ÅVK – Norborg 1-2

Åram/Vanylvskameratane – Norborg 1-2 (0-1)
Eidsåvoll gras, 28.05.05

7 sjansar 7
4 hjørnespark 4
2 2

0-1 Stein Erik Mårstøl (8)
1-1 Øyvind Myklebust (62)
1-2 Eirik York (90+2)

Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Ass. dommarar: Tor Bjermeland (Herd) og Svein Vestnes (AaFK)

Tre beste:
Edward Laverton – 7
Stein Erik Reitan – 7
Eirik York – 7

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug, Stein Erik Mårstøl, Asgeir Kalvø – Kristian Søviknes (Martinus Grytten, 80), Eirik York, Stein Erik Reitan, Martinus Grytten (Adrian Håbet, 20) (Øyvind Kvammen, 80) – Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton

Norborg fekk med seg tre svært viktige poeng i bortemøtet med ÅVK laurdag, men sigeren sat svært langt inne. Først to minutt på overtid kjempa Eirik York inn vinnarmålet. Nokre minutt før den tid hadde heimelaget sjansen til å ta føringa i kampen på straffespark, men mislukkast.

Nokon god kamp fekk vi aldri sjå på Eidsåvoll laurdag, men dramatikk skulle det bli i massevis. Norborg sin trenar Øystein Haugan fokuserte før kampen på at sjølv om ein har fått inn eit par spelarar den siste tida som normalt skal løfte laget, så er det hard jobbing som fortsatt skal til for å vinne fotballkampar.

Tidleg leiing
Med desse orda gjekk Norborg ut og tok eit kraftig tak i kampen frå første spark. Med rørsle, presisjon og innsats presterte Norborg års beste dei første minutta, og leiarmålet let ikkje vente lenge på seg. I det 8. minutt får Norborg hjørnespark. Stein Erik Reitan legg ballen inn i feltet og etter litt om og men får Stein Erik Mårstøl plassert ballen i mål frå 14 meter til 1-0.

Svakt spel
Etter målet fell kvaliteten på Norborg sitt spel, og ÅVK kjem seg gradvis inn i kampen. Ved halvspelt omgang vise heimelaget sin dyktige spiss Ole Per Kragset, seg fram for første gong då han lurer eit par mann og skyt i frå 17 meter, men ballen går via eit Norborg-bein og til ein resultatlaus corner.

Det neste kvarteret blir meir eller mindre eit langt gjesp, med mange feilpasningar og få situasjonar framfor mål. Like før pause vaknar likevel kampen til liv då ÅVK får frispark ute på høgrekanten. Avstanden er 30 meter og alle forventar innlegg, men Ole Per Kragset dunkar til og ballen susar i tverrliggjar. Dette såg ut til å vekke oransjetrøyene i frå den dvalen ein hadde vore i den siste halvtimen, og ein kjem seg til to gode sjansar i sluttminutta. Først er det Edward Laverton og Adrian Håbet som held leikestove ute på høgrekanten før Adrian legg inn til ein umarkert Kim Idar Krogsethagen på 16 meteren. Kim Idar dunker til, men utafor. Litt etter er det Knut Ivar Bjørlykhaug som får ein kjemesjanse til å auke leiinga etter eit frisparkinnlegg av Stein Erik Reitan, men frå to meters hald header Knut Ivar utafor stolpane.

Sjansefattig
Sjansefattig 1. omgang der Norborg opna best, men kom inn i eit vondt spor med utallege feilpasningar og lite plan over spelet etter at ein tok leiinga. Heimelaget kjempa godt, men sett i frå nokre frispark hadde ein lite å by på framover i denne omgangen. Sjansestatistikken viste 3-1 i Norborg sin favør.

Store sjansar
Etter kvila er det ÅVK som får første sjansen etter slurv i Norborg sitt forsvar. Ballen havnar hos Håvard Karlsen som står heilt aleine på 10 meter. Utruleg nok dunkar han ballen to meter over mål. Norborg skrur så opp tempoet og etter 5 minutt er Asgeir Kalvø igjennom ÅVK sitt forsvar, men avslutninga frå 8 meter er for svak og keeper Ottar inge Rusten har ingen problem med å redde. – Eg fekk ballen litt for langt framføre meg når eg skulle skyte. Derfor gjekk ballen ved nærmaste stolpe i staden for bortarste, sa Asgeir etter kampen.

