Innandørs-KM 2003 – innleiande

Norborg1 til sluttspelet utan å imponere

Norborg sitt 1. lag vart det einaste laget frå Haram som gjekk vidare til sluttspelet i innandørs-KM. Norborg1 vann si gruppe under dei innleiande kampane i Giskehallen på Valderøya i helga, og skal som eitt av åtte lag delta i sluttspelet som blir spelt i Fagerlihallen.

I helga vart dei innleiande kampane i innandørs-KM for damer og herrar spelt i Giskehallen på Valderøya. Norborg var godt representert med to herrelag og eitt damelag.

Sleit seg vidare
Norborg1 spelte i gruppe med Sykkylven, Aksla, Brattvåg2 og Valder2. Ei på papiret jamn og spennande gruppe. Norborg1 møtte Brattvåg2 i første kamp, og oransjetrøyene fekk ein svært god start. Etter få minutt hadde Eirik York, Tarjei Urkedal (2) og Kim Idar Krogsethagen putta ballen i mål. Etter denne gode opninga roa Norborg1 seg og Brattvåg2 sine unggutar tok over kampen. Norborg1 hadde likevel god kontroll og vann 5-3. Edward Laverton scora Norborg1 sitt siste mål.

I kampen etter, mot Valder2, stemte lite for Norborg1. Rørsle og tempo var på eit lågpunkt, og Norborg1 måtte sjå seg slått 2-4 for Valder sine nest beste. Kim Idar Krogsethagen og Christian Søvik stod for Norborg1 sine mål. Mot Sykkylven vart spelet noko betre. Kampen var jamn, men med Norborg1 alltid eit hakk føre. Tarjei Urkedal, Christian Søvik og Eirik York ga oransjetrøyene leiinga kvar sine gonger, men Sykkylven kom tilbake og utlikna kvar gong. Like før slutt sette Kristian Søviknes inn Norborg1 sitt 4. mål, og denne gongen makta ikkje Sykkylven å utlikne.

I siste kamp møtte ein Aksla. Dette var Aksla sin første kamp under KM, og Norborg1 måtte vinne for å ha sjanse på gruppesigeren. Norborg1 viste seg som eit betre lag enn Aksla og tok fortent leiinga 1-0 ved Kim Idar Krogsethagen, men Aksla kom raskt tilbake og utlikna. Norborg1 produserte etter dette store sjansar, men det tok si tid før ein fekk mål. Få minutt stod igjen då Christian Søvik og Kim Idar Krogsethagen fann nettmaskene. Krogsethagen sitt mål kom på ein perfekt lobb ifrå eigen banehalvdel.

Måtte vente
Norborg1 vart først ferdig med kampane sine i gruppa, og måtte vente på at Aksla og Valder2 skulle bli ferdig med sine kampar før det vart klart kven som gjekk vidare i frå gruppa. Då Aksla vann over Valder2, og spelte uavgjort mot Sykkylven vart det klart at Norborg1 sine 9 poeng og 3 plussmål var nok til å gå til topps i gruppa, og dermed avansement til sluttspelet som går i Fagerlihallen 6. desember.

Laget: Kurt Erik Grytten, Kim Idar Krogsethagen, Eirik York, Edward Laverton, Tarjei Urkedal, Roger Grytten, Stein Erik Reitan, Christian Søvik og Kristian Søviknes.

Norborg1 sine resultat:

Norborg1-Brattvåg2 5-3 Tarjei Urkedal 2, Eirik York, Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton
Norborg1-Valder2 2-4 Kim Idar Krogsethagen, Christian Søvik
Sykkylven-Norborg1 3-4 Tarjei Urkedal, Christian Søvik, Eirik York, Kristian Søviknes
Aksla-Norborg1 1-3 Kim Idar Krogsethagen 2, Christian Søvik

Tabell:

Norborg1 3-0-1 14-11 9
Aksla 2-1-1 13-13 7
Valder2 2-0-2 14-13 6
Sykkylven 1-1-2 13-14 4
Brattvåg2 1-0-3 13-16 3

Tøft for Norborg2
Norborg sitt 2. lag var nærmast eit reint juniorlag og fekk det som venteleg tøft i gruppe med Skarbøvik, HaNo, Vigra1 og Skodje. I første kamp mot Skarbøvik jobba heile laget godt og kom unna med 1-6 for storfavorittane. Christopher Urkedal laga N2 sitt mål. Mot Vigra1 leia N2 lenge etter to mål av C. Urkedal, men i løpet av dei siste 5 minutta rakna det for unggutane og Vigra1 vann 4-2. Skodje vart også for sterke og vann 4-1. Kristian Furnes stod bak N2 sitt mål. I nabooppgjeret mot HaNo kjempa Norborg2 godt, men også her vart det berre eit heiderleg resultat. 4-2 vart det til blåtrøyene, men kampen var spennande til siste minutt. HaNo sitt 4-2 mål kom nemleg berre 10 sekund før full tid. André Larsen og Asgeir Kalvø laga N2 sine mål. Trass fire tap viste laget mykje bra, og bortsett frå to spelarar vil desse vere med i inne-KM for juniorar.

Laget: Geir Roar Gamlem, Jan Vatnehol, Knut Ivar Bjørlykhaug, Christopher Urkedal, Kristian Furnes, Steffen Grytten, Asgeir Kalvø, Andre Larsen og Amund Terøy.

Resultater:

Skarbøvik-Norborg2 6-1 Christopher Urkedal
Vigra1-Norborg2 4-2 Christopher Urkedal 2
Skodje-Norborg2 4-1 Kristian Furnes
HaNo-Norborg2 4-2 Andre Larsen, Asgeir Kalvø

Tabell

Skarbøvik 4-0-0 35-_9 12
Skodje 2-1-1 13-11 7
HaNo 2-0-2 13-20 6
Vigra1 1-1-2 14-23 4
Norborg2 0-0-4 _6-18 0

Målscorere Norborg 1 og 2:

Kim Idar Krogsethagen 4
Christopher Urkedal 3
Tarjei Urkedal 3
Christian Søvik 3
Eirik York 2
Edward Laverton 1
Kristian Furnes 1
Kristian Søviknes 1
Asgeir Kalvø 1
Andre Larsen 1