Norborg – Skarbøvik2/Hessa 5-0 (2-0)
Uggedal stadion, 17.08.05
21 sjansar 6
9 hjørnespark 5
0 1
1-0 Kristian Søviknes (11)
2-0 Ståle Hurlen (43)
3-0 Ståle Hurlen (46)
4-0 Ståle Hurlen (63)
5-0 Ståle Hurlen (88)
Tilskodarar: 138 (betalande)
Dommar: Lars Ove Sletta (Langevåg) – 6
Tre beste:
Ståle Hurlen – 9
Tarjei Urkedal – 8
Kristian Søviknes – 8
Laget: Kurt Erik Grytten – Asgeir Kalvø (Stein Erik Alvestad, 77), Steffen Grytten (Lars Petter Tennfjord, 77), Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Farstad – Kristian Søviknes, Eirik York, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Ståle Hurlen, Edward Laverton (Ole Johan Urke, 82)
Ståle Hurlen vart Norborg sin store helt då han scora 4 mål i Norborg sin 5-0 siger over SIF2/Hessa. Norborg var det klart beste laget i ein underhaldande og sjanserik kamp.
På grunn av sjukdom og skadar vart Norborg sin trenarduo tvinga til å gjere ein del forandringar på laget frå sist kamp mot Brattvåg. Spelarane som no fekk sjansen frå start takka for tilliten og leverte årsbeste.
Bursdagsscoring
Etter ei tam opning starta Norborg å få spelet til å gli, og då let ikkje 1-0 målet vente lenge på seg. Ti minutt er gått då ein får til eit praktangrep som blir avslutta av eit Eirik York skot i nettveggen via ein SIF-spelar. Den påfølgjande corneren sette Stein Erik Reitan i bortarste stolpe og ut. Ballen endar etterkvart til Kristian Søviknes som sette ballen mellom beina på keeper og i mål.
Norborg styrer det meste av spelet, og etter halvspelt omgang får Ståle Hurlen sin første sjanse for dagen då han snappar ein ball frå SIF-forsvaret og kjem aleine med keeper, men avslutninga frå 7-8 meter går rett på keeper, medan returen sette samme mann via ein siffar og til ein resultatlaus corner.
Hurlen åtte år etter
Dei neste 20 minutta bølgjer spelet fram og tilbake, og begge laga skapar fleire store sjansar utan uttelling. To minutt før slutt lykkast så Norborg, og Ståle Hurlen kan juble for sitt første Norborg-mål sidan 1997. Målet kom frå kloss hald då han kjempar inn ein retur frå keeper på eit skot/innlegg frå Øyvind Farstad.
Norborg hadde dei fleste sjansane i denne omgangen, men også gestane var slett ikkje ufarlege på kontringar og kom seg til 2-3 store sjansar. Likevel, Norborg var det klart beste laget og burde ha scora fleire mål.
Total Norborg-dominans
Tilskodarane har så vidt fått satt seg før Norborg aukar leiinga til 3-0 etter pause. Søviknes slår eit presist frispark inn i fletet som Hurlen headar i mål frå 5 meter. Norborg kan då sleppe seg meir laus og vartar opp med skikkeleg festfotball resten av omgangen. Sjanse på sjanse blir skapt med jamne mellomrom gjennom heile omgangen. 4-0 kjem etter 63 minutt då Hurlen headar inn eit innlegg frå tarjei Urkedal, medan 5-0 kjem to minutt før slutt då Stein Erk Alvestad gjer det meste på venstresida og legg til Hurlen, som rykker i fra forsvaret, driblar keeper og plasserar ballen sikkert i mål.
Bortsett frå ein fem minutts periode på stillinga 4-0 greidde gjestane å skape noko mot Norborg i denne omgangen. Norborg var likevel både dyktige og heldige som haldt nullen, for Stein Helge Steffensen fekk fire forsøk på eit angrep. Keeper Kurt Erik Grytten redda to av avslutningane, medan Steffen Grytten avverga dei to andre. Steffensen vil nok tenke på desse utrulege sjansane ei god stund framover.
Opptur
Norborg fekk altså ein solid opptur i onsdagens kamp. Laget spelte god fotball langs bakken, brukte midtbana, kom seg rundt på kantane og skapte mange sjansar. Med litt større konsentrasjon i avslutningsøyeblikket kunne det ha blitt eit to-siffer antal mål.
Unghynane slapp til
Alle på Norborg gjorde ein bra kamp. Ståle Hurlen kom nær sagt rett frå sydentur og scora 4 mål, Tarjei Urkedal og Kristian Søviknes jobba knallhardt gjennom heile kampen og var kreative og gode. Lars Petter Tennfjord og Ole Johan Urke fekk sine første minutt med 4. divisjonsfotball. Begge klarte seg veldig bra.
Øystein Haugan hadde følgjande kommentar etter kampen: – No er eg først og fremst veldig glad. Utruleg kjekt å sjå at vi presterer på eit så høgt nivå gjennom heile kampen. Vi har periodevis spelt bra fotball dei siste kampane, men i dag står vi distansen ut. Dette var ei skikkeleg vitamininnsprøyting for resten av sesongen.
Tynn stall
SIF2 si lagleiing var sjølvsagt ikkje like nøgde, men fekk med ein heil dunge med vafflar som plaster på såret. – Vi har 7 a-lagsspelarar langtidsskadd, derfor må vi i kamp etter kamp spele med nesten eit reint juniorlag. Med eit 4. divisjonslag og to juniorlag blir det eit for tøft kampprogram. Hadde vi visst dette i januar hadde vi nok ikkje meldt på eit 2. lag for junior, men vi ønske jo å gi eit tilbod til alle som vil spele fotball, sa ein av leiarane etter kampen.
Norborg skal ut i sin fjerde heimekamp på torsdag. Då er det Sunnylven som er motstandar i Uggedalen kl. 19.