Norborg – Stranda 0-2

Norborg – Stranda 0-2 (0-1)
5 sjansar 7
6 hjørnespark 7
3
0
0 0

Arena: Norborg gras, 05.08.04

Tilskodarar: 67

0-1 Espen Hove (41)
0-2 Frode Fausa (80)

Dommar: Kjell Heltne (Spjelkavik) – 4
Assistentdommarar:
Odd Arne Grande (Skodje) og Morten Stokke (Valder)

BB:
Stein Erik Mårstøl, Norborg

Norborgs tre beste:

Stein Erik Mårstøl – 8
Stein Erik Reitan – 6
Kim Idar Krogsethagen – 6

Laget:
Geir Roar Gamlem

Steffen Grytten
Kristian Søviknes
Roger Grytten
– (Geir Ove Grønli, 48)
– (Jan Even Drønnesund, 87)

Stig Wold
– (Asgeir Kalvø, 46)

Eirik York
– (Edward Laverton, 41)
Stein Erik Reitan

– (Øyvind Kvammen, 37)
Stein Erik Mårstøl
– (Eirik York, 84)
Tarjei Urkedal

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Alexander Gamlem, 37)

Stranda var dyktigast framføre mål og tok tre svært viktige poeng i regnveret i Søvikdalen torsdag kveld. Norborg hadde sine sjansar til å score, men hadde ikkje dei nødvendige marginane på si side.

Norborg stilte mannsterke til denne kampen og hadde ein benk mange lag kan misunne, men korleis var forma etter fleire vekers ferie? Blant anna kom midtstoppar Roger Grytten først heim frå ferie 1 time før kampstart og danna for første gong par med Kristian Søviknes. Fleire andre hadde også få treningar før denne kampen.

Feil fot hindra leiing
Det var Norborg som kom best i gong og trua Stranda ved eit par høve dei første fem minutta. Største sjansen hadde Eirik York, men frå 8 meter skaut han utafor med høgrefoten. Stranda kan her vere glade for at han ikkje fekk lagt ballen over på god foten.

Stranda svært nær
Etter opningsminutta jamna kampen seg ut og etter 20 minutt får Stranda sin første sjanse på ei heading frå 8 meter etter innlegg frå venstrekanten, men Geir Roar Gamlem redda meisterleg. Fem minutt seinare er kontrar Norborg ved Kim Idar Krogsethagen. Han dribla ein forsvarar, kom seg inn i 16 meteren, men i staden for å avslutte prøver han å drible av endå ein forsvarar, det gjekk ikkje og ballen vart tackla ut til corner. Ti minutt før pause er gjestane svært nær leiinga då dei heada i stolpen etter eit hjørnespark.

Hove perle
Fem minutt før pause får Stranda eit unødvendig frispark etter ein hands. Espen Hove straffar handsen knallhardt og sette frisparket perfekt over muren og i krysset. Etter målet greidde ikkje Norborg å true Stranda og gjestane kunne gå fornøgd til pause.

Alt i alt ein jamn 1. omgang med få sjansar. Til det vart sistepasninga for upresis hos begge lag. I tillegg var det to kompakte og defensivt disiplinerte lag som møttest.

Norborg hardt ut
Norborg tok kommandoen frå start av i 2. omgang og allereie etter eit par minutt kjem første sjansen. Tarjei Urkedal spelar igjennom Øyvind Kvammen som fossar mot mål, men i staden for å avslutte sjølv, spelar han tilbake til Tarjei som ikkje får kontroll på ballen og sjansen renn ut i ingenting.

Dommaren hindra utlikning
Norborg fortsette å styre kampen og etter 11 minutt mottar Alexander Gamlem ballen på venstresida. Han går inn mot 16 meteren og får så vidt gitt ballen til Stein Erik Mårstøl som skyt i mål. Publikum jublar, men gleda går fort over i sinne, for dommaren har utruleg nok blåst frispark til Stranda. Etterkvart dabba Norborg av og starta å spele svært omstendeleg. Dårleg rørsle på topp førte til mykje balltrilling på eigen banehalvdel og lågt tempo.

Forsvarsfeil punktera kampen
Ti minutt før slutt avgjer så Stranda kampen. Frode Fausa utnyttar feil i forsvaret og sette ballen sikkert nede ved lengste stolpe til 2-0. Nokre minutt seinare får Stranda nok ein brukbar sjanse, men skotet frå 18 meter blir redda av Geir Roar. Norborg dytta i sluttminutta mange fram i angrep, men det nærmaste ein kjem scoring er eit stolpeskot av Kim Idar frå 7 meter. På overtid var Jan Even Drønnesund dytta i bakken innafor 16 meteren, men dommaren ville ikkje lønne det teatralske fallet med straffespark. Dermed vann Stranda for første gong over Norborg sidan 1981.

Langt unna forma
Norborg hadde ballen mest, men Stranda skapte minst like mykje framføre mål og var ikkje minst langt meir effektive. Norborg mangla flyt i angrepsspelet og samme om ein spelte 4-4-2, 4-3-3 eller med fem mann i angrep så vart det skapt for få situasjonar framføre Stranda-keeperen. Både pasningskvaliteten og rørsla må opp fleire hakk. Hos Norborg er det alt for ofte pasninga som skaper rørsle, i staden for rørsle som skapar pasninga.

Stranda spelte heller ikkje nokon optimal kamp, men fekk for første gong på langt tid tre poeng mot oransjetrøyene. Godt forsvarsspel, hard jobbing og effektivt angrepsspel førte Stranda litt nærmare toppen av 4. divisjon.

Banens beste var Stein Erik Mårstøl. Han jobba godt, vann duellane og har ein ypparleg teknikk.

Neste kamp er heime mot Sunnylven torsdag 12. august kl. 1900.