Herd – Norborg 4-0

Herd – Norborg 4-0 (1-0)
4. divisjon, Moa KGB, 21.04.05

8 sjansar 2
4 hjørnespark 2
2 0

1-0 Steinar Flesjå (11)
2-0 Vegard Bruland (47)
3-0 Vegard Bruland (76)
4-0 Vegard Bruland (90+2)

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta) – 7
Ass. dommarar: Arnt-Ivar Berg (Hødd) og Arild Steinsbu (AaFK)

Tre beste:
Christian Søvik -6
Stein Erik Mårstøl -6
Steffen Grytten -6

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 33) (Geir Ove Grønli, 67) (Martinus Grytten, 72), Eirik York, Stein Erik Reitan (Adrian Håbet, 67), Tarjei Urkedal – Stein Erik Mårstøl (Stein Erik Alvestad, 81), Edward Laverton

Herd tok ein fullt fortent siger over Norborg i ei lite velspelt serieopning på Moa kunstgrasbane torsdag kveld. Norborg hadde svært lite å by på offensivt, mens Herd sine raske spelarar kontra oransjetrøyene i senk.

Norborg begynte famlande i denne kampen og lot Herd sitt småtekniske mannskap ha initiativet dei første minutta. Dette resulterte i ein brukbar sjanse, men skotet frå ca. 10 meter gjekk utafor. Etter dette tilreiv Norborg seg eit visst initiativ og greidde å bite seg fast på Herd sin halvdel. Etter 10 minutt får så Norborg corner etter eit godt angrep der Edward Laverton kjem seg fri på høgresida og ein Herd spelar får så vidt klarert innlegget til corner framføre ein Norborg-spelar. Corneren snappar Herd å sette i gong ei kontring som endar med at Steinar Flesjå spring frå heile Norborg-forsvaret å sette ballen sikkert i mål aleine med keeper Kurt Erik Grytten.

Svakt spel

Resten av omgangen er prega av mange feilpasningar og svakt spel. Norborg greier å temme Herd sin raske kanspelarar og skaper også dei einaste to sjansane. Først får Kristian Søviknes god tid til å skyte innafor 16 meteren, men forsøket går rett på keeper, som dog held på å fomla den i mål. Kristian får også den andre sjansen. Denne gong på hovudet, men også her rett på keeper.

Alt i alt ein skuffande omgang med få målsjansar, mange feilpasningar og feilval.

Grusom start
2. omgang begynne på verst tenkelege måte for Norborg. Allereie før to minutt er spelt kontrar Herd inn 2-0 ved Vegard Bruland etter at Norborg har hatt frispark oppe på bana.

Blir audmjuka
Den neste halvtimen var eit einaste langt gjesp der ingen av laga greier å skape noko særleg framfor mål. Kvarteret før slutt legg så Herd på til 3-0 etter feil av Norborg. Vegard Bruland får ballen like utafor 16 meteren å lobbar over ein utrustande Kurt Erik. Norborg gir no meir eller mindre opp og Herd kjem seg til tre store sjansar i sluttminutta. To minutt på overtid blir det så 4-0 då Vegard Bruland fullfører sitt hat-trick med å elegant hælsparke eit innlegg i mål.

Lite fungerte
Norborg fekk til svært lite i denne kampen og trøysta får vere at det berre kan gå ein veg etter dette. Laget fungerte rimeleg bra defensivt dei første 75 minutta, men rakna på slutten. Offensivt var det svært lite som fungerte.

Herd var omtrent som forventa. Dei har eit bra teknisk lag og nokre raske kantspelarar, men på ei humpete grasbane vil nok laget få slite. Så velkomen til Norborg-land.