Norborg – Skarbøvik 2. lag 2-0 (1-0)
Uggedal stadion, 21.06.06
8 sjansar 8
5 hjørnespark 0
Tilskodarar: 56
1-0 Adrian Håbet (40)
2-0 Ståle Hurlen (63)
Dommar: Svein Ivar Aarskog (Vartdal)
Ass. dommarar: Frode Ramsvik (Spjelkavik) og Mathias Smehus Kringstad (Valder)
Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Asgeir Kalvø, 71) (Kristian Søviknes, 90), Eirik York , Stein Erik Mårstøl (Roger Grytten, 83) (Stein Erik Mårstøl, 88), Tarjei Urkedal – Ståle Hurlen, Asgeir Kalvø (Adrian Håbet, 31)
Norborg tok tre viktige poeng i heimekampen mot Skarbøvik2 onsdag kveld. Vertane leia fortent til pause etter mål av Adrian Håbet. Etter kvila hadde SIF2 fleire sjansar, men det var berre Norborg sin Ståle Hurlen som fann vegen til nettmaskene.
– Fortent heimesiger sjølv om vi hadde våre sjansar. Vi stille med årets sterkaste mannskap, men fleire av spelarane yte ikkje sitt beste, sa ein skuffa SIF2-trenar Thor Klokk etter kampen. Norborg-trenar Jan Egil Alstadsæter var sjølvsagt langt meir nøgd; – Vi tek tre poeng i ein skikkeleg slitekamp. Vi sleit med å kome i gong dei første minutta av kvar omgang, men spelte til tider god fotball og vinn alt i alt fortent.
Gjestane best i gong
Gjestane frå Skarbøvika mønstra eit godt mannskap og tok umiddelbart initiativet på Uggedal stadion utan at det resulterte i farlege sjansar. Etter kvart sprang SIF2 frå seg og Norborg starta å skape meir framover. Spesielt Asgeir Kalvø var mykje involvert i det offensive spelet, men verken hans eller Steffen Grytten sine forsøk gav mål.
Heldig innbytte
Etter tafatt spel i ei periode entra talentet Adrian Håbet bana for Norborg og sette igjen fart på angrepet. Fem minutt før pause blir han flott spelt igjennom av Stein Erik Mårstøl, og aleine med keeper gjer han ingen feil og sette ballen stolpe inn til 1-0.
Etter kvilen går SIF2 hardt ut og kjem seg til tre skot i farleg posisjon. Nærmast er Kai O. Hafsås med sitt stolpeskot tre minutt ut i omgangen. Elles var Krister Flytøren den mest skotvillege hos sebratrøyene.
Auka leiinga
Etter ti minutt med klart SIF2 overtak får Norborg ein dobbeltsjanse etter eit flott angrep på høgresida ved Tarjei Urkedal. Han legg godt inn til Kristian Søviknes som dunkar til på heil volley, men keeper Endre Olsbø tek fram sitt beste og reddar flott. Returen går til Ståle Hurlen på 5 meteren, men for ope mål sette Ståle ballen utafor til stor fortviling. Dette var starten på ei god periode for heimelaget, og 18 minutt ut i omgangen doblar ein leiinga etter at Adrian kjempa til seg ballen på 5 meteren og gir til Ståle, som enkelt puttar ballen i opent mål.
Adrian gjorde eit positivt innhopp og var særs nær å score sitt andre mål då han på eiga hand opna SIF2 forsvaret og fann seg sjølv aleine med keeper, men denne gong var det Endre Olsbø som gjekk sigrande ut av duellen med ein beinparade.
Store SIF sjansar
I dei siste tjue minutta tok SIF2 over og kom seg til nokre farlege sjansar. Både Øyvind Pickard, Erik Fugelsø og Stefan Lommedal var farleg frampå før den gode dommaren Svein Ivar Aarskog peika på straffemerket ti minutt før slutt. Men heller ikkje eksekutør Endre Pickard greidde å overliste banens beste Kurt Erik Grytten. Dermed enda kampen med 2-0 til Norborg.
Best hjå heimelaget i denne kampen var keeper Kurt Erik Grytten. Han hadde lite å gjere før pausen, men stod fram då det gjaldt som mest og redda ei særs viktig straffe. Knut Ivar Bjørlykhaug var stødig i forsvar, medan Stein Erik Mårstøl spelte med kløkt på midtbana. Flott innsats av Ståle Hurlen og Adrian Håbet på topp også.
Neste kamp for Norborg er borte mot Stranda torsdag 29. juni kl. 19.