Sogndal2 – Norborg 1-9 (0-5)
Treningskamp, Sognahallen, 22.03.05
3 sjansar 22
4 hjørnespark 9
0-1 Geir Ove Grønli (5)
0-2 Edward Laverton (25)
0-3 Edward Laverton (28)
0-4 Geir Ove Grønli (str. 34)
0-5 Eirik York (41)
1-5 (str. 50)
1-6 Geir Ove Grønli (76)
1-7 Edward Laverton (79)
1-8 Amund Terøy (85)
1-9 Asgeir Kalvø (87)
Spelarpoeng:
3 poeng: Edward Laverton
2 poeng: Tarjei Urkedal
1 poeng: Asgeir Kalvø
Laget: Kurt Erik Grytten (Bjørnar Engeset, 79) – Christian Søvik (Jan Even Drønnesund, 76), Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 76), Eirik York, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Edward Laverton, Geir Ove Grønli (Amund Terøy, 76)
Norborg viste seg i frå si beste side då ein knuste Sogndal2 9-1 tysdag kveld. Løpsviljen, pasningane og målappetitten var på sitt beste og sigeren kunne fort ha blitt endå større.
Norborgarane var spent på korleis denne kampen ville gå. Med 5 treningsøkte og 1 kamp i løpet av 4 dagar var det mange slitne bein, men så snart kampen kom i gong såg dette ut til å vere gløymt.
Grønli opnar ballet
Som mot Kaupanger la Norborg press på motstandaren sin frå første spark på ballen, men det skulle gå 5 minutt før første sjansen kom. Då slår Tarjei Urkedal fint fram til Geir Ove Grønli som fossar inn i 16 meteren å scorer sikkert aleine med keeper. Norborg fortsette å ha ballen, men bortsett frå ei heading over frå kloss hald av Tarjei produserte ein lite.
Målkåt Eddie
Etter 25 minutt dobler så Norborg leiinga då Asgeir Kalvø la inn i feltet, Kristian Søviknes knea ballen mot Edward Laverton som beina ballen i mål. Edward var no skikkeleg på hogget og få minutt seinare lobbar han elegant over Sogndal sin keeper frå kanten av 16 meteren etter fint gjennomspel av Stein Erik Reitan.
Sogndal2 får sin einaste sjanse i 1. omgang på ei kontring etter dryge halvtimen. Ballen vart slått inn i feltet der ein sogning avslutta over frå kloss hald. Men i staden for redusering er det Norborg som aukar til 4-0 på straffe ved Geir Oe Grønli etter at Tarjei Urkedal vart felt innafor 16 meteren. Like før pause sette Eirik York inn 5-0 frå kloss hald etter eit godt innlegg av aktive Asgeir Kalvø.
Ein veldig bra omgang av Norborg som endeleg starta å omsette sjansar i mål. Vi fekk også sjå fint kombinasjonsspel på kantane og det ein har prøvd på treningane lykkast også i kamp.
Sogndal best i gong
Etter pausen fekk Sogndal2 styre spelet dei første minutta. Dette resulterte i ei redusering på straffespark då Eirik hindra ein Sogndal2 spelar etter eit frispark ute på sida. Kurt Erik Grytten fekk fingertuppane på ballen, men kunne ikkje hindre mål.
Kraftig Norborg-dominans
Dei neste 40 minutta vart det skapt sjanse på sjanse av Norborg, men enten så stod keeper, stolpe eller spelarar på strek i vegen for oransjetrøyene sine avslutningar. Kvarteret før slutt lykkast det endeleg med å få 6-1 målet då Geir Ove Grønli driblar seg igjennom SIL2 forsvaret å skyt sikkert i mål frå 13 meters hald.
Scorar sine første mål
Norborg sette etter mål innpå friskare bein og får opp tempoet i kampen igjen. Timinutt før slutt sette Edward Laverton inn sitt tredje mål for dagen då han blir spelt fri og tuppar ballen i mål frå 14 meter. Norborg skaper fleire gode sjansar før Amund Terøy scorar sitt første a-lagsmål då han spring frå forsvaret og lobbar flott over keeper frå omlag 20 meters hald. Sjansen oppstod då ei lang klarering frå Jan Even Drønnesund vart stussa vidare av Edward til Amund. – Eg har hatt to slike lobbar på juniorlaget som har gått i stolpen, så det var godt å sjå denne gå inn, sa Amund etter kampen.
Kort tid etter noterer også Asgeir Kalvø seg for sitt første a-lagsmål då han ser innlegget sitt frå sidelinja gå i ei fin boge over keeper og inn ved lengste stolpe. – Eg har lært av “Babb”, kommenterte Asgeir etter kampen.
Kampen endar dermed med 9-1 siger til Norborg. Noko som ikkje var eit mål for lite for eit angrepsvilleg og løpssterk Norborg-lag. – Skikkeleg gøy å spele i dag. Innlegga og oppspela var av høg klasse i dag, sa Norborg sin sogning Geir Ove Grønli etter kampen.
På Norborg spelte alle skikkeleg bra, men skal vi trekke fram nokre så må det bli Edward Laverton og høgresida med Tarjei Urkedal og Asgeir Kalvø, som verkeleg har starta å finne kvarandre.
Dommaren, som vi diverre ikkje fekk med oss namnet på, var også av svært høg standard.