Skarbøvik2 – Norborg 3-3

Skarbøvik 2. lag – Norborg 3-3 (1-1)
7 sjansar 9
6 hjørnespark 6
1
1
0 0

Arena: Skarbøvik stadion, 18.08.04

Tilskodarar: 35

0-1 Alexander Gamlem (3)
1-1 Trond Iversen (23)
2-1 Joakim Olsvik (49)
2-2 Eirik York (54)
2-3 Kim Idar Krogsethagen (str. 59)
3-3 Kristoffer Syversen (90+3)

Dommar: Jan Lund (Blindheim) – 8
Assistentdommarar: Øyvind Heggstad (Spjelkavik) og Jan Olav Nilsen (FK Sykkylven)

BB:
Hans Furnes, SIF2

Norborgs tre beste:

Alexander Gamlem – 7
Geir Ove Grønli – 7
Tarjei Urkedal – 7

Laget:
Kurt Erik Grytten

Christian Søvik
– (Jan Even Drønnesund, 84)
Knut Ivar Bjørlykhaug
Geir Ove Grønli
Steffen Grytten

Kristian Søviknes
Stein Erik Reitan
– (Tarjei Urkedal, 46)

Eirik York

Alexander Gamlem
Kim Idar Krogsethagen
Øyvind Kvammen
– (Edward Laverton, 76)

Norborg måtte sjå to poeng forsvinne då Skarbøvik2 utlikna på eit frispark frå over 40 meter tre minutt på overtid. Eit mål som for øvreg burde ha blitt avblåst for angrep på keeper. Kampen var jamspelt og velspelt, men Norborg burde ha greidd å dratt i land sigeren og brente blant anna ein stor sjanse på stillinga 3-2.

Norborg gjorde to forandringar på laget som vann over Sunnylven sist veke. Kurt Erik Grytten fekk sjansen i mål, medan Christian Søvik kom inn på venstreback.

Pangopning
Norborg fekk ei svært god opning på kampen og tok leiinga allereie etter 3 minutt ved Alexander Gamlem. Alexander har tidlegare slitt voldsamt framføre mål, men her runda han høgrebacken lett og sette ballen perfekt forbi keeper Tor Martin Sørli heilt inne ved lengste stolpe til ellevill jubel frå norborgarane.

Heimelaget farleg frampå
Feiringa av målet såg ut til å ha gjort Norborg-spelarane slitne, for heimelaget tok over kampen dei neste minutta og skapte to farlege sjansar. Først gjekk ei heading like utafor etter ein corner, så ei kontring som Christian Søvik fekk rydda opp i siste liten.

Etter eit kvarter vakna Norborg til liv igjen å produserte to gode sjansar. Først blir Kim Idar Krogsethagen spelt igjennom, men i staden for å ta med seg ballen mot mål, vel han å skyte frå over 20 meter. Eit klart feilval ettersom skotet gjekk langt utafor. Nokre minutt seinare slår Geir Ove Grønli eit frispark fram til Kim Idar som headar frå knappe ti meter, men keeper Sørli får slått ballen til corner.

Iversen utliknar
Skarbøvik2 var eit fintspelande lag og skapte ein del bryderi for Norborg-forsvaret i 1. omgang. I midten av omgangen spelar dei seg fint fram på høgresida og får lagt inn, men avslutninga blir blokkert til corner. Hjørnesparket vart slått godt inn og Trond Iversen dundrar ballen i mål frå vel 10 meter.

Etter utlikninga bølgjer kampen fram og tilbake, og begge lag kjem seg til gode sjansar, men SIF2 har ballen litt meir enn oransjetrøyene. Største sjansen for Norborg hadde Knut Ivar Bjørlykhaug, men han sklir når han skal skyte ballen i mål, og SIF-spelaren får ein enkel jobb med å redde på streken. SIF2 måtte også sjå ei avslutning bli redda på streken av Geir Ove Grønli.

Bra angrepsfotball
Alt i alt ein underhaldande 1. omgang med to spelande og angrepsvillige lag. Heimelaget hadde det spelemessige overtaket i store periodar, men sjanseprotokollen var temmeleg lik. Norborg sleit litt med å kome opp i ballførar på midtbana, samt at ein angreip litt for mykje på den eine sida i staden for å variere.

SIF2 tek føringa
Norborg starta 2. omgangen best, men det var likevel SIF2 som scora. Målet kom på ei kontring som Norborg tilsynelatande hadde full kontroll på. Knut Ivar Bjørlykhaug ser ut til å stoppe heimelaget si kontring, men i det han dempar ballen sklir han og fell. Ein SIF2-spelar snappar ballen, stormar framover høgresida, slår inn framfor mål til ein umarkert Joakim Olsvik som enkelt breisida ballen i mål.

Norborg snur kampen
Norborg kjem seg raskt til hektene. Ni minutt ut i omgangen vinn Kim Idar ballen frå Hany Suleiman nede på høgrekanten av 16 meteren. Kim kjem seg ned til kortlinja, legg flott ut til Eirik York som sikkert skyt i mål. Fem minutt etter kjem Tarjei Urkedal seg ned til kortlinja, legg flott inn til Kim Idar som blir dytta vekk når han skal heade inn leiarmålet. Den hittil utmerka dommar Jan Lund dømmer korrekt straffe. Straffa sette Kim Idar sikkert i mål til 3-2 leiing.

Nær punktering
Etter dette underhaldande opningskvarteret av 2. omgang roa kampen seg. Norborg har full kontroll defensivt, men trass eit spelemessig overtak greidde ein ikkje å skape klare sjansar. Til det vart sistepasninga for upresis. Knappe ti minutt før slutt får så Edward Laverton ein stor sjanse til å punktere kampen. Han får ein ball i bakrommet, spring frå forsvaret, men aleine med keeper skyt han utafor frå 16 meteren.

Frispark, keeperoverfall og mål
Når kampen passera 90 minutt gir dommaren beskjed om at han legg til 4 minutt. I dei to første minutta av desse har Norborg full kontroll, pressar heimelaget tilbake på bana og kjem seg til to hjørnespark. Tre minutt på overtid bles dommaren, og enkelte norborgarar på tribuna trur dommaren har blåst av kampen. Så har ikkje skjedd. Heimelaget har fått frispark nokre meter inne på Norborg sin banehalvdel. Frisparket slår Kristoffer Syversen mot mål. Keeper Kurt Erik Grytten fokuserer på ball og skal enkelt plukke den ned, men blir rent ned av ein SIF2 spelar og ballen går i mål. Til dei oransjekledde si store undring godkjenner dommaren målet og Norborg har tapt to viktige poeng.

Uflaks hindrar siger
Norborg gjorde ein bra 2. omgang, hadde ballen mest og scora to mål. Diverre får heimelaget to svært billege mål. Det første etter eit uheldig fall i Norborg-forsvaret, det andre på eit klart frispark til keeper Kurt Erik. Det ser dermed ut som Norborg ikkje heilt har marginane på si side i år, og har tapt mange poeng på tilfeldigheiter.

Ingen av spelarane på Norborg utemerka seg noko spesielt meir enn andre. Alexander Gamlem viser stor innsats og tek mange initiativ på venstresida, og i denne kampen vart det også utteljing framføre mål. Tarjei Urkedal gjorde eit bra innhopp og Geir Ove Grønli spelte solid i forsvaret.

Dommar Jan Lund dømte til beste karakter dei første 92 minutta, men diverre tabbar han seg ut då han godkjende SIF2 sitt 3. mål.

Neste kamp for Norborg er heime mot Vigra torsdag 26. august kl. 1830.