Norborg – Skodje 3-1

Norborg-Skodje 3-1 (1-1)
13 sjansar 5
8 hjørnespark 3
0
0
0 0

Arena: Uggedal stadion, 06.02.04

Tilskodarar: ca. 25

0-1 ? (2)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (25)
2-1 Geir Ove Grønli (50)
3-1 Tarjei Urkedal (79)

Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy

Norborg sine tre beste:

Roger Grytten -8
Kristian Søviknes -7
Øyvind Kvammen -7

Laget:
Geir Roar Gamlem
– (Kurt Erik Grytten, 46)

Christian Søvik
Roger Grytten
Geir Ove Grønli
Kristian Søviknes

Eirik York
– (Geir Magne Grande, 82)

Bjørn Urkedal
– (Kenneth Vegsund, 70)
Tarjei Gjerset Urkedal

Alexander Gamlem
Kim Idar Krogsethagen
– (Kenneth Gamlem, 70)
Øyvind Kvammen

Skodje sjokkopna ved å ta leiinga før to minutt var spelt, men Norborg kom raskt til hektene og i tillegg til å score tre mål, styrte ein det meste av spelet og viste ofte svært god fotball i denne treningskampen på ei fin grusbane i Uggedalen.

Skodje gjekk aggressivt til verks mot Norborg i denne treningskampen, og fekk eit tidleg leiarmål på eit skot heilt nede ved stolperota frå om lag 20 meters hald. Skodje fortsette etter målet å stå høgt, men Norborg sitt forsvar hadde få problem med å demme opp, og etterkvart starta Norborg-maskina å ta meir og meir over.

Fortent utlikning
Tarjei Urkedal fekk heimelaget sin første sjanse etter ti minutt då han fekk stå like innafor 16 meteren og skyte, men diverre rett på keeper. Kim Idar Krogsethagen hadde eit brukbart forsøk på eit frispark før han ved halvspelt omgang fekk ein gedigen sjanse frå 10 meters hald, men avslutninga gjekk over. Norborg fortsette å presse på, og skapte fleire sjansar dei neste minutta før Kim Idar sette ballen i mål etter ein corner.

Norborg fortsette å spele god fotball og skapte mykje bryderi for Skodje på høgrekanten. Diverre vart sistepasninga for upresis til at ein skapte dei heilt store sjansane. Fem minutt før pause var Norborg svært nær leiinga då Øyvind Kvammen skyt på innsida av stolpen.

Laga gjekk til pause med 1-1, noko Skodje kan seie seg godt nøgd med. Norborg styrte det aller meste av spelet og skapte sju gode sjansar mot Skodje sin eine.

Corner er mål
Norborg starta best etter pause og etter fem minutt tok laget føringa 2-1. Kristian Søviknes slår ein presis corner på hovudet til Geir Ove Grønli som heada ballen i mål frå rundt 7-8 meter. Dette var Geir Ove sitt andre mål på tre kampar. Sterkt av ein som har spelt på midtstopparplass.

Etter målet kjem Skodje seg meir med i kampen og skaper nokre halvsjansar. På Norborg er det Kristian Søviknes på ein uvand høgreback plass, som står for det kreative med fleire gode stikk pasningar til Øyvind. Diverre vart innlegga litt for upresise i denne kampen, men når dei kjem på plass skal mange forsvar få slite.

Skodje nær utlikning
Ved omtrent halvspelt omgang spelar Skodje seg fram til to gode sjansar ved Lodve Rune Beite. På den første sjansen er Kurt Erik Grytten fint ute å redda, på den andre går avslutninga langt utafor. Så starta Norborg å ta over igjen, og etter 70 minutt kjem Alexander Gamlem seg til ein bra mogelegheit, men avslutninga blir blokkert ut til hjørnespark. Litt etter får Kenneth Gamlem ein god mogelegheit etter eit godt innlegg av Øyvind. Avslutninga til Kenneth går diverre for heimelaget via ein Skodjespelar og til corner.

Bonden punktera kampen
Ti minutt før slutt skal likevel Norborg auke leiinga. Øyvind legg inn frå høgresida, Tarjei får krangla med seg ballen inn på til straffemerket og skyt i mål til 3-1. Fem minutt før slutt er Skodje nær redusering, men Kurt Erik er med på notene og redda forsøket. I dei siste minutta spela Norborg med ti mann sidan ein aktiv Øyvind fekk krampe, men det hindra ikkje oransjetrøyene i å skape to store sjansar. Først blir ballen spelt opp til Geir Ove Grønli som blir kontant tackla, ballen går vidare til Alexander som stormar mot keeper, men diverre går avslutninga utafor. Like etter er det Geir Ove som får ein stor sjanse, men i kamp med ein forsvarar avslutta han svakt midt på keeper frå om lag 15 meter.

Fortent siger
Sluttstillinga vart dermed 3-1 til Norborg, noko som ikkje var eit mål for lite. Begge lag kan seie seg godt nøg med ein bra og underhaldande treningskamp på fine forhold. Norborg spelte fin fotball langs bakken med bra rørsle og godt vingspel. Ein var også aggressive i gjenvinningsfasen og greidde å halde trykket oppe. To mål på åtte hjørnespark er også bra.

På Norborg gjennomførte alle ein bra kamp, men vi vil spesielt trekke fram Roger Grytten i midtforsvaret og Kristian Søviknes på høgreback. Roger styrte forsvaret og hadde god kontroll på det meste med godt sikringsspel og god ballteknikk. Kristian var spesielt god etter pause då han sette i gang mange gode angrep.