Norborg/Ravn – Fjørtoft 2-2

Norborg/Ravn – Fjørtoft 2-2 (2-2)
Uggedal stadion, 18.06.05

1-0 Camilla Krogsethagen (20)
2-0 Jannicke Gjerset (22)
2-1 Ingrid Silseth (26)
2-2 Ingrid Silseth (27)

Dommar: Arild Vegsund

Norborg/Ravn skapte dei fleste sjansane og leia med både eitt og to mål, men fekk likevel berre med seg eitt poeng mot botnlaget Fjørtoft. Dårleg konsentrasjon i ein liten periode i 1. omgang får ta skylda for det.

Heimelaget gjekk offensivt ut og la press på gjestane frå Fjørtoft dei første minutta, men det er likevel Fjørtoft som kjem seg til dei beste sjansane etter kontringar. Heldigvis for oransjetrøyene vart avslutningane for svake og den dyktige keeperen Frida Ahrens hadde få problem.

Norborg/Ravn var for upresise i den avgjerande pasninga dei første ti minutta, men ein nærma seg gradvis mål. Etter eit kvarter spel plukker Camilla Krogsethagen ned eit langt utspel frå Frida. Camilla vender opp finter av ei fjøroftjente og sentrer til Alice Tennfjord, som diverre skyt rett på keeper. Minuttet etter får Alice nok ein god sjanse etter godt forarbeid av Sandra Larsen, men avslutninga gir Fjørtoft sin keeper få problem.

Norborg/Ravn var no inne i ein svært god periode og skaper sjanse på sjanse. Spesielt er det Frida sine lange oppspel til Camilla K. som skaper problem for Fjørtoft sitt forsvar. Etter 20 minutt lykkast så Camilla K., og dunker ballen i nota etter ein corner. Jubelen har knap lagt seg før oransjetrøyene doblar leiinga. Denne gongen er det banens beste spelar Jannicke Gjerseth som scorer sikkert med eit skot inne ved stolpen frå 6-7 meter.

Heimelaget gjer no nokre bytter, og let Fjørtoft kome inn i kampen. Først utnyttar Ingrid Silseth ei forsvartabbe av heimelaget og scorer sikkert aleine med Frida. Minuttet etter er det igjen sløvt forsvarsspel av Norborg/Ravn og samme Silseth utliknar til 2-2, noko som står seg til pause.

2. omgang blir langt mindre underhaldande enn det vi var vitne til før pause. Heimelaget sin største sjanse eter pausen hadde Line Vatneødegård då ho blir spelt fri av Camilla K., men frå 3 meter skyt ho på utsida av stolpen. Like før slutt fekk Fjørtoft ein gedigen sjanse, men keeper Frida reddar meisterleg forsøket frå kloss hald. Dermed endar kampen 2-2.

Vi set igjen med følelsen av at Norborg/Ravn burde ha behaldt alle poenga i Uggedalen denne laurdagen. Spesielt basert på perioden frå 10-25 minutt i 1. omgang. Då skapte oransjetrøyene svært mange store sjansar og burde ha scora fleire enn dei to måla av Camilla K. og Jannicke.

Best på Norborg/Ravn i denne kampen var Jannicke Gjerset, som jobba utrøytteleg kampen igjennom, keeper Frida Ahrens, som nok ein gong står fram med fleire gode redningar, og Camilla Krogsethagen, som alltid var ein trussel mot Fjørtoft sitt forsvar i dei minutta ho fann seg sjølv på bana.