Norborg – ÅVK 3-2

Norborg – Åram/Vanylvskameratane 3-2 (2-2)
6 sjansar 8
9 hjørnespark 4
0
0
0 0

Arena: Norborg gras, 13.09.03

Tilskodarar: ca. 70

0-1 Bjørn Ove Åland (10)
1-1 Tarjei Gjerset Urkedal (14)
1-2 Ole Per Kragset (35)
2-2 Morten Kalvø (41)
3-2 Tarjei Gjerset Urkedal (73)

Dommar: Johnny Dyb, Ellingsøy -5

Norborg sine tre beste:

Tarjei Urkedal -8
Geir Roar Gamlem -8
Stein Erik Reitan -7

Dagens bilete

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Roger Grytten

Kristian Søviknes
– (Asgeir Kalvø, 89)

Steffen Grytten
Stein Erik Reitan
Tarjei Gjerset Urkedal

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Bjørn Urkedal, 46)
– (Edward Laverton, 70)

I ein ganske jamnspelt kamp viste Norborg størst effektivitet framfor mål og sleit seg til ein 3-2 siger over tabellnabo Åram/Van.kam.

Tidleg ÅVK leiing
Etter jamne opningsminutt starta ÅVK å ta tak i kampen når vi nærma oss ti spelte minutt, og då gjekk det heller ikkje lang tid før målet kom. Litt rot i Norborg sitt forsvar fører til at Bjørn Ove Åland kjem seg fri og puttar ballen enkelt i nota frå 7-8 meters hald. Eit par minutt seinare er ÅVK nær å doble leiinga. Tore Ytre-Hauge kjem seg rundt på venstresida og legg flatt inn til Ole Per Kragset som avsluttar. Men Geir Roar Gamlem er med på notane og reddar med ei glimrande beinparade.

Kjapp utlikning
Men i staden for 2-0 er det heimelaget som utliknar. Norborg har fått frispark ute på høgresida midt inne på ÅVK sin banehalvdel. Kenneth Vegsund får ikkje skikkeleg treff på ballen og den går svakt langs bakken mot mål. Men sjølv om Kenneth nok prøvde på noko anna skulle dette vise seg å vere eit lurt frispark. Ein ÅVK forsvarar lar nemleg ballen passere, der står Tarjei Urkedal. Han dempar ballen, snur seg og skyt i mål til 1-1. Minuttet etter er Tarjei i fint driv ute på høgrekanten og legg inn framfor mål. Innlegget hans treff Kristian Søviknes, men headinga hans blir redda av ÅVK sin stødige keeper.

Ved halvspelt omgang er ÅVK farleg frampå når det oppstår klabb og babb i Norborg sitt forsvar. Geir Roar reddar først eit skotforsøk, Morten Kalvø får ikkje klarert, ballen hamnar så hos Arne Runar Vik som står aleine på 8 meter. Vik kan berre roleg sette ballen i mål, men greier utruleg nok å skyte over. Her hadde Norborg flaks, medan Vik må trene avslutningar på neste trening.

Ny ÅVK leiing
Men kvittrøyene frå Vanylven er spelemessig det førande laget og ti minutt før pause får dei si velfortente scoring. Den rutinerte storscoraren Ole Per Kragset kjempar seg gjennom Norborg-forsvaret og skyt i mål frå 14 meter. Fem minutt etter er samme mann nær ved å score igjen. Men heldigvis for Norborg stod stolpen i vegen. Norborg går så rett i angrep og får seg ein corner. Den slår 100 kampars jubilant Kristian Søviknes rett på hovudet til Morten Kalvø som stussar ballen vidare i mål. 2-2, og norborgarane får roa nervane.

ÅVK skapte dei fleste sjansane i første omgangen på den ujamne grasbana i Søvikdalen.
Norborg sleit med å få til presisjonen i angrepsspelet sitt, og verka til tide lite stødig i forsvarsleddet.

Strafferedning av Gamlem
Etter pause er det ÅVK som startar best og pressa på. Riktig nok utan å skape dei heilt store sjansane. Men etter 10 minutt kjem dei seg igjennom. Geir Roar rykker ut, ÅVK-spelaren lobba ballen over han, Geir Roar snur seg og motspelaren spring inni han. Dommar Dyb er sikker i sin sak å dømmer straffe. Noko Geir Roar er ueinige i. – Nei det var ikkje straffe. Han lobba ballen over meg, ej snur meg og han spring på meg. Kor skal ej elles gjere av meg?, seier Geir Roar til norborg.com etter kampen. Rett eller gale? Straffe vart det. Lasse Skåre er eksekutør og skyt hardt nede ved stolpen, men som ein tiger er Geir Roar på plass å redda meisterleg. Like etter er ÅVK frampå igjen, men nok ein gong står Geir Roar i vegen.


Norborg tek over
Etter eit kvarter får Norborg sin første sjanse i 2. omgang. Søviknes legg ein corner over til Bjørn Urkedal som dunka til, men diverre gjeng ballen i stolpen. Men Norborg starta no gradvis å ta over spelet. ÅVK sine spelarar virka meir slitne, og Norborg ser ut til å ha kontroll på kampen. Men mangla eit mål.

Tarjei fiksa siger
Så 17 minutt før slutt får Christian Søvik til eit godt innlegg bak ÅVK sitt forsvar. Der dukka Tarjei opp å sette ballen kontant i nota til 3-2. Like etter er innbyttar Edward Laverton på farta. Han fossar inn i 16 meteren og blir hekta. “Diverre” mangla han rutine/er fair-spelande og held seg på beina, kjem seg ned til kortlinja og legg ut i feltet, men der får ein ÅVK spelar klarert. Norborg hadde truleg fått straffe dersom Edward hadde falle i situasjonen. Edward var elles frisk i dei 20 minutta han spelte.

Norborg verka å ha kontroll på kampen, men på slutten av kampen invitera dei likevel gjestane inn i kampen på grunn av slurv og feil val. Heldigvis greier Norborg-forsvaret å rydde opp og kampen enda med 3-2 til vertane.

Jamn kamp
Som sist ein møtte ÅVK vart det ein jamn kamp som kunne ha bikka begge vegar. I vår var det ÅVK som drog det lengste strået, medan denne gongen var det Norborg. Norborg vart til tider baktung og mangla rytme i angrepet. Men laget skal ha pluss for å kome tilbake etter å ha ligget under to ganger.

Banens beste var Tarjei Urkedal saman med Geir Roar Gamlem. Tarjei jobba godt og fekk løn for strevet med to mål. Geir Roar haldt Norborg inne kampen med fleire fine redningar.

Neste oppgåve for Norborg er bortemøtet med Skarbøvik2 på torsdag. Med siger i den kampen legg ein press på Godøy og Vigra i kampen om opprykk.