Norborg – Giske 6-0

Norborg-Giske 6-0 (3-0)
Norborg gras, 5/9/2001
Mål: Kenneth Gamlem 2 (22 min, 38 min), Geir Ove Grønli 2 (str. 66, 90+1), Kurt Erik Grytten (str. 89), sjølvmål (31)

Dommar: Per Bjarte Ludviksen, Hundeidvik

Lagoppstilling: Kurt Erik Grytten – Stig Wold (Vebjørn Grytten, 59), Kenneth Vegsund, Øyvind Farstad, Tarjei Gjerset Urkedal (Jan Even Drønnesund, 59) – Christian Søvik (Steffen Grytten, 59), Stein Erik Reitan, Geir Ove Grønli (Tarjei G. Urkedal, 67), Alexander Gamlem (Robin Sande, 79) – Kim Idar Krogsethagen (Geir Ove Tennfjord, 72), Kenneth Gamlem (Geir Ove Grønli, 86)

Giske har kun tatt eitt poeng i år, det kom mot Norborg. Norborg viste seg denne gong som eit klart betre lag enn botnlaget Giske, og vann fortjent 6-0. Med denne sigeren heng Norborg stadig med i opprykkskampen.

Heimelaget tok kommandoen frå start mot eit defensivt Giskelag. Norborg skapte fleire farlege situasjonar, men fekk ikkje hol på byllen før i det 22. minutt. Christian Søvik la ein god corner, som Kenneth Gamlem fekk heada i mål. Heimelaget fortsatte kjøret mot Giskemålet. Etter vel halvtimen fekk Norborg igjen corner. Christian fekk ikkje samme dreisen på denne corneren, men mål vart det. Ballen spratt i bakken eit par gonger, før Giskekeeperen ved nærmaste stolpe utrulig nok måka ballen i eige mål. 3-0 kom etter eit “dribleshow” av Kim Idar Krogsethagen. Etter å ha dribla seg inn i 16-meteren, ga han uselvisk til Kenneth G. foran mål, som enkelt skora sitt 15 mål for sesongen. Norborg gjekk til pause med ein fortjent 3-0 ledelse. Giske hadde ikkje ein einaste sjanse.

I 2. omgang fortsatte Norborg å styre kampen, men brukte også her nesten halve omgangen for å få mål. Etter 20 minutt vart Kim Idar felt innafor 16-meteren, og dermed straffe. Geir Ove Grønli gjekk fram å sette ballen sikkert i mål frå straffemerket. Kampen fortsatte som før. Norborg eigde ballen, og fekk blant anna eit uttal cornera. Trass i spel mot eitt mål måtte ein vente heilt til det 89. minutt før det vart 5-0. Etter ein del klabb og babb framfor mål, endte det med at ein Giskespelar handsa, dermed straffe. Norborgkeeper, Kurt Erik Grytten, gjekk fram å sette ballen sikkert i mål. Endeleg fekk han lønn for all straffetreninga. Nokre minutt seinare fekk Steffen Grytten til eit godt innlegg frå høgresida. Geir Ove Grønli hoppa høgast og heada inn 6-0 målet.

Per Bjarte Ludviksen dømte godt gjennom heile kampen, og ga ein Giskespelar raudt kort i det 88. minutt.