Norborg – ÅVK 4-1

Norborg – Åram/Van.kam. 4-1 (2-1)
Uggedal stadion, 29.04.06

11 sjansar 6
5 hjørnespark 8
2 1

0-1 Ole Andre Kragset (4)
1-1 Sjølvmål (22)
2-1 Ståle Hurlen (31)
3-1 Kristian Holmeset Søviknes (47)
4-1 Tarjei Gjerset Urkedal (90)

Tilskodarar: 180

Dommar: Steinar Hjelle (Sunnylven)
Ass. dommar: Mathias Smehus Kringstad (Valder) og Kristian Melseth (Sykkylven)

Norborg sine tre beste:
Kim Idar Krogsethagen
Lennart Holmem
Stein Erik Alvestad

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 75), Kim Idar Krogsethagen (Kristian Søviknes, 84), Eirik Urkedal York, Asgeir Kalvø (Adrian Håbet, 30) – Ståle Hurlen (Tarjei Gjerset Urkedal, 86), Lennart Holmem (Kristoffer Søviknes, 63)

Norborg fekk eit skikkeleg løft i dag då det vart 4-1 siger over ÅVK. Grunnlaget for sigeren vart lagt med ein flott siste halvtime av 1. omgang då ein snudde 0-1 til 2-1. Etter kvila auka ein raskt leiinga, men fall deretter litt nedpå og ÅVK fekk styre store delar av omgangen. Likevel var det Norborg som la på til 4-1, og tok dermed ein komfortabel siger.

Det var lenge tvil om kven som skulle spele for Norborg i dag. Både Lennart Holmem og Kristian Søviknes måtte ha “late fitness-test”, medan Tarjei Urkedal var småsjuk og kunne ikkje spele frå start.

ÅVK med tidleg leiing
Kampane mellom Norborg og ÅVK har alltid vore jamne og tøffe, og sjølv om Norborg i denne kampen vann heile 4-1, så var det ikkje før i sluttminutta Norborg kunne puste letta ut for poenga. For ÅVK er eit godt lag, og tok også leiinga i det fjerde minutt då Ole Andre Kragset snappa ballen framfor Norborg sine midtstopparar like utafor 16 meteren og sette ballen i ei fin boge over Kurt Erik Grytten og i mål.

Etter målet tok Norborg over banespelet, men sleit med å skape sjansar det første kvarteret. Alt for ofte vart ballen slått opp mot ÅVK sine dyktige midtstopparar som hadde få problem med å avklare. Oransjetrøyene forstod då at skulle ein ta ÅVK, måtte ein spele langs bakken. Norborg skapte då to sjansar på eitt minutt. Først vart Lennart Holmem spelt igjennom, men keeper Storgjerde redda flott. Så bygde ein opp eit angrep på høgresida som enda med at Eirik York heada eit Stein Erik Reitan innlegg like utafor.

Norborg slår tilbake
Norborg var inne i ei god periode, og ved halvspelt omgang kjem endeleg utlikninga då Steinar Lade sette ballen i eige mål etter eit knallhard skot/innlegg frå Lennart. Særs godt forarbeid av Lennart her, som forserte fleire forsvarar ute på høgresida.

Norborg fortsette å styre kampen, og etter dryge halvtimen sette Ståle Hurlen inn ein retur etter eit godt skot frå 30 meter av Stein Erik Alvestad. Unge lovande Alvestad gjorde for øvreg nok ein god kamp på venstrebacken. Norborg produserte fleire gode sjansar i slutten av omgangen, men hverken Lennart, Kristian Søviknes og Kim Idar Krogsethagen sine avslutningar fann vegen til nettmaskene. ÅVK hadde også ein stor sjanse til å utlikne på ein av sine mange dødballar, men Knut Ivar Bjørlykhaug fekk klarert.

Omgangen kan kort oppsummerast med at Norborg styrer det meste og skapar gode sjansar, medan ÅVK er farlege på dødballar.

Knallstart etter pausen
2. omgang startar på best tenkeleg måte for oransjetrøyene då Kristian Søviknes står umarkert på bakre og sette inn 3-1. ÅVK ga likevel ikkje opp, og hadde ein 20 minuttsperiode med bra trykk på heimelaget. Norborg sleit i denne perioden med å få til skikkelege klareringar og ÅVK plukka opp ballane på 20-30 meter. Dette resulterer i ei 2-3 gode sjansar for gjestane, men utan resultat. Nærmast var Ole Per Kragset og Sigve Støylen. Kragset var aleine gjennom med Kurt Erik, men frå litt skrått hald sneik ballen seg utafor bakre stolpe. Støylen bomma for blank goal etter eit godt slått frispark av Erlend Larsen.

60 meters raid
Dei siste ti minutta har Norborg god kontroll på kampen, og fekk fleire kontringar. I siste ordinære minutt fastsett Tarjei Gjerset Urkedal resultatet til 4-1 då han fører ball frå eigen banehalvdel og scorar aleine med keeper.

Bra gjennomført kamp av Norborg, ikkje minst når ein legg til grunn at fleire av spelarane var småskadd og sleit med sjukdom i kroppen. Skal vi trekke fram enkeltspelarar hos heimelaget må det bli Kim Idar Krogsethagen. Spesielt i 1. omgang opptrådte han som ein elegant playmaker som samla tråden på midten med godt pasningsspel, ro med ball og duellstyrke. Lennart Holmem var svært tvilsam til denne kampen, men heldigvis for Norborg haldt han ut i ein dryg time. I denne tida var han involvert i fleire av Norborg sine gode angrep og hadde fortent å kome på scoringslista sjølv.

Motstandar ÅVK verka betre enn i fjor, men fekk likevel med seg tre poeng mindre. Laget er fysisk sterkt og skapte store problem for heimelaget på dødballar. Spelarane verka imidlertid til å bli slitne i det siste kvarteret av kvar omgang.

Neste kamp er torsdag 4. mai på Hellesylt.