Norborg – Brattvåg 2-3

Norborg – Brattvåg 2-3 (1-2)
Uggedal stadion, 07.07.06

5 sjansar 7
7 hjørnespark 5

0-1 Kristoffer Grønmyr (5)
0-2 Arnel Colic (16)
1-2 Ståle Hurlen (39)
1-3 Kristian Grønmyr (63)
2-3 Lennart Holmem (87)

Tilskodarar: 310 betalande

Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Ass. dommarar: Odd-Even Svindseth (FK Sykkylven) og Morten A. Stokke (Valder)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad , Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Adrian Håbet (Knut Ivar Bjørlykhaug, 73), Kristian Søviknes (Edward Laverton, 73), Stein Erik Mårstøl (Eirik York, 46), Tarjei Urkedal – Ståle Hurlen, Lennart Holmem

Brattvåg viste seg nok ein gong betre enn Norborg og tok med seg tre poeng frå Uggedal stadion. Gjestane var klart best det første kvarteret og leia fortent 2-0 over eit tafatt heimelag, men Norborg heva seg utover i kampen og skapte spenning på slutten.

Alt låg til rette for ein flott kamp i Uggedalen denne fredagskvelden. Mykje folk, flott spelever og ei bane som blir betre og betre dag for dag. Dette såg ut til å inspirere gjestane frå Brattvåg mest, for i starten var det klasseforskjell på laga.

Brattvåg best i gong
Ifjor haust senka Arnel Colic Norborg nærmast på eiga hand med fire mål, og Colic ser ut til å trivast i Uggedalen, for allereie i det andre minutt viste han seg fram for første gong i kampen med eit skot like utafor frå 16 meteren. Varselskotet frå Colic såg ikkje ut til å vekke eit tafatt heimelag.

Brattvåg spelte ball i hatt med oransjetrøyene, og fem minutt ut i kampen stanga AaFK-aktuelle Kristoffer Grønmyr inn 1-0 etter innlegg frå venstre. Brattvåg fortsette å spele god fotball, og to minutt etter er Azem Maksumic nær ved å auke leiinga då han får stå heilt fritt på kanten av 5-meteren, men i staden for at skotet hans traff mål gjekk det over til Arnel Colic på motsett 5-meter. Han fekk imidlertid forsøket sitt redda på streken av Steffen Grytten.

Colic + Uggedal stadion = mål

Knappe 10 minutt seinare skulle likevel Colic kome på scoringslista då han like utafor 16 meteren mottar ballen med ryggen mot mål, snur seg og klinkar ballen stolpe inn. Eit flott mål av Norborg-dødaren Colic.

Norborg med nytt håp
Etterkvart starta Norborg å få låne ballen meir, utan å skape noko spesielt framfor Espen Wold sitt mål. Nærmast var Adrian Håbet på eit skot frå 20 meter som traff hjulet på utsida av stolpen. Ti minutt før pause var Brattvåg nær 3-0 på eit flott kontring som vart avslutta av ei heading over frå Frank Dalhaug.
Dryge fem minutt før pause får endeleg Norborg til eit godt angrep der ballen til slutt Ståle Hurlen ekspiderer i mål frå ti meter etter flott forarbeid av Kristian Søviknes.

Fortent leiing til Brattvåg då laga gjekk til pause. Gultrøyene imponerte spesielt dei første tjueminutta då vi fekk sjå mange flotte kombinasjonar og høgt tempo. Norborg kunne vere glad det berre stod 1-2 til pause.

Nær utlikning
Etter kvila er det Norborg som tek tak i kampen og kjem seg til to sjansar dei første ti minutta. Først stussar Ståle Hurlen like over etter eit innlegg frå Stein Erik Alvestad. Nokre minutt seinare legg Stein Erik Reitan flott inn til Lennart Holmem, men headinga hans frå 7 meter går rett på keeper Espen Wold.

Men istaden for utlikning er det Brattvåg som aukar leiinga ved Kristian Grønmyr då han sette ballen sikkert i mål etter gjennomspel av Arnel Colic. Angrepet vart for øvreg starta av ei fatal feilpasning av Norborg på eigen banehalvdel. Noko vi fekk sjå altfor ofte i denne kampen.

Millimetere unna
Norborg fekk lite til å stemme dei neste minutta, men knappe kvarteret før slutt er vertane svært nær redusering då Kim Idar Krogsethagen skyt på innsida av stolpen frå 35 meter. Men heimelaget hadde ikkje marginane på si side i denne situasjonen. Tre minutt før slutt fekk vi likevel spenning i kampen då Lennart Holmem reduserar til 2-3 på eit utsøkt skot frå 23 meter. I sluttminutta spelte Norborg seg til fleire dødballar, men servane vart for svake og Brattvåg-forsvaret hadde få problem med å klarere. Dermed vart det nok ein gong eitt-målssiger til Brattvåg.

Lite fint spel
Totalt sett var dette ein jamn kamp som raskt kunne ha endt med poengdeling sjølv om Brattvåg var klart best dei første 20 minutta. Spelemessig var det ingen god kamp med mange feilpasningar og mykje kjemping. Av enkeltspelarar var Henning Koppen eit must defensivt for gjestane, medan Kristian Grønmyr var god offensivt. Hos heimelaget var det få som hadde ein god dag, men Adrian Håbet var positiv når han først fekk ballen i beina, samt at han hadde viktige inngripener defensivt. Lennart Holmem var også positiv når han fekk ballen i beina og var drivkrafta då Norborg jaga utlikning. Kristian Søviknes var også tidvis god. Elles var det mykje panisk og stressa spel av Norborg denne kvelden. – Vi er klar over Norborg sine styrker og greidde å stoppe dette, sa ein nøgd Espen Wold etter kampen. – Det var vanskeleg å finne rom å bli spelbar i. Brattvåg var flink til å låse av mellomrommet på begge sider av midtbana så vi fekk ikkje frispele oss rettvendt, sa Kristian Søviknes.

Laga tek no sommarferie dei neste vekene. Norborg har avtalt treningskamp mot MSIL måndag 31. juli, mens serien startar igjen med bortekamp mot ÅVK laurdag 5.august. Brattvåg tek imot Stranda dagen etter.