ÅVK – Norborg 4-3

Åram/Vanylvskameratane – Norborg 4-3 (3-2)
6 sjansar 8
4 hjørnespark 2
0
0
0 0

Arena: Eidsåvoll stadion, 14.06.03

Tilskodarar: 30

1-0 Ole Per Kragset (18)
1-1 Eirik York (21)
2-1 Ole Teodor Hovden (str. 28)
2-2 Eirik York (38)
3-2 Ole Per Kragset (40)
3-3 Kim Idar Krogsethagen (47)

4-3 John Sindre Kragset (88)

Dommar: Øyvind Kringstad, Valder -7

Norborg sine tre beste:
Eirik York -8
Tarjei Gjerset Urkedal -7
Morten Kalvø -7

Laget:
Geir Roar Gamlem

Christian Søvik
Kenneth Vegsund
Morten Kalvø
Stig Wold
– (Stein Erik Mårstøl, 62)

Kristian Søviknes
Eirik York
– (Jan Vatnehol, 76)
Stein Erik Reitan
– (Geir Ove Grønli, 82)
Tarjei Gjerset Urkedal
– (Stig Wold, 86)

Kim Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
– (Christopher Urkedal, 74)

I ein underhaldande og til tider velspelt kamp tapte Norborg noko ufortent 4-3 for heimelaget Åram/Van.kam. Etter ein sjansemessig jamn 1. omgang der heimelaget leia 3-2, tok Norborg kraftig over etter pause og burde ha skort meir enn det eine målet ein fekk. På slutten gjekk kreftene ut av oransjetrøyene og ÅVK fekk vinnarmålet like før slutt.

Norborg reiste til Vanylven med berre 14 spelarar denne laurdagen. Steffen Grytten, Roger Grytten, Geir Ove Tennfjord, militæristane og gutespelarane mangla. Heldigvis hadde Kim Idar Krogsethagen avlyst operasjonen han skulle ta på torsdag, samt at Tarjei Urkedal og Stein Erik Mårstøl var tilbake. Dermed hadde ein eit sterkt, men sårbart lag mot ÅVK.

Norborg med første sjansen
Etter ti jamne opningsminutt utan sjansar til nokon av laga fekk Norborg ein gedigen ein då Kenneth Vegsund slår ballen framfor mål til Kim Idar Krogsethagen, men headinga hans frå 5-6 meter gjekk hårfint utafor. Kampen fortsette å vere jamnspelt, men ÅVK starta etterkvart å vinne fleire duellar på midten og kom stadig nærare Norborg sin 16 meter med klikk-klakk spelet sitt.

Ein sjanse – eitt mål
Etter 18 minutt fekk dei så sin første sjanse og sitt første mål. Målet kom etter eit langt innkast, og etter litt klabb og babb inne i feltet får Ole Per Kragset krangla med seg ballen inn i mål til 1-0 leiing.

Kortvarig glede
Men Norborg ga seg ikkje og utlikna like etter då Eirik York dunka ballen i mål frå 5 meter etter eit perfekt slått frispark av Stein Erik Reitan. Men gleda varte ikkje lenge for oransjetrøyene, for dryge 5 minutt seinare fekk ÅVK eit korrekt idømt straffespark etter at ein ÅVK-spelar unødvendig blir klipt ned inne i 16 meters feltet. Straffa sette Ole Teodor Hovden knallhardt i nota.

Nytt York mål

Ti minutt seinare skulle Norborg og Eirik York igjen utlikne ÅVK sitt forsprang. Geir Ove Grønli får lagt inn frå høgresida til Kim Idar Krogsethagen som skaut/la inn til York som fekk krangla ballen over linja til 2-2. Men berre to minutt seinare skårar Ole Per Kragset sitt andre mål for dagen. Denne gangen på frispark. Norborg sin mur var heilt feilplassert og Kragset hadde ein enkel jobb med å sette ballen i mål frå kanten av 16 meteren.

Tek kommandoen i andre omgang

I 2. omgang var det eit svært aggressivt bortelag som kom på bana. Spesielt Tarjei Gjerset Urkedal tok tak i kampen og herja kraftig på si høgreside. Utlikninga lot ikkje vente på seg. Knappe to minutt var gått då Gjerset Urkedal vinn ballen på høgresida, legg inn til Kristian Søviknes som spelar Krogsethagen igjennom, og aleine med keeper gjer ikkje Norborg sin toppskårar nokon feil og utliknar til 3-3.

Sjansesløsing
Etter målet fortsette Norborg å presse kraftig, og spesielt Grønli har fleire gode sjansar til å gje gjestane leiinga. Men ballen ville ikkje i mål. Om lag 20 minutt ut i omgangen må Norborg gjere nokre rokeringar etter at Stig Wold måtte ut med ein liten skade han fekk i 1. omgang. Etter det kjem ÅVK seg meir og meir inn i kampen, men Norborg er stadig frampå og Krogsethagen har fleire skotforsøk som snik seg hårfint over tverrliggjaren.

Rana igjen
Dei ti siste minutta verkar Norborg å vere sluttkjørt. ÅVK tek over kampen og kjem seg til tre gode sjansar dei siste minutta. Først eit farleg skot som så vidt snik seg over, så eit godt slått frispark som Geir Roar Gamlem redda perfekt, og like før slutt fekk dei kampen sin siste sjanse som også enda med mål. Målet kom, som dei tre føregåande, på ein dødball. ÅVK har fått innkast på si venstreside, ballen blir kasta inn i feltet der ein Norborg-spelar stussar bakover i feltet til John Sindre Kragset som enkelt putta ballen i mål til 4-3. Norborg hadde blitt rana på open gate igjen.

Fire mål på dødball
Norborg følte seg heilt klart snytt for eit poeng på Eidsåvoll stadion i dag. Laget viste nok ein gong at ein er fullt på høgde med motstandaren, men nok ein gong får ein enkle mål i mot. Denne gangen kom alle fire måla imot på dødball, og alle situasjonane burde ha vore unngått.

ÅVK spelte fin fotball langs bakken og viste til tider imponerande ein touch spel på midtbana. Noko som bidrog til ein underhaldande kamp. Men likevel hadde Norborg god kontroll på heimelaget i størstedelen av kampen, og hadde der vore eit snev av rettferd i fotballen hadde Norborg fått med seg eitt poeng i dag.

På eit godt Norborg-lag vil vi framheve søskenbarna Eirik Urkedal York og Tarjei Gjerset Urkedal. Begge jobba hardt så lenge dei var på bana, og York skorte i tillegg to mål.

Denne kampen måtte spelast utan linjedommarar, men dommar Øyvind Kringstad frå Valder hadde god kontroll på kampen og dømte godt (sjølv om han kunne ha lagt til litt meir tid og ikkje blåse av kampen då Kim var på veg igjennom). Kampen var fair-spelt og Kringstad fann det ikkje nødvendig å dele ut kort.

Neste kamp for Norborg er allereie på onsdag. Då står Skarbøvik sitt 2. lag på motsett banehalvdel i Søvikdalen.