Norborg – Godøy 3-5

Norborg – Godøy 3-5 (2-3)
Treningskamp, Uggedal stadion, 17.04.06

6 sjansar 12
3 hjørnespark 5

0-1 Trond Brynestad (3)
1-1 Eirik York (4)
2-1 Ståle Hurlen (9)
2-2 Trond Brynestad (15)
2-3 Eldar Godø (29)
2-4 Kristian Alnes (49)
2-5 Eldar Godø (65)
3-5 Martinus Grytten (82)

Tilskodarar: 54

Dommar: Arild Vegsund (Norborg)
Ass. dommarar: Nils Arve Engeseth (Norborg) og Espen Wold (Brattvåg)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad (Kristian Furnes, 56), Knut Ivar Bjørlykhaug (Kim Idar Krogsethagen, 65), Kim Idar Krogsethagen (Kjell Terje Brusdal, 62), Stein Erik Reitan (Lennart Holmem, 78) – Andre Larsen (Asgeir Kalvø, 46), Kristian Søviknes, Eirik York (Eivind Fjørtoft, 24) (Martinus Grytten, 65), Tarjei Urkedal (Kristoffer Søviknes, 46) – Lennart Holmem (Jan Even Drønnesund, 46), Ståle Hurlen (Geir Ove Grønli, 46)

Godøy viste seg som det beste laget i generalprøven på Uggedal stadion 2. påskedag. Raudtrøyene var klart friskare i beina og spelte til tider ball i hatt med eit sløvt heimelag, som verkeleg må skjerpe seg om det ikkje skal bli klart tap mot Brattvåg i seriepremieren.

Generalprøven mellom Norborg og Godøy var jamn det første og det siste kvarteret, mellom der dominerte kvikke og spelesugne godøyingar mot treige og lite konsentrerte norborgarar. Underhalding fekk derimot dei ca. 50 heimesupportarane som hadde møtt opp. Allereie før kvarteret var spelt hadde laga fått to mål kvar. Godøy tok leiinga ved Trond Brynestad då han var først frampå etter ein retur frå Kurt Erik Grytten.

Snur kampen
Norborg kom seg likevel raskt til hektene og viste flott angrepsspel då Tarjei Urkedal kom seg rundt på høgrekanten og la flott inn til søskenbarnet Eirik York, som heada sikkert i mål frå 10 meter. Norborg var på hogget i denne perioden og etter knappe ti minutt heada Ståle Hurlen inn leiarmålet frå kloss hald etter ei svak klarering av Godøy-forsvaret på eit Tarjei innlegg. Norborg fortsatte å styre spelet og var nær 3-1 då Knut Ivar Bjørlykhaug måtte sjå si heading bli redda på streken etter ein godt slått corner av Kristian Søviknes. Etter dette fekk vi sjå ein kollektiv kollaps av heimelaget, og Godøy tok fullstendig over.

Godøy tek over
Kvarteret var gått då ein godøy-spelar snappar eit svakt framspel og spelar ein stikkar i bakrommet til Trond Brynestad som scorar sikkert aleine med Kurt Erik. Femten minutt seinare tok Godøy føringa i kampen då Eldar Godø scora frå 16 meteren med fire Norborg-spelarar rundt seg. Godøy fortsette å styre kampen resten av omgangen, men trass brukbare sjansar står 2-3 seg til pause.

Bortelaget klart best
Etter kvilen fortsette kvikke og gode Godøy-spelarar å rundspele heimelaget. Fem minutt ut i omgangen aukar Kristian Alnes leiinga til 4-2 då Norborg sitt forsvar rotar det til for seg midt på eigen banehalvdel, og Alnes kan score lett aleine med Kurt Erik. Eit kvarter seinare blir det 5-2 på corner då Eldar Godø scorer sitt 2. mål for dagen.

Etter dette greier Norborg å kome seg litt meir med i kampen, og i sluttminutta reduserer talentfulle Martinus Grytten til 3-5 på ei velplassert avslutning frå kanten av 16 meteren. Heilt på tampen av kampen var Lennart Holmem nær mål på ein lobb, men ballen gjekk over både keeper og mål. Dermed 3-5 siger til Godøy.

Godøy ser ut til å vere i rute før serieopninga si mot Stranda på torsdag. Laget spelar samme type fotball som i fjor noko som betyr overbefolkning av midtbana og kvikke spelarar som finn romma mellom motstandaren sine ledd.

Norborg har meir å jobbe med før si seriepremiere mot Brattvåg på fredag. Spesielt defensiv organsiering må repiterast på onsdagens trening. Elles reknar vi med at kvile av slitne hovud og bein etter treningsleiren i Danmark vil gjere godt. Det var iallfall positivt å sjå laget score tre mål på ein heller svak dag.