Heiderlege resultat for damelaget
Norborg sitt damelag deltok også i innandørs-KM på Valderøya, og laget viste at dei blir stadig betre. I første kamp vart det 1-4 tap for Sykkylven, Monica Alvestad scora Norborg sitt mål. I neste kamp var det klart for nabooppgjer mot Brattvåg. Brattvåg gjekk opp til 2-0, men så vakna Norborg. På dei siste 7 minutta laga Linda Flem Stavik 2 og Camilla Krogsethagen eitt mål, og dermed tok Norborg sin første siger i eit innandørs-KM for damer. I dei to siste kampane mot HaNo og Fortuna vart det 1-6 og 2-6 tap. Mot det langt meir rutinerte Fortuna-laget tok ein friskt leiinga 1-0 og fekk også eit mål feilaktig annullert. Camilla Krogsethagen scorte alle måla mot HaNo og Fortuna, og vart dermed som vanleg toppscorar for oransjetrøyene med 4 mål. Fortuna vann gruppa, medan Sykkylven vart nr. 2. Begge gjekk vidare til sluttspelet i Fagerlihallen den 6. desember.
Laget: Terese Brusdal, Inger Ann Søvik, Ingrid Ahrens, Linda Holmeset, Linda Flem Stavik, Camilla Krogsethagen, Monica Alvestad, Frida Ahrens, Anne Marte Søviknes og Henriette Johannessen.
Resultater:
| Sykkylven-Norborg | 4-1 | Monica Alvestad |
| Brattvåg-Norborg | 2-3 | Linda Flem Stavik 2, Camilla Krogsethagen |
| HaNo-Norborg | 6-1 | Camilla Krogsethagen |
| Fortuna-Norborg | 6-2 | Camilla Krogsethagen 2 |
Tabell:
| Fortuna | 4-0-0 20-_5 | 12 |
| Sykkylven | 3-0-1 20-_6 | _9 |
| HaNo | 2-0-2 _9-_9 | _6 |
| Norborg | 1-0-3 _7-18 | _3 |
| Brattvåg | 0-0-4 _3-21 | _0 |
Målscorere:
| Camilla Krogsethagen | 4 |
| Linda Flem Stavik | 2 |
| Monica Alvestad | 1 |

