
Volda – Godøy 8-4
Brattvåg – Ørsta 7-3
Bronsefinale:
Godøy – Ørsta 9-6
Ørsta tok tidleg leiinga, men Godøy kom sterkt tilbake og tok si andre bronse på rad. Vi gratulerer!
Finale:
Brattvåg – Volda 4-3 s.d.
Reprise på fjorårets finale. Brattvåg leia 3-0 ved halvspelt etter mål av Kristian Grønmyr og Martin Sundnes (2). Volda ga likevel ikkje opp og brukte berre dryge fem minutt på å hente opp leiinga. 3-3 stod seg til ordinær tid var ute. I sudden death var Brattvåg best og Martin Sundnes avgjorde kampen med si tredje scoring. Vi gratulerer!
Kvar var publikum? Volda argumenterte for at det ville bli folketomt i Voldahallen dersom dei ikkje fekk delta i sluttspelet. Ifølgje Brattvåg-leiren kunne ein telje antal publikummarar i finalen på fire hender…