Godøy – Norborg 5-2

Godøy – Norborg 5-2 (3-1)
Godøybana gras, 31.08.06

12 sjansar 7
6 cornere 5

1-0 Trond Brynestad (7)
2-0 Erlend Holmen (16)
3-0 Erlend Holmen (28)
3-1 Asgeir Kalvø (30)
3-2 Lennart Holmem (78)
4-2 Erlend Holmen (87)
5-2 Erlend Holmen (90+4)

Dommar: Jan Erik Myklebust (Åmdal)
Ass. dommarar: Øystein Ytterland (Valder) og Odd-Even Svindseth (FK Sykkylven)

Laget: Bjørnar Engeset – Kristoffer Søviknes (Stein Erik Alvestad , 71), Roger Grytten, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan – Asgeir Kalvø (Vebjørn Grytten, 33), Eirik York, Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal – Kim Idar Krogsethagen (Lennart Holmem, 74), Lennart Holmem (Ståle Hurlen, 61)

Godøy ville mest og vann fortent over eit tafatt Norborg-lag i denne “6-poengskampen” på Godøybana. Heimelaget opna kampen sterkt og leia 3-0 før halvtimen var spelt. Norborg kom seg etterkvart til hektene og hadde håp om poeng då Lennart Holmem reduserte til 3-2, men nærmare enn eit annullert mål kom ikkje oransjetrøyene denne gong.

-God kamp frå oss. Ein av dei få kampane i år vi viser at vi VIL vinne. Og den første kampen mot Norborg vi vil meir frå starten av. I går kjempa alle spelarane for laget og vi viste at vi har eit godt lag når alle gir 100 prosent. Kjekt å endeleg vise heimepublikumet at vi kan spele fotball. No ser oss framover mot kampen mot Brattvåg, sa spelande Godøy-trenar Svein-Arve Alnes etter kampen.

– Eg skulle gjerne hatt re-match i morgon, sa Norborg-trenar Jan Egil Alstadsæter.

Tidleg bakpå
Norborg var ikkje til å kjenne igjen frå sist kamp mot HaNo og sleit voldsomt med duellspel, pasningar og klareringar. No starta ein riktig nok svakt i sist kamp også, men slapp då billeg unna. Denne gong vart ein derimot hardt straffa for personlege feil, og kom under 3-0 før halvtimen var spelt.

Sju minutt var gått då Godøy starta målshowet sitt. Trond Valkvæ tok turen opp frå forsvar når Godøy fekk frispark midt på Norborg sin halvdel, han fekk ballen ute på kanten, runda Stein Erik Reitan og la hardt inn til Trond Brynestad som heada i mål via fingertuppane til Bjørnar Engeset. Ti minutt seinare misser Norborg ballen midt på eigen halvdel og Godøy får slått igjennom til Erlend “Paco” Holmen. Han får tre meter å gå på i forhald Norborg-forsvaret, og gjer ingen feil aleine med keeper. Ein klar offside, men assistent dommaren hadde til glede for heimelaget lagt igjen flagget i garderoba. Dermed 2-0.

Leikestove for Holmen
Eit par minutt etter får Norborg sin første sjanse etter at Kim Idar Krogsethagen stussar eit oppspel vidare til Lennart Holmem, men aleine med keeper lobbar han over mål. I staden for redusering er det Godøy som aukar då Holmen nok ein gong får kome aleine med keeper etter nølande spel hos Norborg. Denne gong etter godt spel på venstresida og ball i bakrom til raske Holmen.

Kalvø kule
Norborg gir likevel ikkje opp, og når halvtimen passerast klinker Asgeir Kalvø inn reduseringa på volley etter innlegg frå Tarjei Urkedal. Vakkert og årets mål i 4. divisjon!? Ti minutt seinare vart oransjetrøyene så snytt for ein opplagt målsjanse då Kristian Søviknes slo ein stikkar til Lennart Holmem, men etter lang betenkningstid bestemte assistent dommaren seg for å vinke til norborgarane sin store frustrasjon. Dermed stod stillinga seg til pause.

Grusom 1. omgang av Norborg der ein hadde store problem med Godøy sine raske spissar og aggressive midtbane. Fortent leiing til Godøy, men det kunne ha vore annleis dersom 2-0 målet hadde blitt korrekt annullert for offside, samt at Lennart hadde fått fullført sitt løp mot Akerø i Godøy-målet. Dommartrioen gjorde ein del feil i denne kampen, som råka begge lag, men dei to største overtrampa var mot Norborg denne gong.

Norborg med spelet
Etter pausen er det Norborg som styrer store delar av omgangen, men Godøy kontra sterkt og skapte vel så mykje framfor mål som det meir ballbesittande Norborg-laget. Hos heimelaget var både Brynestad og Holmen frampå, sistnemnde nok ein gong aleine med keeper, men Norborg sin unge keeper Engeset redda godt. For gjestane hadde Kristian Søviknes og Tarjei Urkedal kvar sine forsøk.

Holmem tenner nytt håp
Når halvtimen var spelt kom ein utkvilt Lennart Holmem inn og satte fart på Norborg-angrepet. I det 78. minutt får vi sjå eit flott angrep av Norborg. Stein Erik Alvestad avanserar på venstresida, spelar til Kristian Søviknes som igjen spelar raskt til Lennart. Lennart tek med seg ballen og skjer inn i 16 meteren før han scorar sikkert aleine med keeper. 3-2, og nytt håp for Norborg.

Tre minutt seinare ligg så ballen i nota bak Godøy-keeper Akerø igjen, men målet vert noko tvilsamt annullert for frispark mot Lennart. Han skal visstnok ha sparka ned ein Godøy-forsvarar då han sentra til Tarjei Urkedal. Vi stod imidlertid for langt unna til å vurdere om dette var riktig.

Paco-show
Etter dette gjekk lufta ut av Norborg, og Godøy fekk auke til 4-2 då Jøgvan Valkvæ kjempa til seg ballen på venstresida og fekk etterkvart gitt til Erlend “Paco” Holmen på 16 meteren som avslutta med eit velplassert skot. To minutt på overtid var Norborg nær redusering, men Steffen Grytten si heading gjekk i tverrliggar. I staden så er det Holmen som scorer sitt fjerde mål for dagen då han lurer ei slags offsidefelle frå Norborg og scorer sikkert aleine med keeper. Dermed 5-2 i siste speleminutt og audmjukinga av Norborg var komplett.

Norborg vart fullstendig avkledd den første halvtimen med mange feilval, sløvt press på ballførar, dårleg rørsle og eit gedigent bakrom som Godøy sine raske angriparar fekk boltre seg i. Etter pause betra ein del ting seg, men framleis ga ein vekk mykje bakrom og rørsla var for svak. For å ta poeng mot Godøy må ein vere topp konsentrert og ha vilje til å vinne fra første minutt. Dette var ikkje til stades i denne kampen, og Godøy vann fullt fortent. Likevel, moralen i Norborg var god, og ein kunne med litt flaks ha fått med seg poeng. I minutta etter 3-2 reduseringa hadde ein nemleg kampen inne i sitt spor.

Tarjei Urkedal og Lennart Holmem var positive spelarar på Norborg-laget. Tarjei kjempa som vanleg godt og var aktiv og god kampen igjennom. Lennart var også ein trussel mot Godøy med teknikk og aggressivitet.

Neste kamp for Norborg er heime mot GuLars 7. september kl. 1830. Vi vonar at laget då viser kva det er godt for.