Norborg – Vigra 2-1 (1-1)
Vinterserie, Herd KGB, 05.02.06
11 sjansar 7
6 hjørnespark 6
1-0 Lennart Holmem (8)
1-1 Kristian Leon Roald (42)
2-1 Ståle Hurlen (66)
Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad (Asgeir Kalvø, 46), Jan Even Drønnesund, Kim Idar Krogsethagen, Vebjørn Grytten – Andre Larsen (Eirik York, 46), Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Adrian Håbet (Kristian Furnes, 77) – Geir Ove Grønli (Ståle Hurlen, 46), Lennart Holmem
Norborg vann fortent 2-1 over Vigra i første runde i vinterserien. Norborg tok leiinga ved Lennart Holmem tidleg i kampen, men det var Vigra som styrte store delar av 1. omgang og fekk ei fortent utlikning like før pause. I 2. omgang kom tempoforskjellen til syne og Norborg var klart best og vann fortent etter mål av Ståle Hurlen.
Norborg mangla 3 av 4 av forsvararane som spelte 2. omgangen mot MSIL for litt over ei veke sidan. Vebjørn Grytten har trent godt i vinter og fekk dermed sin første Norborg-kamp frå start sidan 19. juni 2002, medan Jan Even Drønnesund fekk igjen favorittposisjonen sin som midtstopper for første gong sidan hausten 2000. Begge kom ut av det med æra i behald.
Adri+Lenny=mål
Etter jamne opningsminutt scora Norborg på sin første sjanse i kampen då Adrian Håbet fører opp og sentrer til Lennart Holmem som lurer av eit par Vigra-forsvarar å sette ballen sikkert i mål aleine med keeper. Flott mål av den talentfulle brattvågeren.
Vigra styrer, Norborg kontrer
Etter målet starta Vigra å ta meir over spelet og kjem seg til eit par gode sjansar, men utan resultat. Norborg på si side er farlege på kontringar og ved halvspelt omgang fekk Lennart ein stor sjanse til å doble leiinga då han vart spelt gjennom og var aleine med keeper, men avslutninga gjekk til side for mål. Like etter er nok ein gong Adrian og Lennart i hovudrollene bak eit godt angrep. Adrian fører opp frå midtbana, sentrer ut til Lennart på høgrekanten, som legg flatt inn til Kristian Søviknes framføre mål. Men avslutninga frå ti meter går utafor.
Sur, men fortent utlikning
Like før pause etablerar Vigra eit trykk på Norborg, og tre minutt før pause scorar Kristian Leon Roald på corner. Ein corner som både keeper og forsvar burde ha klarert. Heilt på tampen av omgangen er Vigra nære ved å ta leiinga, men avslutninga frå 16 meter går like utafor stolpen.
Jamspelt omgang der Norborg først og fremst viste bra kontringsspel, men lot Vigra få lov til å styre midtbana vel mykje.
Kraftig Norborg-press
Første halvdel av 2. omgang er stort sett spel mot eitt mål. Norborg tok tak i kampen og kom seg til fleire gode sjansar. Spesielt Lennart Holmem var aktiv og god, og hadde tre store sjansar til å gi Norborg leiinga, men den halvskadde spissen fann diverre ikkje nettmaskene i denne omgangen.
Ståle avgjer
Etter 66 minutt blir Ståle Hurlen spelt igjennom av Lennart, og den rutinerte storscoraren sette ballen sikkert i mål bak Vigra sin keeper til 2-1. Etter leiarmålet slappar Norborg av, og let Vigra få kome på visitt framføre keeper Kurt Erik Grytten. Dette resulterer i to store sjansar. Først på ei heading etter eit godt innlegg frå høgre, så spring eine spisen igjennom etter eit mislykka forsøk på å sette han i offside. Avslutninga aleine med Kurt Erik gjekk utafor stolpane. I sluttminutta har Norborg kontroll og er nær ved å auke leiinga då Kim Idar Krogsethagen ruvar høgast på ein corner, men heading blir redda på strek.
Fortente poeng
Norborg fekk altså med seg tre fortente poeng heim, men mykje må rettast på. Spesielt markeringsspel og press på ballførar. Her er det mykje sløvt og mot betre motstandarar blir ein straffa for dette. Det blir også litt mykje dill dall før ballen blir slått inn i 16 meteren, men bevares. Norborg viste også mykje fint i dag og med litt betre presisjon i avslutningsfasen hadde sigeren blitt lagt større.
Dommar Steinar Hjelle kom bra frå det, og som sportsleg leiar i Sunnylven vart han nok ikkje skremt over det han såg av oransjetrøyene…
-Alltid kjekt å vinne fotballkampar, men stort kollektivt forbetringspotensiale, sa assistenttrenar Roger Grytten etter kampen.
Kristian Søviknes hadde følgjande kommentar: – Vigra er alltid eit vanskelig lag å spele mot. Det blir mykje kriging, og det konstruktive spelet fell i tider bort til fordel for kriginga. Viktig å vinne og viktig å skape sjansar, så i ein kamp på halv maskin så skal oss seie oss fornøgd med siger, og ta med oss det positive vidare!
Neste oppgåve for Norborg er vinterseriekampen mot Måndalen 19. februar kl. 16.