Ravn – Norborg 2-4

Ravn-Norborg 2-4 (2-0)
Ravn Stadion, 12.04.02

7 avslutningar 14
5 hjørnespark 8

1-0 Bjørn Kårvatn (?) (24)
2-0 Knut Egil Lied (42)
2-1 Morten Kalvø (53)
2-2 Tarjei Gjerset Urkedal (60)
2-3 Kenneth Gamlem (65)
2-4 Kim Idar Krogsethagen (82)

Eit aggressivt Ravnlag overraska Norborg ved å leie 2-0 til pause. Begge måla kom etter kommunikasjonssvikt i Norborgforsvaret. I 2. omgang fekk vi sjå ein heilt anna innsats av oransjetrøyene. Ravn vart til tider utspelt og Norborg vann fortent 4-2.

Norborg hadde ein liten tropp med seg til dette lokaloppgjeret, fordi juniorane spelte kamp samtidig. I tillegg var Christian Søvik, Kristian Søviknes, Jan Even Drønnesund, Geir Ove Grønli, Jan Vatnehol og Eirik York ute av forskjellige årsaker.

Årsverste i første omgang

Dei første minutta av kampen var prega av mange duellar og feilpasningar. Den første store sjansen kom etter 10 minutt då Tarjei sendte av stad eit volleyskot som Ravnkeeperen fekk slått til corner. Etter dette skapte Norborg lite, og tapte dei fleste duellane på ei lita og trong grusbane. Ravn skapte nokre halvsjansar, men skikkeleg farleg vart det ikkje før Norborg sitt forsvar var i det gavmilde hjørne. Keeper Kurt Erik Grytten rykte ut, Øyvind Farstad skulle kontrollere ballen inn, men gjer ei lita finte som fører til at Bjørn (?) får tak i ballen og kan sette den enkelt i det opne målet. Kampen fortsette i samme spor. Ravn vinn duellane, mens Norborg har store problem med å finne formasjonen. På slutten av omgangen kjem gjestane ut av dvalen, og får til eit par gode forsøk ved Gustavo Pedeira og Kim Idar Krogsethagen. Midt i den gode Norborgperioden kjem forsvar og keeper nok ein gong i fokus. Situasjonen er omtrent den samme som sist. Denne gangen er det Morten som skal sikre ballen inn til Kurt Erik, men nok ein gang kjem ein ravning i vegen. Knut Egil Lied er mannen som utnyttar tabben og skårar sikkert. Like før dommaren bles til pause er Norborg frampå, men avslutninga blir redda på streken.

Norborg-show

Norborgarane var tydeleg skuffa over egen innsats, og bestemmer seg for å begynne å vinne duellane i 2. omgang. Åtte minutt tek det før Norborg reduserer. Målet kom etter ein corner frå Stein Erik Reitan som Morten heada sikkert i mål frå kloss hald. Norborg startar å vise seg fram no. Etter vel eit kvarter av omgangen får vi sjå eit herleg kombinasjonsspel på venstrekanten. Synd at det ikkje enda med mål. Men mål skulle det bli på neste angrep. Morten slår ein lang ball inn i bakrommet. Tarjei er på løp. Han tek den ned på brystkassa og setter ballen sikkert over keeper og i mål. Bra prestasjon av Tarjei. No begynne Norborg å meir eller mindre leike seg med slitne Ravnspelarar. I det 65. minuttet er Kim Idar på farta. Han mottar ballen frå Stein Erik, sette fart på, rundar heimeforsvaret og legg fint inn til Kenneth G. som puttar frå 5 meters hald. To minutt seinare skaper Ravn sin største sjanse i 2. omgang. Ballen blir slått inn i 16-meteren der ein Ravnspelar får avslutta, men Morten står på streken å reddar.

Dei siste 10 minutta skrur Norborg opp tempoet endå eit hakk, og skaper mange sjansar. Først er det Kenneth G. som er igjennom, men keeper reddar. Eitt minutt seinare skyt Kim Idar i tverrliggar, men det tek berre eitt minutt til før han får målet sitt. Stein Erik legg eit frispark frå venstresida, keeper fomlar og Kim sette ballen i mål. Så er det klart for vår brasilianske venn, Gustavo. Han lurer elegant av nokre mann før han spelar Kenneth G. igjennom, men avslutninga er for dårleg. Så er det Vebjørn Grytten som sender av stad ein ball som går i tverrliggar, og like etter er det broder Roger som brukar fart og teknikk for å passere Ravnforsvaret, men keeper kjem ut å blokkerer skotet. Dermed enda det med ein fullt fortent 4-2 siger til Norborg.

Laget: Kurt Erik Grytten – Vebjørn Grytten, Kenneth Vegsund (Gustavo Pedeira, 30), Morten Kalvø, Øyvind Farstad – Stig Wold, Stein Erik Reitan, Tarjei Gjerset Urkedal, Alexander Gamlem (Roger Grytten, 78) – Kim Idar Krogsethagen, Kenneth Gamlem