Midsund – Norborg 3-2

Midsund – Norborg 3-2 (1-1)
Treningskamp, Midsund stadion, 28.03.05

7 sjansar 7
2 hjørnespark 5

1-0 (29)
1-1 Geir Ove Grønli (44)
2-1 (67)
2-2 Knut Ivar Bjørlykhaug (83)
3-2 (86)

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Roger Grytten, Steffen Grytten (Knut Ivar Bjørlykhaug, 60), Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Amund Terøy, 89), Adrian Håbet, Stein Erik Reitan, Tarjei Urkedal – Geir Ove Grønli, Edward Laverton (Martinus Grytten, 77)

På ei fin grasbane på Skeidvoll viste Midsund seg som det kvassaste laget framfor mål og vann 3-2 i ein jamspelt kamp mot Norborg 2. påskedag.

Etter eit relativt keisamt opningskvarter der Norborg hadde ballen mest utan å skape noko nevneverdig framfor mål, fekk heimelaget første sjansen på eit skot frå vel 20 meter. Midsund tilreiv seg no eit lite initiativ i kampen, og ved halvspelt omgang fekk romsdalingane ein ny sjanse, men avslutninga aleine med Kurt Erik Grytten gjekk utafor.

Glipp på corner
Etter ein knapp halvtime tek heimelaget føringa i kampen etter ein innøvd corner. Norborg sitt forsvar misser markeringane og ein midsunding får stå fritt å heade frå 5 meter via Asgeir Kalvø på streken og i mål. Få minutt seinare er Midsund nær ny scoring på hjørnespark, men denne gongen går avslutninga utafor.

Grønli perle
Norborg kjem seg etter kvart til hektene, men har problem med å skape dei store sjansane trass spelemessig overtak. Like før pause skulle ein likevel lykkast. Kristian Søviknes slår ballen over Midsund sitt forsvar til Geir Ove Grønli som dunkar ballen i mål frå kanten av 16 meteren. Eit vakkert mål frå sogningen.

Gavepakke frå dommaren
2. omgang startar som den første med få situasjonar framføre mål. Først etter eit kvarter spel kjem første sjansen då Steffen Grytten er nær ved å sette ballen i mål etter ein corner, men avslutninga går like utafor stolpen. Norborg presser på for å ta føringa i kampen og kjem seg til eit par farlege hjørnespark, men så skjer det fatale. Norborg er framme i angrep, men blir feilaktig avblåst for offside. Midsund høyrer ikkje fløyta å sette i gang eit angrep på motsett side av der frisparket skulle ha vore. Norborg heng ikkje med i svingane og kontringa på venstresida endar i mål. Eit mål vi tvilar på hadde fått blitt ståande i protokollen med ein vaken dommar på plass.

Tap trass store sjansar
Norborg fell litt saman etter målet og Midsund er nær ved ny scoring etter eit glimrande raid av høgrevingen, men avslutninga går over mål. Dei siste ti minutta av kampen er det likevel oransjetrøyene som styrer. Først får ein ei fortent utlikning på eit velplassert frispark frå 20 meter av Knut Ivar Bjørlykhaug. Dette var Bjørlykhaug sitt første seniormål for Norborg. Så må både Asgeir Kalvø og Geir Ove Grønli sjå sine forsøk bli redda på streken etter hjørnespark frå Kristian Søviknes. Men midt i Norborg-dominansen blir det gjort enkle feil og Midsund får enkelt kome inn i 16 meteren å sette inn 3-2. På slutten får evigheitsmaskina Tarjei Urkedal ein stor sjanse, men headinga frå 2 meter går over mål. Dermed går Norborg på eit surt tap mot 3. divisjonslaget Midsund.

Positive tendensar
Alt i alt ein positiv kamp av Norborg. Ein hadde ballen mykje og viste til dels godt spel. Diverre så treng ein litt for mange opplagte sjansar for å score, medan ein let motstandaren få eit par enkle mål. Best på Norborg synes vi arbeidsjernet Tarjei Urkedal var, medan Steffen Grytten og Asgeir Kalvø viste også positive takter saman med fleire andre.

Norborg sin neste kamp er mot FK Sykkylven på Brattvåg KGB laurdag kl. 12.00, medan ein måndag spelar borte mot Giske.