Norborg – Hano 2-3 (0-3)
Uggedal stadion, 01.10.05
8 sjansar 9
7 hjørnespark 8
0 1
0 0
0-1 Per Jarle Fjørtoft (5)
0-2 Lars Petter Haram (24)
0-3 Stian A. Haram (43)
1-3 Martinus Grytten (54)
2-3 Tarjei Urkedal (64)
Tilskodarar: 141 (betalande)
Dommar: Rolf Jarle Eldevik (Ellingsøy) – 6
Ass. dommarar: Svein Vestnes (AaFK) og Gunn Tove Brockmann Skylstad (VRF)
Tre beste:
Martinus Grytten – 8
Jan Even Drønnesund – 7
Tarjei Urkedal – 6
Laget: Kurt Erik Grytten – Øyvind Farstad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Adrian Håbet, 83), Eirik York, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Ståle Hurlen (Adrian Håbet, 46) (Ståle Hurlen, 76), Geir Ove Grønli (Edward Laverton, 25) (Martinus Grytten, 46) (Edward Laverton, 88), Adrian Håbet (Jan Even Drønnesund, 31) (Geir Ove Grønli, 88)
Det var eit merkeleg lokaloppgjer vi var vitne til i Uggedalen på laurdag. HaNo overkjørte heimelaget og scora tre mål før pause, mens Norborg tok over kampen dei siste 45 og var svært nær poeng.
Norborg hadde bestemt seg for å gå hardt og svært offensivt ut i lokaloppgjeret mot HaNo. Det heile starta også lovande for vertane. Allereie før minuttet var gått fekk Adrian Håbet og Tarjei Urkedal kvar sin sjanse til å gi Norborg føringa, men utan å lykkast. I staden er det HaNo som tek over kampen og får leiarmålet etter 5 minutt ved Per Jarle Fjørtoft. Han står på innsida av Norborg-forsvaret og scorar sikkert aleine med Kurt Erik Grytten, mens norborgarane står og roper offside.
HaNo best på det meste
Fem minutt seinare er Norborg nære ved utlikning då Tarjei Urkedal kjem seg fri og skyt i stolpen, men nærare enn dette kjem ikkje Norborg mål i 1. omgang. Hano dominerer stort og skaper ei rekke store sjansar mot eit tafatt heimelag. Lars Petter Haram doblar HaNo si leiing då han enkelt header eit frisparkoppspel i mål frå 8 meters hald med passive Norborg-forsvarar som tilskodarar.
HaNo fortsette einvegskjøringa og spesielt Håkon Sæterøy skapar mykje problem for heimelaget. Gong på gong legg han seg i rommet mellom Norborg sitt forsvar og midtbane, og får utfordre med fart og teknikk. To minutt før pause får HaNo corner. Norborg får ikkje klarert skikkeleg og ballen hamnar til Stian Andre Haram som klinkar den i mål frå 17 meter. 0-3, og kampen verkar punktert.
– HaNo spelar slik vi vil spele. Dei spelar slik vi har øvd på i heile år. Vi blir slått på eigen taktikk, sa Norborg-trener Øystein Haugan i pausa.
Kampen skifta karakter
Om HaNo var gode og Norborg dårlege i 1. omgang, så snudde kampen fullstendig karakter etter pausen. Norborg gjorde nokre viktige grep i pausa og sette inn unggutane Adrian Håbet og Martinus Grytten på topp, og lot ballen gå langs bakken. Dette ga umiddelbart suksess. Ein pressa HaNo på defensiven, og ni minutt ut i omgangen kjem reduseringa då Jan Even Drønnesund får til eit godt innlegg til Martinus Grytten som header i mål via keeper Vidar Nogva og stolpen.
Ny redusering, nytt håp
Norborg fortsette å styre kampen. Tjue minutt ut i omgangen kjem så den andre reduseringa då Tarjei Urkedal header inn ein corner frå Stein Erik Reitan. Norborg får no verkeleg håp om poeng, men trass gode sjansar greier ein ikkje å få inn utlikningsmålet. Dermed kunne HaNo juble for sin første siger over Norborg sidan 1997.
Kvar sin omgang
Sjølv om laga hadde kvar sin omgang var det alt i alt ikkje noko å seie på at blåtrøyene tok med seg alle poenga. Sjølv om mykje tyde på at 1-0 målet var ei gåve frå linjedommaren, så skapte dei totalt mest og vart i tillegg snytt for straffe i 2. omgang då Håkon Sæterøy vart klipt ned bakfrå av Asgeir Kalvø. Norborg brukte, som mot Rollon sist, ein omgang på å kome i gong. Mangel på innsats, stor strekk i laget og ein midtbanefirer som låg altfor flat er noko av årsakene til at HaNo fekk ein enkel jobb med å score 3 mål på 45 minutt. I 2. omgang fekk ein orden på formasjonen og opptrådde med ein langt større innsats. Jan Even kom inn og fekk kontroll på Sæterøy, mens Adrian og Martinus sin innsats og løpsstyrke smitta over på resten av laget og ga tru på poeng. Diverre fekk ein aldri det nødvendige 3. målet.
Øystein Haugan måtte altså sjå laget sitt tape i sin siste kamp på Uggedal stadion og hadde følgjande kommentar:
– Er det nokon som ønsker å bli tidlig tynn i håret, bli trener. Er det nokon som ønsker å bli tidlig grå i håret, bli trener. Er det noko som ønsker å oppleve spontan irritasjon, spontan skuffelse, spontan og ellevill glede i løpet av 90 minutt, bli trener. Er det nokon som har dårleg hjerte, bli ikkje trener. Kampen mot HaNo innehaldt alle Desse ingridiensene. Uansett tap eller siger,,,,fotball er ein fantastisk lidenskap. Takk for kampen!
Norborg spelar sin siste kamp for året mot Vigra 8. oktober kl. 15 på Rota gras. Ein kamp Vigra må vinne for å ha eit håp om å overleve i 4. divisjon.