Norborg – ÅVK 1-2

Norborg – Åram/Van.kam 1-2 (1-1)
Uggedal stadion, 10.09.05

8 sjansar 5
7 hjørnespark 5
1 Gule 0

1-0 Ståle Hurlen (16)
1-1 Øyvind Myklebust (35)
1-2 Ole Per Kragset (63)

Tilskodarar: 157 betalande

Dommar: Fredrik Løken (Brattvåg) – 7
Ass. dommarar: Svein Vestnes (AaFK) og Oddmund Kaldhussæter (Blindheim)

Tre beste:
Stein Erik Alvestad – 7
Adrian Håbet – 7
Eirik York – 7

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad (Ståle Hurlen, 73), Christian Søvik, Kim Idar Krogsethagen, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 71), Eirik York , Stein Erik Reitan (Kristian Søviknes ,88), Tarjei Urkedal – Ståle Hurlen (Edward Laverton, 71), Adrian Håbet

Norborg måtte nok ein gong sjå motstandaren juble for poeng i Uggedalen. Eit hardtkjempande gjestelag fekk vertane ut av stilen og fekk med seg tre viktige poeng i kampen om å overleve i divisjonen.

Det var gjestane frå Søre Sunnmøre som kom best i gong i Uggedalen denne flotte laurdagen, men bortsett i frå nokre hjørnespark greidde ein ikkje å truge Norborg sitt mål. Etterkvart får heimelaget i gong maskineriet og byr på mange vakre angrep. Etter å ha brent eit par store sjansar får ein hol på byllen dryge kvarteret ut i kampen då Kim Idar Krogsethagen avanserar 50 meter med ballen og legg til Ståle Hurlen, som stussa ballen over keeper og i mål. Norborg fortsette å styre kampen etter målet, og spesielt Stein Erik Alvestad sine lange innkast er ein trussel mot gjestane, men utan resultat.

ÅVK tek over
Etter ein halvtime med godt spel av heimelaget får ÅVK hjørnespark. Ballen blir slått hardt og presist inn framfor mål der Øyvind Myklebust får krangla ballen over streken til 1-1. Svært urettvist etter spel og sjansar dei første 35. minutta, men gjestane får no opp innsats og motivasjon, og skapar to store sjansar på tampen av omgangen. Først kjem Ole Theodor Hovden seg rundt på kanten og legg presist inn til Ole Per Kragset, men headinga hans blir godt redda av Kurt Erik Grytten. Like etter er det Hodven sjølv som er avsluttar, men aleine med Kurt Erik sette han ballen i stolpen. Til trass at Norborg styrte det meste av omgangen og viste i store periodar spel av høg klasse, kan ein likevel vere glade for å gå til pause med uavgjort.

Utnytta forsvarsfeil
Norborg har ballen mest i 2. omgang, men det ÅVK som scorar omgangen sitt einaste mål då ein utnyttar forsvarsfeil av Norborg. Ole Per Kragset takkar for sjansen og sette kaldt inn 1-2. ÅVK legg seg etter dette bakpå og satsa på kontringar. Noko heimelaget sine raske forsvarsspelarar hadde bra kontroll på. Norborg jaga stadig fleire mann i angrep og får sine sjansar ved Adrian Håbet, Edward Laverton og Tarjei Urkedal, men ballen ville ikkje i mål. ÅVK kunne dermed til slutt juble for tre særs viktige poeng.

Larsen stoppa alt
Norborg var det førande laget i store periodar av denne kampen, men i motsetnad til dei foregåande kampane greidde ein denne gong ikkje å utnytte sjansane. ÅVK har også nokre svært gode spelarar som gjorde livet surt for heimelaget. Spesielt krumtappen i forsvaret, Hallvard Larsen, var veldig god og stoppa mange angrep av heimelaget.

Best på Norborg var gutespelarane Stein Erik Alvestad og Adrian Håbet, samt Eirik York. Alvestad viste stor ro i forsvar og er ein spelande back. I tillegg var han eit viktig angrepssvåpen med sine mange lange innkast. Noko Norborg burde ha utnytta i større grad. Adrian Håbet var dominerande før pause på lik linje med Eirik York.

Fall for motstandars grep
Trenar Øystein Haugan var ingen slagen mann etter kampen. – Dagen måtte kome der vi går av bana med tap. Etter ein kamp med prestasjonar i toppklasse fell vi for motstandars grep, og ikkje er i stand, uansett forsøk, å kome inn i riktig spor igjen. Det vi skal ta med oss vidare er det fantastiske spelet vi i periodar presterer. Synst uansett resultat at Norborg er inne i ei god utvikling. Så stå på vidare folkens, we will be back!

Har ikkje sikra plassen
ÅVK sin spelande trenar Ole Theodor Hovden var godt nøgd etter kampen. – Eg er veldig fornøgd med dei siste 60 minutta av kampen. Spelarane viser då at dei VIL vinne, og innsatsen og duellspelet vårt avgjer kampen til vår fordel. Vi har heva oss veldig dei to siste kampane, og spelarane veit kva som står på spel. Det var tre veldig viktige poeng for ÅVK, men plassen er på ingen måte sikra enda. No har vi fokus på neste kamp, og eg og resten av laget er innstilte på å gjere absolutt alt vi kan for at ÅVK skal kapre mange poeng til, og med det trygge plassen i divisjonen. ÅVK på sitt beste høyrer så absolutt heime lenger oppe på tabellen, men i år har vi hatt for mange dårlige dagar, og vore alt for ujamne. Ønsker Norborg lykke til resten av sesongen.

Talentfulle Edward Laverton derimot var berre oppgitt etter kampen: – kvifor i alle dagar sentra eg til Tarjei. Eg stod på 6 meter og hadde berre å sette ballen i mål, og så finn eg på å sentre til Tarjei som stod en meter i frå meg. Hjelpe meg! Eg kjem ikkje til å få sove i natt.

Neste kamp for Norborg er heime mot Hødd2 laurdag kl. 15.