Norborg – FK Sykkylven 2-1

Norborg – FK Sykkylven 2-1 (1-1)
Treningskamp, Brattvåg kgb, 02.04.05

6 sjansar 4
7 hjørnespark 3

0-1 Arnt Tore Røe (27)
1-1 Geir Ove Grønli (41)
2-1 Tarjei Urkedal (77)

Dommar: Arild Vegsund (Blindheim)

Spelarpoeng:
3 Knut Ivar Bjørlykhaug
2 Stein Erik Reitan
1 Geir Ove Grønli

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Jan Even Drønnesund, 60), Knut Ivar Bjørlykhaug, Roger Grytten, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes, Eirik York (Adrian Håbet, 46), Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Edward Laverton (Martinus Grytten, 81), Geir Ove Grønli (Amund Terøy, 87)

Norborg leverte ein bra 2. omgang, og vann 2-1 mot FK Sykkylven laurdag på Brattvåg KGB. Arnt Tore Røe gav gjestane leiinga, før Geir Ove Grønli stanga inn 1-1 like før pause. Dryge ti minutt før slutt avgjorde Tarjei Urkedal til 2-1 på bakerste etter frispark frå sida.

Norborg stilte med tilnærma toppa mannskap i denne kampen, berre Steffen Grytten (VM-forbereding), Alexander Gamlem (skulder) og Kenneth Vegsund (kne) mangla, medan FK Sykkylven stilte noko redusert..

FKS best i gong
FK Sykkylven kom best i gong på kunstgraset i Brattvågen, og knappe to minutt var gått då dei spelte seg igjennom Norborg sitt forsvar og kjem aleine med Norborg-keeper Kurt Erik Grytten, men avslutninga går utafor.

Utnytta feil hos Norborg
Dei neste 20 minutta blir meir eller mindre eit langt gjesp. Ingen klare sjansar og mange feilpasningar prega spelebiletet. Etter 26 minutt får Norborg frispark ute på sida. Kristian Søviknes sitt innlegg finn hovudet til Eirik York inne på 5 meter, men avslutninga er altfor svak. Her burde det ha stått 1-0 til oransjetrøyene. Det typiske for Norborg denne vinteren og våren er at motstandaren scorer like etter at Norborg har brent ein stor sjanse. Slik skal det gå i denne kampen også. Asgeir Kalvø feilvurderer og den rutinerte målscorararen Arnt Tore Røe sette vakkert inn 1-0 frå skrått hald.

Norborg tek over
På slutten av omgangen tek Norborg meir og meir over føringa av banespelet, og kjem seg til nokre halvsjansar før Geir Ove Grønli stangar inn eit godt innlegg av Asgeir Kalvø. 1-1, og laga er like langt ved pause.

Norborg opnar klart best etter kvilen, og pressar FK Sykkylven kraftig. Dette fører til farlege 4 cornere på rad og ein stor sjanse til Christian Søvik, men ballen ville ikkje i mål. I staden går FK Sykkylven i angrep og er svært nær straffe då Roger Grytten bruker handa på å få kontroll over ballen. Heldigvis for oransjetrøyene lot dommar Arild Vegsund spelet gå vidare. Norborg går rett i angrep og igjen får Christian Søvik ein bra sjanse, men skotet hans frå god posisjon går over.

Norborg verkar hakket kvassere enn sine motstandarar i 2. omgang og midtvegs i omgangen har både Edward Laverton og Adrian Håbet mogelegheiten til å score. FK Sykkylven på si side mislykkast i den avgjerande angrepsfasen og greier ikkje å sette Kurt Erik på prøve.

Endeleg for Tarjei
Knappe kvareter før slutt fell så avgjersla på Brattvåg kunstgras. Norborg har fått frispark ute på sida på høgde med 16 meteren. Kristian Søviknes slår inn på bakarste der Tarjei Urkedal på direkten sette ballen i mål mellom beina på FK Sykkylven sin urutinerte keeper. Fortent mål til Tarjei som har slitt med effektiviteten dei siste kampane.

På slutten av kampen styrer FKS spelet og er farleg nær utlikning etter at Kurt Erik måtte gi retur på eit frispark like utafor 16 meteren. Etter litt rot får Norborg klarert og dreg i land ein etterlengta siger.

Blir betre og betre
Norborg sitt lag begynne no å sette seg og blir betre for kvar kamp. Det er likevel ein del ting og ta tak i. Spesielt var det mykje feilpasningar i 1. omgang, samtidig som klareringane ofte førte til at motstandar fekk ein ny sjanse og ein kom seg sjeldan ned til dødlinja for å legge inn. Innsatsen var det derimot ikkje noko å utsette på. Best på Norborg i denne kampen var Knut Ivar Bjørlykhaug, Stein Erik Reitan og Geir Ove Grønli. FK Sykkylven sin trenar Ronny Ødegård hadde dette å seie om Norborg etter kampen; – eg vart positivt overraska over Norborg i dag. Laget har jo mista nokre spelarar, men det var lovande takter det som vart vist i dag. Grunna stor innsats vil nok laget spele jamt med dei fleste, men ein ser ut til å mangle ein skikkeleg goalgetter.

Sjølv om dette var ein treningskamp fekk ikkje dommar Arild Vegsund nokon enkel jobb, men han handterte dei mange duellane og eit par smågretne sykkylvingar på ein god måte.