Norborg – Åmdal 6-0

Norborg – Åmdal 6-0 (3-0)
12 sjansar 2
3 hjørnespark 1
0
1
0 0

Arena: Uggedal stadion, 31.08.03

Tilskodarar: 81

1-0 Geir Ove Grønli (3)
2-0 Geir Ove Grønli (23)
3-0 Kim Idar Krogsethagen (39)
4-0 Kim Idar Krogsethagen (50)
5-0 Geir Ove Grønli (68)
6-0 Christopher Urkedal (82)

Dommar: Tor Bjermeland, Herd -4

Norborg sine tre beste:
Geir Ove Grønli -8
Tarjei Urkedal -7
Stein Erik Reitan -7


Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
– (Steffen Grytten, 46)
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Roger Grytten
– (Asgeir Kalvø, 85)

Kristian Søviknes
– (Christian Søvik, 66)
Eirik York
Stein Erik Reitan
– (Jan Vatnehol, 85)
Tarjei Urkedal

Kim Idar Krogsethagen
– (Christopher Urkedal, 73)
Geir Ove Grønli

Norborg tok sin 5. strake siger då ein møtte botnlaget Åmdal. Heimelaget styrte denne kampen frå start til slutt, og vann som resultatet tilseie, fullt fortent. Gledeleg var det også at Geir Ove Grønli endeleg fann nettmaskene.

Norborg stilte med sin hittil sterkaste tropp i haust. Berre Bjørn Urkedal mangla av dei spelarane som oppheld seg på Sunnmøre. Åmdal derimot mangla 3-4 faste.

Endeleg for Grønli
Heimelaget tok kommandoen frå start, og brukte berre 3 minutt på å få leiarmålet. Kristian Søviknes får til eit godt innlegg som når Kim Idar Krogsethagen på bakarste stolpe. Han heada inn til Geir Ove Grønli framfor mål som enkelt scorar frå kloss hald. Eit viktig mål for Grønli som ikkje har scora på over to månader. Etter målet fortsette Norborg å skape sjansar, men eit nytt mål kjem ikkje før ved halvspelt omgang. Og nok ein gong er det Grønli som er skårar. Denne gangen aleine med keeper etter eit godt framspel av Morten Kalvø. Etter 2-0 målet sovnar Norborg litt og lar Åmdal låne ballen litt meir.

Åmdal yppa
Ti minutt før pause greier Åmdal å bite seg fast på Norborg sin banehalvdel, og skapar sine første halvsjansar. Først får dei avslutta frå ca. 14 meter, men det svake skotet blir blokkert av Roger Grytten. Minuttet etter får ein åmdaling stå svært så aleine på 16 meter, men avslutninga hans går over mål.

Snill Grønli

Etter at Åmdal var ferdig med å yppe i eit par minutt skjerpa heimelaget seg igjen, og ordna 3-0 til pause. Målet kom på eit skot frå vel 12 meter frå Krogsethagen, men han kan rette ein stor takk til spissmakker Grønli. Grønli kunne nemleg lett ha skora sjølv då han stod med ballen på 16 meter, men valde uselvisk å gi ballen til Krogsethagen.

Spiker’n i kista
2. omgang er berre 5 minutt gamal då Tarjei Urkedal blir spelt fri på høgrekanten, avanserer ned til kortlinja og legg lavt inn til Krogsethagen som enkelt legg på til 4-0 for heimelaget. Om kampen ikkje var punktert før pause, så var den iallfall det no.

Når skal “hummer’n” score?
Etter ti minutt av 2. omgang fekk Åmdal sin første og siste sjanse i 2. omgang då ein åmdaling skyt i tverrliggaren frå 8 meter. Dei fleste såg nok ballen inne i denne situasjonen. Like etter får Stein Erik Reitan ein gedigen sjanse. Grønli forfølgjer ein ball nede ved kortlinja. Han når den akkurat og legg lavt inn framfor mål. På bakarste stolpe dukkar Reitan opp, men avslutninga hans frå 3 meter bli diverre redda på streken. Reitan hadde fortent å fått sitt første mål for sesongen her.

Offside og atter offside!
Dei neste ti minutta var det reine 17. mai stemninga på Uggedalgrusen. Den eine linjedommaren vinka nemleg konstant med flagget, og det vart truleg sett uoffisiell Noregsrekord i offsideavblåsingar. Men etter halvspelt omgang kom endeleg 5-0 målet. Nok ein gong er det Tarjei som får lagt inn frå høgrekanten. Innlegget finn Grønli inne på 10 meter, og han heada lett over keeper og i mål. Dette er Grønli sitt andre hat-trick mot Åmdal i år.

Stolpetreff!
Nokre minutt etter unngår endeleg Krogsethagen Åmdal si offside felle, og får forfølgje eit langt oppspel. Diverre er han for nær keeper når han når ballen, og lobben hans går rett i keeper. Knappe kvarteret før slutt er Eirik York nær ved å teikne seg på scoringslista. Han fyrer av frå 20-25 meter, men diverre går ballen i stolpen i staden for nota.

Dagens soloprestasjon!
Men 6-0 skulle likevel kome. Innbyttar Christopher Urkedal tek seg eit dribleraid. Han driblar 3-4 mann før han puttar ballen i mål frå 5 meters hald. Eit fint mål av talentfulle Urkedal.

Divisjonsforskjell

Sjølv om Åmdal låg på botnen av tabellen hadde vi forventa litt meir motstand. Ikkje minst av det vi såg av laget inne i Åmdalen i vår, men denne gangen mangla 3-4 spelarar og det var nok til å gi Norborg ein skikkeleg revansje. For denne gangen var det divisjonsforskjell på laga. Norborg vann duellane og berre tvilsame offside avgjersle og upresise pasningar hindra ein større siger.

Banens beste var Geir Ove Grønli. Han jobba godt og endeleg fann han målet også. Tre mål og to målgjevande gir håp om at forma er inne til ein spennande haust. Tarjei Urkedal får mange plussar for sin oppofrande spelestil på høgrekanten. To målgjevande noterte han seg for også. Elles godt jobba til alle mann, men til neste helg må pasningskvaliteten opp eit par hakk.

Neste laurdag reiser Norborg til Godøy. Vi håper mange tek turen å støtter oransjetrøyene i denne vanskelege toppkampen.