Brattvåg – Norborg 2-0

Brattvåg – Norborg 2-0 (1-0)
4. divisjon, Brattvåg KGB, 29.04.05

10 sjansar 7
4 hjørnespark 4
2 0

1-0 Martin Sundnes (38)
2-0 Arnel Colic (58)

Gult kort: Lennart Holmem og Enis Maksumic, begge Brattvåg

Dommar: Tor Bjermeland, Herd – 6
Ass. dommarar: Arne Per Pedersen, AaFK og Ernst Myhre, Spjelkavik

Tre beste:
Knut Ivar Bjørlykhaug – 9
Steffen Grytten – 7
Kurt Erik Grytten – 7

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten (Øyvind Kvammen, 79), Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Eivind Fjørtoft, 85), Eirik York, Stein Erik Reitan (Adrian Håbet, 75), Tarjei Urkedal (Steffen Grytten, 85) – Edward Laverton, Martinus Grytten (Øyvind Kvammen, 34) (Martinus Grytten, 46)

Brattvåg hadde marginane på si side å behaldt alle poenga nårom fjellet i tidenes første seriekamp mot Norborg. Det var Norborg som starta kampen best, men etter at Brattvåg fekk ei billeg straffe like før pause senka heimelaget skuldrene å skapte meir enn sine oransje naboar.

Utgangspunktet til dei to naboklubbane var vidt forskjelleg. Brattvåg starta serien med ein grei siger mot SIF2 og kunne også i denne kampen stille med toppa lag. Norborg stod med null mål og null poeng, samt at ein har store skadeproblem.

Norborg best i gang
Det var oransjetrøyene som opna kampen best og la eit visst trykk på nølande Brattvåg-spelarar. Kristian Søviknes kom til to avslutningar i løpet av dei første fem minutta, men begge skota gjekk over ex-norborgar Espen Wold sitt mål. Det tok eit kvarters spel før Brattvåg produserte sin første sjanse då Arnel Colic får god tida innafor 16 meteren, men skotet hans blir stoppa av ein flott beinparade av Kurt Erik Grytten.

Store Norborg sjansar
Norborg let seg likevel ikkje skremje og like etter fossar Edward Laverton igjennom Brattvåg-forsvaret, men aleine med Espen Wold blir avslutninga for svak. Nokre minutt seinare er det Tarjei Urkedal som er i fint driv gjennom heimelaget sitt forsvar, men avslutninga går utanfor mål. Norborg burde på dette tidspunktet ha leia kampen.

Tvilsam straffe
Etter ein halvtime med Norborg som det førande laget starta Brattvåg å bli varme i trøya. Først får Azem Maksumic ein stor sjanse innafor 16 meteren, men skotet går rett på Kurt Erik Grytten. Så får vertane eit billeg straffespark etter at Frank Dalhaug skyt ballen i handa på Stein Erik Reitan. Eksekutør Martin Sundnes viser Norborg ingen nåde å sette ballen iskaldt inne ved stolpen etter å ha sendt Kurt Erik Grytten feil veg. Dermed ei litt ufortent Brattvåg-leiing.

Wold med feberredning

Like etter spelar Norborg seg fram til ein gedigen sjanse. Christian Søvik kjem seg elegant rundt på venstresida å legg inn til Tarjei Urkedal som frå kloss hald sette hovudet på ballen, men keeper Wold vartar opp med ei fantastisk redning. Brattvåg svarar på angrepet med ei rask kontring som Arnel Colic sette rett på Kurt Erik Grytten.

Norborg vann dei aller fleste duellane og var lenge det spelemessig førande laget iein spelemessig god 1. omgang. Det var dermed litt flatterande at det var heimelaget som gjekk til apuse med 1-0 leiing etter eit tvilsamt straffespark.

Etter pausa var det Brattvåg som begynte best og spelte seg fram til eit par nesten sjansar, men så vakna Norborg igjen å kom seg til ein stor sjanse ved Edward Laverton. Han mottek ballen på seksten, dreg seg fri men avslutninga blir for å svak. Minuttet etter er Martinus Grytten frampå med ein volley etter eit godt innlegg frå Asgeir Kalvø. Avslutninga går likevel høgt over.

Kontrar inn 2-0
Etter desse to Norborg forsøka får Brattvåg til ei god kontring ved Martin Sundnes. Han får fritt føre ball på Norborg sin halvdel, glir gjennom forsvaret, men avslutninga blir blokkert av Kurt Erik Grytten. Returen går rett i beina på Arnel Colic som enkelt plasserer ballen i mål til 2-0.

Brattvåg med klare sjansar
Den neste halvtimen er Brattvåg det beste laget å skapar fleire klare sjansar mot eit Norborg lag som begynne å bli slitent. Azem Maksumic, Frank Dalhaug, Arnel Colic og Lars Martin Vestre hadde alle gode mogelegheiter til å auke leiinga, men endten så gjekk avslutninga utafor, på keeper eller ved eit tilfelle der Eirik York stod på strek å hindra mål. Norborg sine svakheiter kom i denne perioden av kampen tydeleg fram, medan Brattvåg sine tekniske og raske spelarar fekk meir spelerom enn i 1. omgang.

På overtid friskna Norborg til igjen og får sjansar til å pynte på resultatet ved Steffen Grytten og Christian Søvik, men ballen ville ikkje i mål for oransjetrøyene denne kvelden og det ebbar ut med 2-0 siger til Brattvåg.

Kampen sett under eitt så skapte Brattvåg flest sjansar og tok ein fortent siger, men vi set med følelsen av at det kunne ha blitt eit anna utfall dersom Tor Bjermeland ikkje hadde gitt heimelaget straffe. Likevel, ein svært positiv kamp av Norborg som heva seg fleire hakk frå sist kamp. Med samme innstilling mot Skarbøvik2 på onsdag blir det garantert både mål og poeng. Brattvåg på si side opna litt famlande, men etterkvart fekk dei meir flyt i spelet og viste at dei blir å rekne med i toppen av divisjonen med sitt tekniske og kondisjonssterke mannskap.

Hos heimelaget var keeper Espen Wold og midtstoppar Enis Maksumic dei beste, medan Knut Ivar Bjørlykhaug var etter vår eining kampens beste spelar. Han vann alle duellane i lufta, spelte sikkert og viste også at han har fart i kroppen. Elles var det mange av Norborg sine spelarar som spelte ein god kamp der dei heva seg fleire hakk sidan sist.

Neste kamp er borte mot Skarbøvik2 på onsdag. Då blir det endeleg graskamp.