Norborg – Stranda 3-2

Norborg – Stranda 3-2 (0-2)
Uggedal stadion, 08.10.06

6 sjansar 5
3 hjørnespark 3

0-1 Kato Vangen (16)
0-2 Kim Vangen (36)
1-2 Steffen Grytten (67)
2-2 Ståle Hurlen (85)
3-2 Ståle Hurlen (90)

Tilskodarar: 220

Dommar: Even Myrheim (Herd)
Ass. dommarar: Tor Bjermeland (Herd) og Øystein Ytterland (Valder)

Laget: Trond Elstad – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal , Kristoffer Søviknes (Stein Erik Reitan, 46) – Asgeir Kalvø, Erlend York (Kristian Søviknes , 3), Eivind Fjørtoft (Steffen Grytten, 38), Stein Erik Reitan (Lennart Holmem, 38) (Geir Ove Grønli, 60) (Christian Søvik, 65) – Ståle Hurlen, Tarjei Urkedal

Norborg brukte ein omgang på å få igong maskineriet i årets siste seriekamp. Før pause hadde Stranda eit lite overtak og leia 2-0 etter mål av Kato og Kim Vangen. Etter pausen styrte vertane det meste, og snudde til ein sterk 3-2 siger mot Ronny Ødegård sine opprykksjagande menn.

Norborg satsa ungt i denne kampen, og stilte frå start av med reint juniorforsvar og tre juniorar på midtbana. Men ungt pågangsmot til tross, det var Stranda som var det førande laget frå start. Men trass mange personlege feil hos heimelaget, så kom ikkje gjestane seg til dei store sjansane.

Vangen utnyttar feil
Etter eit drygt kvarteret vart ein så straffa. Norborg gjer ei rekke personlege feil slik at Kato Vangen får kome aleine med keeper Trond Elstad. Vangen gjer ingen feil og sette ballen presist i mål. 1-0 til Stranda, som er på veg til 3. divisjon.

Hos heimelaget var ein småsjuk Tarjei Urkedal det fremste angrepsvåpenet før pause, og på ein fem minuttsperiode midt i omgangen fekk han to gode sjansar. Først på eit skot frå 18 meter som barberte stolpen, så driblar han av eit par mann og avslutta rett på keeper Thomas Hove.

Stranda aukar leiinga
I staden for utlikning er det Stranda som doblar leiinga etter ein corner. Etter mykje om og men er det Kim Vangen som til slutt får ballen i nota til store protestar frå Norborg. Keeper Elstad fekk seg ein tydeleg dytt i ryggen då han gjekk ut for å fange ballen, men diverre fekk ikkje dommarane med seg dette. Dermed 2-0, noko som stod seg til pause.

Norborg styrer kampen
Etter kvila er det Norborg som er mest på hogget, og pressar Stranda tilbake på bana. Kvalitetet på den avgjerande pasninga er derimot for dårleg, og dei store sjansane uteblir. Omgangens første sjanse er det Stranda som kjem seg til, men Kato Vangen sitt skot frå 14 meter går utafor.

Tenner håpet
Sjølv om Stranda hadde sporadiske forsøk, så er Norborg det beste laget i denne omgangen, og ved halvspelt omgang kjem ei fortent redusering ved Steffen Grytten då han stussa eit perfekt slått frispark frå Knut Ivar Bjørlykhaug i nota. Norborg sitt håp om poeng er tent.

Heimelaget snur kampen
Ståle Hurlen har gitt uttrykk for at han ønsker å legge opp etter denne hausten, og i løpet av dei siste fem minutta fekk han iallfall ei verdig avslutning på denne sesongen med to typiske Ståle mål. Utlikninga kjem etter flotte kombinasjonar på høgresida av Asgeir Kalvø og Stein Erik Reitan. Reitan sitt innlegg ser håplaust ut, men duppar ned mot lengste kryss der keeper Hove så vidt får slått ballen ut på bana. Ballen havnar til Tarjei Urkedal som legg inn til ein svært så aleine Ståle. Han tek seg god tid, dempar ballen og sette den i nota. Når klokka viser 90 minutt slår Knut Ivar igjennom til Asgeir på høgrekanten. Han får til eit bra innlegg til Ståle som sklir ballen i mål frå kloss hald. Dermed har Norborg snudd kampen på kort tid, og Ståle har blitt klubben sin toppscorar for andre år på rad. Vonleg er han på plass neste april når 2007 sesongen sparkast igong.

På overtid får Stranda ein stor sjanse til å utlikne då Tonny Åsen kjem aleine med keeper, men som så ofte før denne hausten er det Trond som vinn duellen og Norborg beheld alle poenga.

Sterk 2. omgang av Norborg der ein får igang midtbane og kantspel. Overgang på overgang kom, og med litt betre presisjon på innlegga kunne det ha blitt fleire sjansar og mål. Likevel, dei nødvendige måla kom og Norborg har levert ein glimrande haust med fem strake sigrar.

Steffen Grytten får bestemannsprisen i denne kampen. Han kjem inn på midtbana like før pause og tek saman med Kristian Søviknes tak i kampen med enorm innsats og løpskapasitet. På topp jobba Ståle Hurlen godt og avgjer kampen med to seine mål. I eit juniorforsvar som vart betre og betre var Kjell Terje Brusdal sjefen med stor fart og godt duellspel.

Dette var sesongens siste kamp. Norborg har levert ein skuffande vår og ein strålande haust. Vi håper samtlege spelarar blir med vidare neste sesong, for her er så mykje kvalitet at ein plass heilt i toppen bør vere oppnåeleg.

Kampens forløp

15 min: Stranda styrer men Norborg får rydda opp og sjansane uteblir
16 min: Kato Vangen scorer sikkert etter lite klokt forsvarsspel av Norborg
19 min: Tarjei Urkedal farleg frampå med eit godt skot like utafor 16 meteren
24 min: Tarjei dribler eit par mann men avslutninga er for svak

33 min: Tonny Åsen får ballen på 25 meter, men nøler for lenge og blir tackla av Kjell Terje Brusdal
36 min: Kim Vangen scora etter corner. Klart frispark til keeper Trond Elstad forut scoringa
60 min: Mange gode angrep av Norborg det første kvarteret som blir øydelagt av dårlege innlegg
63 min: Kato Vangen med stor sjanse. Avslutta utanfor frå 14 meter
67 min: Steffen Grytten stussar ballen i mål etter godt slått frispark frå Knut Ivar Bjørlykhaug
70 min: Steffen Grytten header utanfor frå god posisjon

80 min: Kato Vangen med farleg sjanse. Avslutta like utafor frå kloss hald
85 min: Ståle Hurlen sette eit innlegg frå Tarjei Urkedal i nota
90 min: Ståle Hurlen gir Norborg leiinga då han sklir inn eit innlegg frå Asgeir Kalvø

92 min: Tonny Åsen kjem seg fri, men greier ikkje å overliste keeper Trond Elstad