Norborg – Tydal 4-3

Norborg-Tydal 4-3 (1-1)
Sæby grasbane, 26.03.02

1-0 Kim Idar Krogsethagen (20)
1-1 ? (str., 43)
1-2 ? (50)
2-2 Kenneth Gamlem (60)
3-2 Tarjei Gjerset Urkedal (str., 80)
3-3 ?, (82)
4-3 Kenneth Gamlem (87)

Norborg vann sin siste kamp i Danmark med 4-3 over 5. divisjonslaget Tydal. Norborg var det førande laget i kampen, men sigeren sat langt inne. Først tre minutt før full tid ordna Kenneth Gamlem 4-3 målet.

Norborg tok leiinga i kampen mot Tydal etter 20 minutt. Tarjei Gjerset Urkedal kom seg rundt på høgresida, la inn til Kim Idar Krogsethagen, som dunka ballen i mål på heil volley frå 16 meter. Like før pause fekk Tydal eit billig straffespark. Tydal let seg ikkje be to gonga, og skora sikkert frå krittmerket.

I andre omgang gjekk Tydal raskt opp i 2-1 leiing, før Norborg igjen tok over spelet. Etter eit kvarter av 2. omgang fekk Norborg frispark på venstrekanten. Kristian Søviknes la ballen inn i feltet der Kenneth G. dunka ballen opp i nettaket frå 8-10 meters hald. Norborg skapte sjansar, og både Stein Erik Reitan, Tarjei og Kim Idar hadde moglegheiter til å gi Norborg leiing. Ti minutt før slutt vart Kim Idar felt innafor straffefeltet. Tarjei sette ballen sikkert i mål frå straffemerket. Like etter utlikna Tydal på eit flakseskot som gjekk i boge over Kurt Erik Grytten og i mål. “Eit unødvendig mål”, seier Kenneth Vegsund. Kampen såg ut til å ende uavgjort, men nokre minutt før slutt kom Kenneth G. aleine med keeper, etter ei fin pasning frå Kristian. Kenneth gjorde ingen feil og skora sikkert.

Elles kan det nemnast at Roger Grytten prøvde seg dei siste minutta av denne kampen. Roger har som kjent vore skada i kneet sidan i fjor vår.

Startoppstilling: Kurt Erik Grytten – Kristian Søviknes, Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Vebjørn Grytten – Eirik York, Stein Erik Reitan, Tore Mårstøl, Tarjei Gjerset Urkedal – Kim Idar Krogsethagen, Steffen Grytten