Norborg – Ellingsøy 5-1

Norborg – Ellingsøy 5-1 (1-0)
Uggedal grus, 30.03.06

15 sjansar 7
3 hjørnespark 4

1-0 Lennart Holmem (43)
2-0 Ståle Hurlen (48)
3-0 Ståle Hurlen (65)
3-1 Terje Eldevik (67)
4-1 Asgeir Kalvø (79)
5-1 Christian Søvik (83)

Dommar:
Fredrik Løken (Brattvåg)

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Jan Even Drønnesund, Kim Idar Krogsethagen, Kjell-Terje Brusdal (Kristian Furnes, 60) – Andre Larsen (Geir Ove Grønli, 60), Kristian Søviknes (Roger Grytten, 76), Tarjei Urkedal, Adrian Håbet (Asgeir Kalvø, 30) – Ståle Hurlen, Lennart Holmem.

Det starta dårleg for Norborg, og berre ein opplagt Kurt Erik Grytten hindra at Ellingsøy ikkje leia. Etter kvilen kom likevel divisjonsforskjellen til syne og det vart til slutt ein komfortabel 5-1 siger til oransjetrøyene.

Det var Ellingsøy som skapte dei fleste sjansane på ei fin grusbane i Uggedalen torsdag kveld. Eit tafatt Norborg-lag var stadig på hælane mot hardtkjempande og kontringsvillege ellingsøyarar, og berre ein svært opplagt Kurt Erik Grytten hindra baklengsmål dei første 35. minutta. Til og med då Ellingsøy fekk eit korrekt idømt straffespark viste Grytten si klasse og redda skotet nede ved stolpen.

Heldig Norborg-leiing
Sjølv om Ellingsøy skapte dei fleste sjansane, hadde heimelaget ballen mest og var også nær leiinga då Kim Idar Krogsethagen heada i stolpen. Like før pause tok så oransjetrøyene ufortent leiinga 1-0 då Lennart Holmem putta ballen sikkert i mål etter ein retur frå keeper.

Skrudde opp innsats og tempo
Om det var vanskeleg å sjå kva for eit laga som høyte heime i den øvste divisjonen før pause, så kom divisjonsforskjellen til syne i 2. omgang. Norborg skrudde opp tempoet og dobla leiinga si allereie etter tre minutt då Ståle Hurlen sprang igjennom Ellingsøy-forsvaret å scora med eit velplassert skot ved lengste stolpe. Norborg fortsette å skape sjansar og etter 65 minutt blir det 3-0 når Ståle elegant lobbar over keeper frå 16 meter.

Sjølv om Ellingsøy brente mange sjansar før pause, scora dei på ein sjeldan visitt framfor Norborg-målet etter kvila. Målet kom etter ved Terje Eldevik. Han scora frå kloss hald etter at eit frispark vart slått opp på 5 meteren og fleire Norborg-spelarar stod å sov.

Mange sjansar
Målet ga likevel ikkje Ellingsøy blod på tann. Istaden gjekk laget nærmast i oppløysing og Norborg skapte fleire gedigne sjansar. Ti minutt før slutt fekk så Asgeir Kalvø æra av å sette inn 4-1 då han vart spelt igjennom av Tarjei Urkedal. Nokre minutt seinare er det Christian Søvik som sender ballen i fin boge over keeper og i mål frå 40 meter. Heilt på slutten av omgangen var gultrøyene nær redusering med ei avslutning i stolpen.

God 2. omgang av Norborg då ein fekk opp tempo på ball og rørsle. Ein fann då romma mellom Ellingsøy sine lagdelar og skapte mange sjansar. Men dersom ein går på bana med samme innstilling som til 1. omgang blir det få poeng på Norborg i år. Då var Ellingsøy best og kom ofte i overtal mot Norborg sitt forsvar.

Norborg sin neste oppsatte kamp er mot Sørumsand i Danmark. Dersom Stordal er interessert i å spele ein utsatt kampen, kan det imidlertid bli ein kamp til før ein stikk på treningsleir.