Ellingsøy-Norborg 1-8 (1-6)
Nes stadion, 01.09.05
1 sjansar 16
3 cornere 7
1 1
0-1 Ståle Hurlen (5)
0-2 Eirik York (16)
0-3 Sjølmål (28)
0-4 Christian Søvik (34)
1-4 Kristoffer Dahle (36)
1-5 Steffen Grytten (41)
1-6 Tarjei Urkedal (45)
1-7 Steffen Grytten (66)
1-8 Christian Søvik (90)
Dommar: Harald Thorsen (Spjelkavik) – 5
Ass. dommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Trygve Ottar Dahl (Blindheim)
Tre beste:
Kim Idar Krogsethagen – 9
Christian Søvik – 8
Eirik York – 7
Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Stein Erik Alvestad, 72), Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen, Asgeir Kalvø (Jan Even Drønnesund, 46) – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 72), Eirik Yrok (Kristian Søviknes, 81), Stein Erik Reitan (Steffen Grytten , 40), Tarjei Urkedal (Asgeir Kalvø, 66) – Edward Laverton (Adrian Håbet, 28), Ståle Hurlen (Christian Søvik, 85)
Det var ingen tvil kvar poenga ville hamne på Nes stadion torsdag kveld. Norborg var det klart beste laget frå første stund, og det heile var berre snakk om kor stor ville sigeren bli. Det stoppa på 8-1, men kunne med litt større konsentrasjon framfor mål blitt langt meir.
Norborg gjekk aggressivt ut og tok kommandoen frå start av. Fem minutt ut i omgangen skulle ein då også få løn for strevet då midtstoppar Kim Idar Krogsethagen slår eit presist oppspel til Kristian Søviknes, som flikka den vidare på direkten til Edward Laverton. Han tok med seg ballen til kortlinja og slo inn til Ståle Hurlen som heada ballen i mål frå kloss hald. Vakker fotball og 1-0 til oransjetrøyene.
Sjanse på sjanse
Omgangen fortsette med mykje bra spel av Norborg. Etter å ha svidd av eit par store sjansar kom så 2-0 målet på ei heading av Eirik York etter ein godt slått corner av Stein Erik Reitan. Når vi nærmar oss halvtimen ropar Ellingsøy på straffe, men dommar Harald Thorsen vinkar spelet vidare. I staden for straffe går Norborg i angrep og etter litt om og men skyt Tarjei Urkedal via ein Ellingsøy-forsvarar og mot mål. Keeper ser ut til å ha god kontroll på ballen som kjem dalande, men greier likevel å fomle den i mål til 3-0. Norborg fortsete å halde høgt tempo på ballen og litt etter er det klart for 4-0 og dagens andre corner mål. Reitan legg nok ein gong presist inn framfor mål. Ellingsøy får ikkje klarert og Christian Søvik klinkar ballen i nota frå 10 meter.
Ellingsøy med eit lite håp
Norborg let no Ellingsøy få kome meir inn i spelet, og etter eit par farlege dødballar får dei også trøystemålet sitt på ei heading av Kristoffer Dahle etter corner. Dette var einaste skikkelege sjansen heimelaget hadde i løpet av heile kampen. Norborg sitt forsvar med Kim Idar Krogsethagen i spissen var svært solid og lot aldri Elingsøy med svære Kenneth Bjørke på topp få rom.
Ingen tvil
Målet vekker Norborg igjen og i sluttminutta lager ein to nye mål. Først scorar Steffen Grytten med sitt første spark på ballen etter at han kom inn for ein småskadd Reitan. Målet kom etter eit godt slått frispark av Krogsethagen. På overtid header Tarjei Urkedal inn eit frispark av Kristian Søviknes. Det var dermed ingen tvil kvar sigeren skulle gå.
Høgt tempo på ball, dyktig på 2. ballar og god effektivitet framfor mål av Norborg i 1. omgang. Motstanden var ikkje all verda, men på ei vanskeleg og sleip bane viste Norborg svært mykje bra.
