Norborg – Åheim 7-0

Norborg-Åheim 7-0 (2-0)
Norborg gras, 15.09.02

16 sjansar 3
11 hjørnespark 2

Kim Idar Krogsethagen (27, 75, 90)
Geir Ove Grønli (44)
Kenneth Vegsund (68)
Tarjei Gjerset Urkedal (79)
Geir Ove Tennfjord (86)

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg -7

Laget: Steffen Grytten – Christian Søvik, Kenneth Vegsund, Morten Kalvø, Jan Even Drønnesund – Kristian Søviknes (Geir Ove Tennfjord, 67), Jan Vatnehol (Eirik York, 46), Stein Erik Reitan, Alexander Gamlem (Tarjei Gjerset Urkedal, 54) – Kim Idar Krogsethagen, Geir Ove Grønli (Daniel Brusdal, 80)

Norborg spelte ein litt tafatt 1. omgang, men gjekk likevel til pause med 2-0 leiing. I 2. omgang haldt Åheim godt følgje i banespel fram til halvspelt omgang. Då skorte Kenneth Vegsund årets mål i Søvikdalen med eit frispark rett i vinkelen frå 35 meter. Etter dette var det einvegskjøring og heimelaget tok ein velfortent siger.

Tafatt opning
Norborg og Åheim leverte ei heller langsam forestilling dei første 20 minutta. Daft spel og mange feilpasningar var gjennomgangsmelodien. Spesielt var det siste pasninga som vart for upresis hos begge lag.

Norborg tek styringa
I det 20. minutt får Norborg hjørnespark. Søviknes legg perfekt inn til Søvik, som heada over frå 5 meters hald. Norborg skrudde no opp tempoet og starta å skape sjansar. Ved halvspelt omgang mottar Grønli ballen på 10 meter. Han fyrer av, men keeper redda glimrande. Eit par minutt seinare lurer Reitan eit par mann nede ved hjørneflagget, legg 45° ut til Vatnehol som ikkje får dreis på avslutninga, men Gamlem forfølgjer ballen og oppnår corner. Søviknes legg nok ein perfekt corner, denne gangen på hovudet til Krogsethagen, som skårar sikkert.

Grønli ordnar 2-0 til pause
Etter målet fell kampen i verdi, og det skjer svært lite framfor måla. På slutten av omgangen sett Norborg nok ein gong opp tempoet, noko som gir resultat. Både Søviknes og Grønli har gode moglegheiter, men greier ikkje å skåre. Minuttet før pause får Norborg corner. Reitan slår ballen inn i feltet og når Grønli sitt hovud. Han styrer ballen utakbart nede ved lengste stolpe, og dermed 2-0 leiing til pause.

Gode på dødball
Norborg viste berre tidvis god og underhaldande fotball i 1. omgang. Likevel skapte ein 6 sjansar og heile 8 hjørnespark. Begge måla kom på corner.

Åheim meir med
Norborg gjeng etter avspark rett i angrep og får corner. Søviknes legg til Grønli på bakarste stolpe, men avslutninga går utafor. Det neste kvarteret skjer det lite, og Åheim kjem inn i kampen utan å produsere målsjansar. Dette vil Norborg sin keeper Steffen gjere noko med. Upressa gir han ballen til ein Åheim angripar på 25 meter, men Kalvø er vaken og får gitt til corner. Åheim er no inne i ein god periode. Først får dei til eit skot frå 15 meter, men Steffen har få problem med å redde. Like etter rullar dei opp nok eit bra angrep, men avslutninga går nok ein gong rett på Steffen. Likevel, Åheim nærmar seg redusering.

Vegsund perle
Halve 2. omgang er spelt då Norborg får frispark på ca. 35-40 meter ute på høgresida. Vegsund går som vanleg bort for å ta frisparket. Lite ana han at dette frisparket skulle bli årets mål i Søvikdalen. Ballen fyk i mål like ved vinkelen og 3-0. – Endeleg litt flaks, uttalte Vegsund etter kampen. Åheim mista no håpet om poeng og fall fullstendig saman. Noko Norborg utnytta ved å pynte endå meir på den gode målforskjellen sin.

