Larsnes/Gursken – Norborg 0-4

Larsnes/Gursken – Norborg 0-4 (0-2)
Vinterserien, Herd KGB, 11.03.06

4 sjansar 14
2 hjørnespark 4

0-1 Lennart Holmem (31)
0-2 Lennart Holmem (45)
0-3 Tarjei Gjerset Urkedal (90)
0-4 Tarjei Gjerset Urkedal (90)

Dommar: Johnny Dyb (Ellingsøy)

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen (Kjell-Terje Brusdal, 82), Kjell-Terje Brusdal (Kristian Furnes, 63) – Adrian Håbet (Kristian Søviknes, 85), Kristian Søviknes (Andre Larsen, 63), Eirik York, Tarjei Gjerset Urkedal – Lennart Holmem (Eivind Davik Fjørtoft, 73), Ståle Hurlen

Norborg vann til slutt komfortabelt 4-0 over divisjonskollega Larsnes/Gursken på Herd KGB laurdag.

Norborg sitt unge mannskap tok tak i kampen frå start av mot gultrøyene frå Sande, men bortsett frå eit par brukbare sjansar dei første ti minutta, sleit ein med å skape klare sjansar den første halvtimen. Men etter 31 minutt får Norborg frispark ute på venstresida. Kristian Søviknes slår inn, Knut Ivar Bjørlykhaug krigar godt å får pirka ballen til Lennart Holmem som putta ballen i mål frå kloss hald til fortent 1-0 leiing.

Etter målet kom Larsnes/Gursken meir med i kampen og får sin største sjanse i omgangen då dei kjem seg igjennom på venstresida, men Kurt Erik Grytten er flott ute å beinparera. Norborg sleit i dei neste minutta med både pasningsspel og plasseringsevne, men slutten av omgangen vakna oransjetrøyene igjen. Først spela Eirik York igjennom til Lennart, men avslutninga hans var for svak. – Dårlegaste chippen ej he sett, ropte Lennart. Men Lennart skulle raskt rette opp feilen då han minuttet etter sette ballen i mål på eit velplassert skot ifrå 18 meter. Heilt på tampen av omgangen var Ståle Hurlen nær ved å auke leiinga, men avslutninga frå skrott hald strauk stolpen.

Det er Larsnes/Gursken som startar 2. omgang best og skapar to store sjansar dei første ti minutta. Først får Bendik Torset ein stor sjanse frå 16 meter, men skotet hans går via Eirik York og like utafor. Like etter får Espen Kvamme stå heilt aleine innafor 16 meteren, men sleivar ballen utafor.

Etter dette tek Norborg kraftig over å skapar sjanse på sjanse dei neste minutta ved Lennart og Ståle, men trass gedigne sjansar ville ikkje ballen i mål. Sjølv på ope mål og tre meters hald går ballen over. Ti minutt før slutt er Larsnes/Gursken nær ved å skape spenning i kampen då Andreas Rekdal kjem aleine med keeper, men Kurt Erik nekta å sleppe inn mål i denne kampen og redda flott. På slutten fortsette Norborg overkjøringa og får til slutta pynta på resultatet med to mål av Tarjei Gjerset Urkedal. Først blir han spelt igjennom av Kristian Søviknes, passerer keeper og sette ballen i det tomme målet. På overtid er Ståle uselvisk å sentrer til Tarjei som skyt i mål frå 16 meter.

Ei grei gjennomkjøring frå Norborg si side der ein tek ein ganske lett siger over ein divisjonskollega. Likevel, presisjonen i både pasningsspel og avslutningar må opp. I tillegg må ein luke vekk tøvete feil som fører til kontringar for motstandar. Elles positivt å sjå at dei mange juniorane gjer ein god kamp.

Larsnes/Gursken rapporterast å ha ein del spelarar ute med sjukdom, og sa etter kampen at Norborg ville møte eit litt anna og betre lag neste gong. Norborg mangla også 7-8 a-lagsspelarar i denne kampen. Så gjenstår det å sjå om desse greier å spele seg inn igjen på laget.

Norborg skulle etter planen møte Stordal i morgon, men hverken Brattvåg KGB eller Uggedal grus er kampklar.