Inne-KM 2003 – sluttspel

Godkjent inneKM av Norborg

Norborg spelte til tider god fotball i Fagerlihallen på laurdag, men med manglande effektivitet vart det berre ein siger på dei tre kampane. Likevel, ein plass blant dei 6 beste laga på Sunnmøre er bra.

Sluttspelkampane:

Spjelkavik-Norborg 4-2
0-1 Christian Søvik
2-2 Kim Idar Krogsethagen

Norborg starta denne kampen svært bra, og tok fortent leiinga i det 3. minuttet ved Christian Søvik etter flott forarbeid av Kim Idar Krogsethagen. Dei neste minutta fortsette Norborg å trykke på Spjelkavik, men utan uttelling. Så begynne Spjelkavik å kome inn i kampen, og ikkje lenge etter scorer dei to kjappe mål. Norborg kjem seg likevel til hektene å utliknar ved Kim Idar etter 10 minutt. Målet var av den elegante typen. Han vippa ballen over ein SIL-forsvarar og skyt i mål. Etter utlikningsmålet fell Norborg-spelet ned på eit lågpunkt og Spjelkavik avgjer kampen til sin fordel med to mål til. Norborg hadde sine sjansar til å score fleire mål, men var svært ineffektive framfor mål.

Dette var kampen Norborg for all del skulle ha vunne. Spjelkavik var ikkje noko særleg gode, dei stilte med eit ungt lag, men hadde effektive Knut Pettersen, som stod for 3 av måla til SIL. Norborg spelte planlaust og klumpa angrepsspelet i midten.

Norborg-Flø 11-3

1-0 Christian Søvik
2-0 Tarjei Urkedal
3-1 Tarjei Urkedal
4-1 Morten Kalvø
5-1 Morten Kalvø
6-1 Edward Laverton
7-2 Edward Laverton
8-2 Tarjei Urkedal
9-2 Roger Grytten
10-2 Kim Idar Krogsethagen
11-2 Christian Søvik

Norborg tok kommandoen frå start av i denne kampen. Minutett hadde ikkje passert då Christian sette inn leiar målet. Tarjei fulgte opp med 2-0 minuttet etter før Flø yppa seg og reduserte. Men Norborg var totalt overlegne i denne kampen. Rørsla, teknikken og innsatsen var fleire nivå over Flø, og det var berre snakk om kor mange mål Norborg ville score. Det enda på 11, men kunne godt ha vore meir. Etter det vi veit er dette den største sigeren Norborg har i eit inneKM.

Hødd-Norborg 7-3
4-1 Morten Kalvø
5-2 Roger Grytten
7-3 Kim Idar Krogsethagen

Du vil kanskje ikkje tru det, men Norborg valsa faktisk over Hødd dei første 5 minutta. Norborg hadde ballen mest og skapte 4-5 gode sjansar, men kom ikkje nærmare enn eit stolpeskot av Kim Idar i denne perioden. Så skifta Hødd gir og laga 1-0, 2-0, 3-0 og 4-0 før kampen jamna seg ut. Ved omtrent halvspelt kamp fekk Norborg frispark. Den klinka Morten “Beckham” Kalvø i krysset og reduserte Hødd sitt forsprang. Norborg skapte sjansar til å redusere fleire gongar, og Tarjei heada blant anna i tverrliggjaren. Så skapte Hødd sin 6. sjanse i kampen og scorte sitt 5. mål.

Roger ville også vere med på leiken. Han fekk ballen på 5-6 meter, tok ei lita finte og sette ballen roleg forbi keeper til 2-5. Så skrudde Hødd opp tempoet og fekk to nye mål før Kim Idar tok saka i eigne hender. Han starta frå eigen 9 meter, parkerte heile Hødd-laget og sette inn sluttresultatet 3-7.

Norborg spelte sin beste innandørskamp i år mot Hødd, men manglande effektivitet framfor mål øydelagde for oransjetrøyene. Norborg spelte med stor innsats og rørsle, og skapte mange sjansar, men det var Hødd som scorte, og punkterte kampen før 10 minutt var spelt. Hødd gjekk seinare til topps i KM, og det var lett å sjå kvifor Hødd er Sunnmøre sitt beste innandørslag. Dei har ypparleg pasningsteknikk og veit kvar dei har kvarandre på bana. Vi kan seie at Hødd spaserte og leikte seg til KM-tittelen i år.

Målscorarar:

Tarjei Urkedal 3
Christian Søvik 3
Kim Idar Krogsethagen 3
Morten Kalvø 3
Roger Grytten 2
Edward Laverton 2

Tabell Norborg si gruppe:

Hødd 3 3-0-0 27-11 9
Spjelkavik 3 1-1-1 10-14 4
Norborg 3 1-0-2 16-14 3
Flø 3 0-1-2 11-25 1

 

Spjelkavik-Norborg 4-2
Hødd-Flø 11-5
Hødd-Spjelkavik 9-3
Norborg-Flø 11-3
Spjelkavik-Flø 3-3
Hødd-Norborg 7-3

Alt i alt eit greitt meisterskap av Norborg der ein kan skryte på seg ein plass blant dei 6 beste. I tillegg så var Norborg sin 11-3 siger over Flø sluttspelet sin største siger. Elles var det vel eit temmelig tamt og keisamt meisterskap med dårleg resultatservice for dei som ikkje hadde anledning til å sete i Fagerlihallen heile laurdagen.