Norborg – Langevåg2 3-2 (2-0)
Treningskamp, Uggedal grus, 16.03.05
16 sjansar 4
10 hjørnespark 3
1-0 Eirik York (12)
2-0 Tarjei Urkedal (27)
3-0 Tarjei Urkedal (54)
3-1 Kim Idar Krogsethagen (59)
3-2 Per Magne Juliebø (64)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Eliingsøy)
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Kjell Terje Brusdal, 84), Kristian Søviknes, Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø (Lars Petter Tennfjord, 84) – Adrian Håbet (Amund Terøy, 84), Eirik York, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Geir Ove Grønli, Edward Laverton
Norborg tok ein fortent siger over Langevåg2 i snøkava på Uggedal grus onsdag kveld. Etter spel og sjansar burde sigeren vore langt større enn den vart.
Norborg tok kommandoen frå start av i denne kampen, og skapte sjanse på sjanse før Eirik York sette ballen i mål på eit velplassert “lompeskot” frå 18 meter etter knappe 12 minutt. Før den tid hadde blant anna Geir Ove Grønli heada i tverrliggjar og Eirik sjølv hatt to store sjansar til å score.
Norborg fortsette med flott angrepsfotball dei neste 20 minutta, og aukar fortent til 2-0 ved Tarjei Urkedal etter ein knapp halvtime. Målet kom på eit feiande flott angrep der Christian Søvik og Geir Ove Grønli kombinerte fint ute på venstresida, før innlegget gjekk til Tarjei, som på sitt andre forsøk sette ballen i nota.
På slutten av omgangen kom Langevåg2 meir med i kampen og spelte seg fram til eit par hjørnespark. Her kom dei seg også til sin største og einaste sjanse i løpet av dei første 45 minutta, men ballen vart satt over mål frå kloss hald. Dermed 2-0 til pause.
2. omgang starta som den første med stort Norborg overtak. Få minutt har gått då Edward Laverton blir spelt fri, rundar keeper og skyt mot mål, men diverre kjem ein langevågar å reddar til corner. Fem minutt seinare sette Tarjei Urkedal inn sitt andre mål for dagen. Målet kjem etter god kjemping av Kristian Søviknes. Han vinn ballen å får krangla den igjennom til Tarjei som plasserar den kaldt i mål.
Etter dette fell intensiteten i Norborg-laget kraftig, og Langevåg2 blir invitert med i kampen med to raske mål. Først er det ex-norborgar Kim Idar Krogsethagen som får æra av å sette ballen i nota. Så er det trenar Per Magne Juliebø som scorar då han snappar ballen midt inne på Norborg sin banehalvdel å skyt i mål.
Norborg kjem seg etterkvart til hektene og tek igjen over kampen. Spesielt viser gutespelar Adrian Håbet mykje positivt på sin venstrekant og berre ørsmå marginar var imot han då han sendte eit skot i vinkelen etter å ha dribla halve Langevåg-forsvaret. Norborg produserer også fleire sjansar det siste kvareter, men verken Eirik York, Amund Terøy eller Tarjei Urkedal får ballen i mål.
Alt i alt ein positiv kamp av Norborg. Spesielt var 1. omgang oppløftande då ein spelte god og aggressiv angrepsfotball. Diverre var effektiviteten for dårleg. I 2. omgang fell intensiteten, samtidig som forholda ikkje akkurat vart betre. Sjølv om ein burde ha vunne med langt større siffer over dette Langevåg-laget kan mange vere godt nøgd med innsatsen sin i dag. Skal vi plukke ut nokre spelarar må det bli Adrian Håbet, Tarjei Urkedal og Asgeir Kalvø.
Neste kamp for Norborg er mot Kaupanger i Sogndal komande søndag.