Brattvåg – Norborg 2-1

Brattvåg – Norborg 2-1 (0-0)
Brattvåg KGB, 21.04.06

7 sjansar 4
8 cornere 3

1-0 Stian Hatlehol (62)
1-1 Ståle Hurlen (67)
2-1 Martin Sundnes (90)

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Ass. dommarar: Norvald Helge Lausund (Lepsøy) og Svein-Ole Sørensen (VRF)

Tilskodarar: 350

Norborg sine tre beste:
Stein Erik Reitan – 8
Kim Idar Krogsethagen – 8
Knut Ivar Bjørlykhaug – 8

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug , Kim Idar Krogsethagen, Stein Erik Reitan – Martinus Grytten (André Larsen, 83), Kristian Søviknes, Eirik York, Tarjei Urkedal – Lennart Holmem (Adrian Håbet, 63), Ståle Hurlen (Geir Ove Grønli, 87)

To disiplinerte og godt organiserte lag gjorde at det ikkje vart festfotball på Brattvåg KGB denne fredagskvelden. Kampen var tett og spennande fram til Martin Sundnes avgjorde for heimelaget i det klokka bikka 90 minutt.

Som i fjor var det Brattvåg som kunne juble for alle tre poenga, men denne gongen var Norborg nærare enn nokon gong å få med seg eitt poeng. Det var nemleg ikkje før Norborg si kreative kraft Lennart Holmem måtte ut med skade at 4. divisjonsfavoritten starta å få eit grep om kampen.

Effektive Sundnes
Før den tid var Norborg fullt på høgde med Brattvåg og greidde å kneble gultrøyene sitt fremste våpen Arnel Colic. Han fekk nemleg svært lite til før han i sluttminutta finta seg gjennom Norborg sitt forsvar og sentra til Martin Sundnes, som viste seg som den toppscoraren han er å sette ballen kaldt i lengste til 2-1 og ellevill jubel. Dette var Sundnes sin einaste sjanse i løpet av kampen, men det var nok til å bli brattvågerane sin helt nok ein gong.

Norborg nær leiing til pause
Den beste brattvågaren på bana spelte nemleg i oransj trøye og heitte Lennart Holmem. Han skapte på eigenhand 1. omgang sin største sjanse då han tok med seg ballen frå midtstreken, dribla fleire spelarar, men kom diverre litt for nær keeper Espen Wold då han avslutta og grytastrandaren fekk blokkert. Like før pause stod han for tilretteleggingsrolla då han la inn frå høgrekanten til ein umarkert Ståle Hurlen framfor mål, men avslutninga til Ståle vart enkelt redda av Espen.

Brattvåg fekk lite til offensivt bortsett frå eit par headingar frå Azem Maksumic etter frisparkinnlegg frå Stian Hatlehol. Norborg kunne dermed gå til pause vel vitande om at Brattvåg sine spelarar starta å bli utålmodige.

Innlegg rett i mål
Norborg forventa at Brattvåg skulle gå hardt ut i 2. omgang, men noko slik kom aldri til syne og Brattvåg vart tvinga til å legge om til 4-4-2 etter ein times spel i håp om å få kontroll over midtbana. To minutt seinare får dei så frispark ute på langsida. Norborg hadde gitt bort mange slike frispark og denne gongen gjekk det gale for oransjetrøyene. Kurt Erik Grytten feilberegna Stian Hatlehol sitt innlegg og ballen dalte i mål ved lengste kryss. Keeper Grytten plukkar nok desse i 99% av tilfella.

Rask utlikning
Brattvåg fekk likevel ikkje vere lenge i himmelen, for fem minutt seinare er det Norborg som får frispark ute på sida. Knut Ivar Bjørlykhaug legg presist inn til Ståle Hurlen som stussar ballen over Espen Wold og i mål. 1-1, og fortent utlikning.

Colic vaknar
Etter utlikninga festar Brattvåg grepet om kampen og Arnel Colic startar å vise kvifor han blir rekna som den beste spelaren lokalfotballen på Sunnmøre. Tjue minutt før slutt heada han like over, medan han ti minutt seinare kjem seg igjennom forsvaret, men sette ballen til side for mål aleine med Kurt Erik. Norborg greidde ikkje å skape så mykje i sluttminutta, men Tarjei Urkedal kom seg nesten igjennom, diverre vart han felt utan at det vart blåst for straffe. – Klar straffe, sa Tarjei etter kampen.

Etter at Brattvåg hadde tatt føringa 2-1 var det for kort tid igjen til at Norborg greidde å skape noko og Brattvåg kunne juble for tre poeng som sat svært lang inne.

Defensivt løft av Norborg

Defensivt løfta Norborg seg fleire hakk frå tidlegare. Stein Erik Reitan og Tarjei Urkedal knebla Brattvåg si farlege venstreside, medan Kim Idar Krogsethagen og Knut Ivar Bjørlykhaug hadde full kontroll på Martin Sundnes i 89 minutt. Kristian Søviknes styrte midtbana flott, medan Lennart Holmem var den kreative drivkrafta på topp. Men sjølv om det var mykje positivt defensivt, må ein få opp presisjonen i det offensive spelet. Spelarane verka stressa med ball og alt for ofte gjekk gode overgangar fløyten på grunn av svak pasningskvalitet.

Hadde fortent meir
Trenar Jan Egil Alstadsæter hadde følgande ord etter kampen; – Eg meinar vi hadde fortent eitt poeng. Synest synd på spelarane som måtte reise heim uten noko etter ein så godt gjennomført kamp, men vi ska slå tilbake i neste kamp.

Neste kamp for Norborg er heime mot ÅVK laurdag 29. april. Det er framleis uvisst på kva bane denne kampen vil gå.