Nokre minutt seinare er det duka for kampens flottaste angrep. Norborg trillar ball i bakre rekker før Stein Erik Mårstøl kjem med ei forløsande langpasning ut til Kristian Søviknes på venstrekanten. Han tek med seg ballen inn på bana, passer til Kim Idar som finter av ein mann og er igjennom, men Kim Idar trur han har dårlegare tid enn han har og skyt utafor med venstra frå 15 meter. Minuttet etter er samme mann på farta igjen. Denne gongen med eit skot/lobb frå 25 meter. Mange ser ballen inne, men den går like over tverrliggar.

Heimelaget utliknar
Etter desse Norborg angrepa er det ÅVK som får kampen inn i sitt spor, og 17 minutt ut i omgangen rotar Norborg det til for seg ute på høgresida si. ÅVK kjem seg enkelt igjennom, og i kamp med keeper Kurt Erik Grytten får ÅVK sin kaptein Øyvind Myklebust krangla ballen over streken til 1-1.

Trenaren med straffebom
Kampen går så inn i ein lite underhaldande periode der begge lag sine forsvar har god kontroll, men i det siste kvarteret opna kampen seg skikkeleg opp med sjansar til begge lag. Heimelaget har dei klaraste sjansane. Håvard Karlsen blir spelt igjennom etter dryge halvtimen, men i staden for å ta med seg ballen inn i 16 meteren vel han å skyte frå kanten av 16. Skotet går over og ut. Nokre minutt seinare er det Ole Per Kragset som får ein gedigen sjanse etter innlegg av Henning Hansen. Men frå 13 meter dunker han ballen over mål. Minuttet seinare får ÅVK straffe då dommaren meinar Kurt Erik klipper ned Stig Ronny Kragset. Kurt Erik tek spelaren, men er klart først på ballen. Straffa sette spelande trenar Ole Theodor Hovden utafor. Stig Ronny Kragset kom etter kampen bort til Kurt Erik og beklaga at det vart straffe. – Du var klart først på ballen, men tok meg etterpå. Det var ikkje noko forsøk på filming frå mi side, men rettferda sigra jo ettersom det ikkje vart mål, sa Kragset.

Siger på overtid
I sluttminutta sende Norborg stadig fleire mann i angrep for å få med seg alle poenga. Eitt minutt på overtid lurer Eirik av ÅVK sin høgreback nede ved kortlinja. Han avanserar mot mål før han blir felt like utafor straffefeltet. Stein Erik Reitan legg frispark over til Asgeir Kalvø. Han kom seg ned til kortlinja og la perfekt inn framfor mål der Eirik York stig til vers og headar inn sigermålet til ellevill jubel frå Norborg benken.

Dommar Lund la til nærmare 5 minutt, men Norborg spelte rutinert og lot ikkje ÅVK få sjansen til å utlikne.

Norborg kan vere særs glad over å få med seg alle 3 poenga i denne vanskelege bortekampen. ÅVK skapte fleire store sjansar utover i 2. omgang, og berre ukonsentrerte spissar hindra scoringar. Hos Norborg gjekk det litt for mykje i rykk og napp i dag, og ein greidde berre tidvis å vise fram godt spel. Likevel haldt det til 3 poeng på ein heller dårleg dag.

Fotball er gøy
Trenar Øystein Haugan hadde følgjande kommentar etter kampen:- utruleg glad for at vi ikkje ga opp, men stod på til “the bitter end”. Det vise seg at når alle jobba i fellesskap i 95 minutt så kjem resultata. Spelemessig levert vi ikkje nokon god kamp. Til det var presisjonen for dårleg og spesielt i 1. omgang kom vi ofte på halvdistanse. Men viljen var det lite å utsette på og når vi då får lønn for strevet to minutt på overtid kan det ikkje bli betre. Fotball er gøy når det går slik.

Norborg sin bestemannspris vel vi å gi til Edward Laverton. Han jobba som ein helt i samtlege minutt, og varta i tillegg opp med tekniske finesser. Stein Erik Reitan levert også ein god kamp der han tok meir og meir tak utover kampen. Vi kan heller ikkje utelate Eirik York som jobba godt og i tillegg vart matchvinnar. Stein Erik Mårstøl gjorde også ein glimrande jobb på ein uvand plass, og hadde god kontroll på Ole Per Kragset.

Norborg står no med fire kampar utan tap før opningskampen på den nye grasbana i Uggedalen neste søndag kl. 15. Motstandar i den kampen er formsterke Godøy.