Krogsethagen leverer varene
4-0 kjem etter at Grønli spelar Krogsethagen fint igjennom. Han gjer ingen feil aleine med keeper å skåra sitt 19 seriemål. På 5-0 målet er det Krogsethagen som vinn ballen og spelar Urkedal igjennom. Han skåra med ein elegant lobb over keeper. Så får Reitan ein dobbeltsjanse til å lage 6-0, men den første avslutninga redda keeper, medan returen sette Reitan til side for mål frå 7 meters hald. Synd at Reitan ikkje fekk målet sitt etter å ha gjort ein god jobb på midtbana.

Brusdal nær mål i debuten

Ti minutt før slutt får Daniel Brusdal sin a-lagsdebut. Minuttet etter er han nær ved å skåre. Tennfjord la lavt inn, Brusdal lurer ein forsvarsspelar men når ikkje ballen før keeper og situasjonen er avverja for Åheim.

Tennfjord sitt første
Fire minutt før slutt blir det 6-0. Urkedal får puffa ballen i retning Tennfjord som enkelt sette ballen i mål frå 5 meters hald. Dette var Tennfjord sitt første mål i 5. divisjon. Norborg sin målorgie stoppa ikkje her. Like før slutt skårar Krogsethagen sitt tredje mål for dagen, og sitt 20 mål totalt. Målet kom etter mykje rot i Åheim sitt forsvar, og Krogsethagen kunne lett sette ballen i mål frå kloss hald.

Åheim er eit dårlegare fotballag enn Norborg, likevel hang dei brukbart med fram til Norborg sitt viktige 3-0 mål. Dette var på grunn av at Norborg i store periodar spelte langt under pari. Pasningane var upresise og innsatsen lav. Midtbana var rufsete og angriparane såg ut til å like seg betre andre plassar enn framfor mål. Forsvaret var som vanleg solid og Åheim kom seg til få målsjansar. Etter 3-0 gjekk lufta ut av Åheim og Norborg fekk ein enkel jobb. 7-0 var likevel i meste laget.

Spelarvurdering

Steffen Grytten: 6
Har lite å gjere. Gjer ein bra figur på Åheim sine spede forsøk, men kraftig trekk for ei elendig pasning rett til ein Åheim-angripar.

Christian Søvik: 7
Trygg defensivt, men kor har det blitt av den gode venstrefoten?

Kenneth Vegsund: 8
Trygg defensivt, viser god teknikk, vinn alt i lufta og skåra ei perle av eit mål.

Morten Kalvø: 7+
Vinn duellane og er vaken. Ei elendig klarering på stillinga 0-0 trekker ned.

Jan Even Drønnesund: 9
Norborg sin beste, spesielt i 1. omgang. Trygg og god defensivt, gode pasningar og initiativ framover. Litt slappare i det defensive arbeidet dei siste 20 minutta.

Kristian Søviknes: 7
Stor løpskapasitet, gode hjørnespark. Fyrte av to skot frå over 20 meter i 1.omg der han med fordel kunne ha valt andre løysningar.

Jan Vatnehol: 6
Får, dessverre for Jan, ikkje bli med på moroa i 2. omgang. Burde ha skort. Lite med defensivt. Eit par unødvendige skot frå over 25 meter.

Stein Erik Reitan: 8
Vart betre og betre utover kampen, og det var synd han ikkje greidde å skåre på dobbeltsjansen sin. Gode hjørnespark, jobba godt.

Alexander Gamlem: 6+
Varierande kamp av Alexander. Hadde eit par veldig gode innlegg, men hadde også ein del pasningar utan adresse. Løpsvillig.

Kim Idar Krogsethagen: 9
Kim er i form og tek godt vare på målsjansane sine. Skårer tre mål og har ei målgjevande. Elles kan han med fordel halde seg litt meir inne framfor kassa.

Geir Ove Grønli: 7
Mål og målgjevande frå Geir Ove. Har i tillegg mange andre gode moglegheiter. Litt mange feilpasningar trekke ned. Også han kan med fordel halde seg meir framfor kassa.

Eirik York: 7
Kjem inn å gjer ein god innsats på midtbana. Trygg med ballen og tør å gå i duellar.

Tarjei Gjerset Urkedal: 8
Solid innsats i dei ca. 35 minutta han spelte. Eitt mål og ei målgjevande i tillegg til normal Tarjei innsats. Har fortsatt forma inne frå august.

Geir Ove Tennfjord: –
Veldig bra av Geir Ove. Skårar eitt mål og er nær målgjevande. Har hatt ei positiv utvikling denne sesongen.

Daniel Brusdal: –
Daniel var nær ved å skåre i debuten sin. Gjer eit positivt inntrykk og viser at her er ettervekst i Norborg.