Norborg – Tjørvåg 4-3

Norborg-Tjørvåg 4-3 (3-1)
Sunnmørshallen, 02.03.02

7 avslutningar på mål 5
8 avslutningar utanfor 4
6 hjørnespark 6
2 gule kort
4

1-0 Kim Idar Krogsethagen (19)
2-0 Stein Erik Reitan (31)
3-0 Kenneth Gamlem (37)
3-1 Preben Hestad (40)
3-2 Hestad (51)
3-3 Hestad (64)
4-3 Geir Ove Grønli (77)

Stein Erik Reitan
Kurt Erik Grytten

Norborg drog til slutt i land ein siger over Tjørvåg, og vart dermed vinnar av vinterserien si gruppe 7. Norborg spelte ein brukbar 1. omgang, og leia 3-1 til pause. I 2. omgang fall kvaliteten, og Tjørvåg kom inn igjen i kampen takka vere Preben Hestad. Eit kvarter før slutt sikra Geir Ove Grønli sigeren etter eit vel utført hjørnespark av Kristian Søviknes.

Norborg best i 1. omgang

Norborg fekk kampen sin første sjanse etter to minutt då Jan Vatnehol spelte Tarjei Gjerset Urkedal igjennom, men skotet til Tarjei vart enkelt redda av Tjørvåg sin keeper. Etter dette kom ein periode med mange duellar, og endå fleire feilpasningar. Om lag eit kvarter var gått då Tarjei kom seg rundt på høgrekanten og slo eit perfekt innlegg til Kenneth Gamlem, som upressa heada til side for mål. Norborg tok no gradvis over banespelet, og det tok ikkje lang tid før målet kom. Kim Idar Krogsethagen skaffa Norborg frispark på om lag 20 meters hald. Frisparket tok han sjølv, og knuste ballen i mål bak ein forfjamsa keeper. Høg klasse på dette frisparket av Kim Idar. Nokre minutt seinare får Norborg sin bestemann, Tarjei, ein moglegheit. Han slengte seg føre ein sløv forsvarar, men skotet sneik seg like utafor stolpen. Norborg fortsette med å ha initiativet, og etter ein halvtime får Kristian Søviknes stort rom på venstrekanten. Han avansera mot kortlinja og legg flott inn, Tarjei når tak i ballen, men han har ikkje dagen føre mål, og avslutninga blir avverja til hjørnespark. På hjørnesparket legg Christian Søvik perfekt inn til Stein Erik Reitan, som sette ballen sikkert i mål frå 5 meters hald. Ikkje lenge etter skårar Kenneth Gamlem Norborg sitt tredje mål på ei heading. Den svært aktive Tarjei stod bak det fine innlegget. Fem minutt før pause skårar Tjørvåg sin Preben Hestad sitt første mål for dagen. Målet kom etter at Norborg sine spelarar ventar på at dommaren skulle stoppe spelet, fordi Kristian ligg nede for teljing etter ein duell. Spelet gjekk vidare, og Hestad spring enkelt gjennom forsvaret å sette ballen nede ved lengste stolpe. Tjørvåg kom no for fullt inn i kampen, og skapte nok ein sjanse ved nemnte Hestad. Minuttet etter var Tarjei nok ein gong på farta. Han kom seg inn i 16-meteren, vart klart hekta, alle ventar på straffe, men dommaren forblir passiv. Tarjei kjem seg på beina igjen, rappar ballen framføre tre passive forsvarar, men avslutninga blir for svak.

Sjølv om Norborg leia 3-1 til pause var det ingen god omgang av dei oransje. Mange lange og upresise oppspel og ei midtbane som ikkje greidde å ta tak i kampen prega laget, men takka vere gode dødballar og den ekstreme Tarjei blir det både skapt sjansar og laga mål.

Svak 2. omgang kosta nesten sigeren

I første halvdel av 2. omgang får Norborg store problemer. Preben Hestad er uromomentet for Norborg, og det tek berre dryge fem minutt før det stend 2-3. Målet kom etter eit hjørnespark der Norborg sviktar i markeringane, og Hestad skåra sikkert. Norborg har store problem med å halde på ballen og finne posisjonane sine. Tjørvåg spelar heller ikkje særleg bra, men greier likevel å skape eit par sjansar så det er ikkje direkte ufortent at Hestad nok ein gong spring rett gjennom forsvaret og fullfører hat-tricket sitt. Ikkje lenge etter utlikninga skårar Tjørvåg igjen, men denne gongen blir målet tvilsamt avblåst for offside. Norborg gjer så nokre bytter og kjem til hektene igjen. Eit kvarter før slutt får Norborg hjørnespark. Kristian legg inn, Geir Ove Tennfjord si heading blir stoppa, men Geir Ove Grønli er raskt framme på returen og fikser 4-3 leiing. Norborg startar å ta over kampen etter dette og skape nokre gode moglegheiter. Blant anna gjer Norborg sin brasilianar, Gustavo Pedeira, entre, og på den korte speletida han fekk viste han ballkontroll av svært høg klasse. Med Gustavo sine lekre detaljar ebba kampen ut med 4-3 siger til Norborg.

Norborg spelte ingen god kamp, men dreg nok ein gong sigeren i hamn. Det er først og fremst den imponerande dugleiken på dødball som gjer at Norborg vinn. Prestasjonane elles var svært varierande, men med litt større ro og presisjon i pasningsspelet blir dette bra. Norborg fekk i denne kampen prøvd ut mange spelarar. Sidan Kenneth Vegsund og Morten Kalvø ikkje hadde høve til å vere med fekk blant anna unge Torstein Volstad prøvd seg på høgreback, noko han klarte utmerket.

Norborg sin bestemann: Tarjei Gjerset Urkedal. Han viste fram enorm løpskapasitet, god innsats og gode innlegg. Berre målet mangla.

Laget: Kurt Erik Grytten – Christian Søvik (Adrian Volstad, 46), Jan Even Drønnesund (Geir Ove Grønli, 46) , Øyvind Farstad, Torstein Volstad (Vebjørn Grytten, 72)- Kristian Søviknes (Frank Robert Grytten, 84), Stein Erik Reitan, Jan Vatnehol (Steffen Grytten, 72), Tarjei Gjerset Urkedal (Gustavo Pedeira, 80)- Kim Idar Krogsethagen (Kenneth Gamlem, 80), Kenneth Gamlem (Geir Ove Tennfjord, 72)