Vigra – Norborg 6-2

Vigra – Norborg 6-2 (3-2)
7’ar damer, Rota gras, 28.04.04

0-1 Linda Holmeset (10)
1-1 Malin Giske (30)
2-1 Torunn Berg (34)
3-1 Torunn Berg (36)
3-2 Sjølvmål (43)
4-2 Agnes Gjøen (50)
5-2 Anette Skotte (57)
6-2 Anette Skotte (65)

Laget: Terese Brusdal – Frida Ahrens, Linda “Bambi” Hansen, Sandra Larsen – Linda Flem Stavik, Jannicke Gjerset – Linda Holmeset
Innbyttarar: Ingrid Ahrens, Karen Elise Erikstad, Inger Ann Søvik

Norborg mangla nærast eit heilt lag til denne kampen, og i tillegg var Inger Ann Søvik småsjuk og Ingrid Ahrens akkurat tilbake frå skade. Likevel tok Norborg leiinga i kampen ved Linda Holmeset og var fullt på høgde med det meir rutinerte Vigra-laget den første halvtimen. Men som så ofte før kjem Norborg inn i ein dødperiode og Vigra putta 3 mål på 6 minutt. Like før pause får Norborg nytt håp då ei vigrataus sette ballen i eige mål etter at Ingrid Ahrens kom seg rundt på kanten og la hardt inn framfor mål.

I første del av 2. omgang pressa Vigra på og fekk 3 nye mål. Etter denne Vigra-offensiven jamna kampen seg ut og Norborg hadde fleire sjansar til å pynte på resultatet. Blant anna traff Ingrid tverrliggaren, medan Karen Elise Erikstad var aleine med keeper to gongar utan å score.

Trass 4 målstap viste laget stor framgang sidan sist ein møtte Vigra. I vinter vart det nemleg 14-3 tap mot dette laget. Alle spelarane gjorde ein bra innsats og sprang til krampa tok dei.