Norborg – Valder 2-1 (0-0)
Treningskamp, 04.03.06, Color Line Stadion
9 sjansar 6
12 hjørnespark 4
0-1 Bjarte Tomren (63)
1-1 Lennart Holmem (73)
2-1 Lennart Holmem (90)
Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen (Roger Grytten, 84), Stein Erik Reitan – Andre Larsen, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Eivind Fjørtoft, 61) – Martinus Grytten (Kjell-Terje Brusdal, 74), Lennart Holmem
Lennart Holmem vart den store helten i Norborg-leiren då han med to mål snudde til 2-1 siger for oransjetrøyene i ein kamp der laga hadde kvar sin omgang.
Sist helg stilte Norborg med sitt eldste lag på mange år, ei veke seinare var det heile snudd, og halve troppen var under 20 år.
Bortsett frå eit par skotforsøk frå Valder de første 10 minutta, var det Norborg som styrte 1. omgang på Color Line Stadion. Spesielt dei siste 20 minutta av omgangen var Norborg gode, og skapte flere gode sjansar. Men trass mange hjørnespark, indirekte frispark frå 8 meter og gode mogelegheiter for Tarjei Urkedal, Lennart Holmem og Andre Larsen gjekk ein mållaus til pause.
Etter kvilen sleit Norborg kraftig med å finne posisjonane og eit aggressivt og velorganisert Valder-lag skapte mest dei første 25 minutta. Etter 63 minutt tok også øy-laget leiinga då Bjarte Tomren heada inn ein corner. Like etter var Norborg nær utlikning då Eivind Fjørtoft stilte inn skotfoten å sette ballen på innsida av stolpen, men trass fleire forsøk på returane greidde Valder å få klarert til slutt.
Valder var svært nær å doble leiinga i det 68. minutt, men tverrliggjar stod i vegen for skotet. Etter dette greidde Norborg å heve seg litt, og i det 73. minutt sette Lennart Holmem inn utlikninga etter at Valder ikkje greidde å klarere eit hjørnespark. Og at Lennart blir ein viktig spelar for Norborg denne sesongen viste han om lag tjue minutt seinare då han med innsida plasserte eit frispark på yttersida av muren og heilt inne ved stolpen til 2-1. Dermed kunne Norborg juble for sin 5. siger på rad denne vinteren. Sjølv om det var ein del rusk i maskina i denne kampen.