Store sjansar
Norborg fortsette å styre kampen etter pausen, men ein greidde aldri å få samme balltempo som i første. Likevel kom ein seg til mange klare sjansar. I løpet av dei første 20 av 2. omgang måtte Ståle Hurlen sjå ei avslutning gå i stolpen, Adrian Håbet fekk eit skot redda på strek, Kristian Søviknes fann ikkje nettmaskene med sitt skot frå god posisjon, medan Steffen Grytten heada utafor frå 2 meters hald.
Når vi først nærma oss halvspelt omgang gjekk ballen endeleg i mål til 7-1. Denne gong ved Steffen Grytten på eit skot i frå 12 meter etter retur frå keeper. Norborg gjorde etter dette ein del rokeringar på laget, men fortsette å legge press på heimelaget. Både Steffen og Ståle fekk gode sjansar til å auke leiinga, men utan resultat. 8-1 skulle likevel kome. Adrian Håbet forfølgte ein ball på kortlinja og la inn til Christian Søvik som finn nettmaskene for andre gong i kampen med eit velplassert skot i frå 15 meter.
Solid kamp
Ein godt gjennomført kamp av Norborg som prøvde å halde oppe tempoet og innsatsen gjennom samtlege minutt. Ellingsøy har hatt eit oppsving i forma den siste tida, men vart fullstendig avkledd av eit langt betre besatt Norborg-lag. Oransjetrøyene spelte nok ein gong god fotball der ein tok med kantspelarane og fekk mange innlegg. Det var divisjonsforskjell på Nes stadion denne kvelden.
Ruvande midtstoppar
Best på Norborg var Kim Idar Krogsethagen. Han stor verkeleg fram som ein hærførar i midtforsvaret og skapar tryggleik i heile laget med fart, teknikk, fysikk og overblikk. Veldig positiv kamp også av Christian Søvik som var solid defensivt og gjekk på mange løp offensivt. To mål vart det også på venstre backen.
Nøgd trenar
– Vi presterer i lengre og lengre periodar godt spel, gjengen tør å prøve, ser at dei lykkast, blir stinn av sjøltillit og så kjem måla også, seier trenar Øystein Haugan. Eg er steikje nøgd med at alle gjer akkurat som avtalt. Stor aggressivitet, tempo på ball, rundt på kantane og PANG i mål. Nes stadion si tronge og sleipe grasmatte liknar jo litt på Søvikdalen. Er det difor Norborg kanskje leverte årsbeste? – Ser ein på Tarjei i denne kampen så vart han litt tårevåt der han for å susa opp og ned atleget. Jau, det vart vel så pass med nostalgi at dei fleste følte dei spelte opp i dalen, og fekk ei ekstra vitamininnsprøyting av det.
HaNo neste. Der får du ikkje med deg Steffen, Ståle og Edward. Det blir tøft? Det at disse 3 mase snøsane der ikkje blir med er heilt greit. Einaste grunn til at dei spela er fordi at dei er så steike travel å ha på benken. Ingen av dei er noe spesielt flink til å koke kaffe heller (Norborg-trenarane har innført kaffepåbud på benken. Heime i Uggedalen traktar ein faktisk sin eigen kaffe på innbyttarbenken). Trur kampen mot HaNo blir ein skikkeleg spennande kamp. Noko det alltid er i slike lokaloppgjør. Synes også at det er veldig positivt at kampen er lagt til ei helg kor HaNo har folkefest på øya. Alltid kjekt der ute. Gleder meg veldig.
Lokalderby på søndag
Norborg får altså ikkje lang tid til å nyte sigeren. Allereie på søndag møter ein HaNo, som gjekk på ein smell denne runda med 7-0 tap for Rollon. Til denne kampen vil Norborg mangle Steffen Grytten med karantene, samt Ståle Hurlen og truleg også Edward Laverton, som fekk seg ein smell midtvegs i 1. omgang.