Skarbøvik2/Hessa – Norborg 1-4

Skarbøvik2/Hessa-Norborg 1-4 (1-1)
Skarbøvik gras, 04.05.05

8 sjansar 9
4 hjørnespark 4

1-0 Richard Ytterlid (23)
1-1 Tarjei Urkedal (str. 42)
1-2 Christian Søvik (54)
1-3 Øyvind Kvammen (84)
1-4 Edward Larverton (90)

Dommar:
Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg) – 6
Ass. dommarar: Mevludin Ribic (VRF) og Petter Lyshol (FK Sykkylven)

Tre beste:
Asgeir Kalvø – 8
Martinus Grytten – 7
Tarjei Urkedal – 7

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Jan Even Drønnesund, 88), Knut Ivar Bjørlykhaug, Øyvind Farstad, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Øyvind Kvammen, 80), Eirik York, Stein Erik Reitan, Martinus Grytten (Edward Laverton, 71) – Steffen Grytten , Tarjei Urkedal

Norborg tok sine første poeng i årets sesong då ein kriga seg til ein 4-1 siger over SIF2/Hessa. SIF2 opna best, men Norborg tok etterkvart over kampen, og vann alt i alt fortent.

Det var heimelaget som kom best i gang og kom seg til ein stor sjanse allereie etter fem minutt, då Norborg ikkje greidde å klarere eit frisparkinnlegg. Etter mykje om og men havna ballen ute hos ein umarkert SIF-spelar på kanten av 5-meteren, men heldigvis for Norborg traff ikkje skotet hans mål.

Norborg kom seg etterkvart hektene, og kriga seg inn i kampen. Ti minutt er gått då ein kjem seg til første målsjansen. Christian Søvik slår eit godt innlegg til Steffen Grytten framfor kassa. Steffen kan avslutte sjølv, men vel å sentre til Tarjei Urkedal som frå kloss hald skyt utanfor.

SIF i leiinga
Midt i omgangen har heimelaget fått frispark ute ved hjørneflagget. Ballen blir slått hardt inn i feltet, Norborg greier ikkje å klarere og Richard Ytterli får god tid på 16 meteren til å stille inn godfoten og skyt sebratrøyene i føringa.

Utlikning før pause
Etter målet blir det mykje kriging og lite fint spel, men like før pause får gutespelar Martinus Grytten ein løpeball i bakrommet. Martinus fossar inn i 16 meteren før han blir meid ned bakfrå. Dommar Oddbjørn Hatlehol gjer ingen feil å peikar på straffemerket. Eksekutør Tarjei Urkedal er sikker på straffa og dermed 1-1. Etter målet pressar Norborg voldsamt på, og både Steffen og Martinus har store sjansar til å gi oransjetrøyene leiinga. Men Steffen sitt skot går via eit SIF-bein og i stolpen, mens Martinus sin lobb aleine med keeper går utafor.

Uavgjort ved pause var alt i alt eit greitt resultat ut frå spel og sjansar. Heimelaget var best i starten, medan Norborg tok over mot slutten.

Norborg godt i gong
Etter pausen er det Norborg som startar best og pressar på for å få leiarmålet, men ein kjem seg ikkje til dei store sjansane. I staden er det heimelaget som er nær ved å ta leiinga etter ei kontring, men avslutninga frå ti meter går rett på Kurt Erik Grytten.

Ni minutt ut i omgangen tek så Norborg leiinga i kampen etter at Christian Søvik plasserar ballen heilt inne ved stolpen frå 16 meters hald. Like etter er Norborg nær nytt mål. Steffen tek elegant ned ballen på 16, vipper den til Tarjei, men avslutninga blir redda av keeper.

Store sjansar til begge laga
Det neste kvarteret har begge lag store sjansar. Tarjei er to gangar igjennom, men første gongen skyt han utafor etter å ha runda keeper, medan han andre gongen tek seg for god tid og får ikkje avslutta. SIF2 har også to store sjansar, men Kurt Erik er vaken i mål og reddar fantastisk ei heading frå kloss hald. Den andre store sjansen kom etter eit godt slått frispark. Ein SIF spelar ragar høgast i feltet, men treff tverrliggjar.

Innbyttarane punkterar kampen
I dei siste fem minutta avgjer Norborg med to kontringsmål. Først flikkar Steffen igjennom til Øyvind Kvammen. Han spring frå alle, skjer inn i 16 meteren og løftar ballen elegant over keeper til 3-1. På overtid får Edward Laverton ein løpeball. Aleine med keeper tek han seg god tid og scorar sikkert til 4-1.

Norborg viste seg som eit meir effektivt lag enn SIF2 og tok alt i alt ein fortent siger. Trenar Helge Uggedal seie følgjande om kampen: – vi har tungt for å komme i gang og brukar halve omgangen på å få i gong maskina, men når vi først greier å få opp intensiteten kjem spelet. Når vi får 1-1 begynte vi å ta over og tek ein fortent siger.

Best på Norborg synst vi Asgeir Kalvø og Martinus Grytten var. Asgeir viste solid backspel, medan Martinus viste solid innsats på høgrekanten.

Dommar Hatlehol greidde seg bra i ein kamp prega av mykje kriging og duellspel.

Neste kamp for Norborg er borte mot Sunnylven torsdag 12. mai.