Norborg – Nøtterøy 1-1

Norborg-Nøtterøy 1-1 (0-0)
Aars Stadion, 14.04.03

1-0 Stein Erik Reitan (68)
1-1 ? (79)

Startoppstilling: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Stig Wold – Kristian Søviknes, Tarjei Urkedal, Stein Erik Reitan, Asgeir Kalvø – Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten

Norborg spelte ein relativt dårleg kamp mot eit fysisk sterkt Nøtterøy-lag. Norborg var likevel det førande laget og hadde fortent meir enn 1-1.

1. omgang var svært keisam med få målsjansar. Norborg var det førande laget i banespelet, men skapte ikkje anna enn eit par halvfarlege dødballsituasjonar. Nøtterøy var full av skitne triks og skapte ingen ting.

2. omgang starta som første, men etter 23 minutt får Norborg til eit godt angrep. Christian Søvik bryt eit oppspel, slår igjennom Kristian Søviknes, som slår 45 ut til Stein Erik Reitan som klinka ballen i krysset.

Rundt ti minutt etter får Nøtterøy tidenes billegaste straffe. Morten Kalvø stod med hendene inn til kroppen då ballen traff han. Likevel blir det dømt straffe. Straffa blei satt sikkert i nota.

Dei siste ti minutta får Norborg to store sjansar. Først ved Søviknes som skyt over, så ved Amund Terøy som halvvegs bomma på ballen når han skulle avslutte for nærast blankt mål.