Øyacup 2001: Finaletap!

Finaletap i øyacup’01

Før årets øyacup var ikkje Norborg levna store sjansene til suksess. Laget mangla Kenneth Vegsund, Stein Erik Reitan, Kenneth Gamlem og Eirik York, medan Roger Grytten berre var med som innbyttar på grunn av meniskskaden sin. På fergekaia i Brattvågen stod 15 spelarar og nokre supportarar klar for den lange fergeturen uti havgapet til den lille fotballøya Fjørtoft. Til og med Vebjørn Grytten hadde greidd å stått opp denne morgonen. Tydde dette på at Norborg skulle bli årets øyacupbombe?

Når vi så ankom Fjørtoft stadion, litt forsinka, var det fleire som nesten fekk tårer i augene. For steik for ei fin bane. Grøn og jamn, som skapt for Norborgs tekniske og spelande mannskap. Her skulle HaNo knusast. Første kamp var Norborg-Harøy. Norborg åpna smånervøst, og fekk tidleg eit mål imot. Men når Geir Ove Grønli skubba vekk ein Harøying og sette ballen kontant i mål trudde vi på poeng. Resultatet sto seg til pause. I 2. omgang fortsette Harøy å slå langpasningane sine, egentlig ei skam på ei slik fin bane. Taktikken til Harøy lyktes imidlertid, og dei fekk to tidlege mål. Så tek brødrene Grytten av seg treningstøyet. Vebjørn tok over venstreflanken, mens Roger litt etter kom inn som spiss. Norborg fekk meir sting i angrepet no. Ein greidde å halde ballen inne på Harøy sin banehalvdel og fekk stresse Harøy sin bakre firer. Taktikken lykkast, og Kim Idar Krogsethagen og Vebjørn Grytten sette inn måla som gav poengdeling. Norborg fekk også eit mål tvilsomt annulert for offside, men uavgjort var eit greitt resultat.

Etter å ha sett tre kjedelege kampar i den iskalde brisen på Fjørtofta, var det endeleg duka for øyacupens høgdepunkt, Norborg mot HaNo. HaNo gjekk voldsomt ut. Dei var tydeleg ute etter å hevne 0-5 tapet fra i vinter. HaNo nærmast bombarderte Norborg sitt mål dei første minutta. Men Kurt Erik Grytten og stolpane hindra mål. Så kontra Norborg. Kim kjem aleine med u-landslagskeeper Vidar Nogva. Kim gjer det uventa og lobber perfekt over Nogva og i mål. 1-0 til Norborg. HaNo dabbar av mot slutten av omgangen, og Norborg kom meir inn i kampen. Vebjørn og Geir Ove Tennfjord kom aleine med ein HaNo stoppar men greier dessverre ikkje å skore. Etter pause har Norborg full kontroll på kampen. Tarjei Gjerset Urkedal speler ein stor kamp, og aukar ledelsen til 2-0 då han upressa satt ballen i må fra ca. 10 meter. Etter dette fekk HaNo eit par sjansar til å pynte på resultatet, men ballen ville ikkje i mål og Norborg gjeng nok ein gong ta bana med HaNo sin skalp. 7-0 på to kampar mot HaNo er imponerande.

Norborg var i finalen der ein skulle møte Brattvåg. På kvelden tok dei fleste seg ein velfortjent fest, og var berre sånn cirka klar til å møte Brattvåg på søndag. Kampen mot Brattvåg enda med 2-0 tap, men det kunne fort ha gått annleis dersom Kenneth Gamlem hadde skort på straffe på stillinga 1-0. På tide å trene på straffe, Kenneth. Uansett so blei hovudmålet nådd, vi slo HaNo, vi sette ein støkk i dei fleste ved å gå til finalen, og i tillegg hadde nok dei fleste det artig uti havgapa.

Norborg sin tropp: Kurt Erik Grytten, Vegard Vegsund, Jan Even Drønnesund, Øyvind Farstad, Christian Søvik, Alexander Gamlem, Tarjei Gjerset Urkedal, Geir Ove Grønli, Robin Sande, Geir Ove Tennfjord, Kim Idar Krogsethagen, Stig Wold, Vebjørn Grytten, Roger Grytten og Terje Tellefsen + trenar Sindre Hildre. Stein Erik Reitan og Kenneth Gamlem kom til finalen mot Brattvåg.

Mål: Kim Idar Krogsethagen 2, Geir Ove Grønli, Vebjørn Grytten og Tarjei Gjerset Urkedal 1 mål kvar.

Norborg – Harøy 3-3 (1-1) Grønli, Krogsethagen, V.Grytten
Norborg – HaNo 2-0 (1-0) Krogsethagen, T. Urkedal
Finale: Norborg – Brattvåg 0-2