Norborg – Ørskog 1-1 (1-0)
Seriekamp damer, Uggedalen stadion 19.05.03
1-0 Camilla Krogsethagen (34)
1-1 (88)
Dommar: Frode Osvik, Norborg
Norborgs beste: Monica Alvestad
Så nær, så nær var Norborgdamene årets første siger. Etter å ha leda i store deler av kampen så utlikna Ørskog to minutt før slutt til 1-1.
Norborg starta kampen med bra press dei første 10 minutta. Blant anna samspelte Camilla K. og Linda seg framover, og hadde ein god sjanse det første speleminuttet. 15 minutt ut i omgangen speler Camilla K. igjennom til Linda, Linda skyt, men skudd blir for svakt. Like etter legg Kine eit innlegg fra kant, som Ørskog held på å rote i sitt eige mål.
God keeper
Ein knapp halvtime er gått da Julianne kjem til med eit skudd, som ender i corner. Ørskog vinn corneren, og spelar seg framover til Norborg sitt mål, der Terese gjer ei god redning. Norborg fortsetter med godt spel og gode muligheiter. I det 34 minuttet får Norborg frispark omtrent fra midtlinja. Monica legg fint til Camilla K. som med ryggen fra mål “hælsparker” ballen inn framfor ei forvirra Ørskogkeeper.Eit flott mål! Norborg presser på ut omgangen, og held 1-0 stillinga til pause.
Varierande spel i 2.omgang
Spelet varierer etter pause. Ørskog har nokre sjanser i andre omgang, men Norborg har også på sin side sjanser. Litt rot framfor Norborgmålet fører til at Ørskog nesten scorer. Ballen går fram og tilbake mellom spelarane, Kamilla G. rykker ut, men Monica redder skudd på strek. 20 minutt ut i omgangen får Kine ein ball fra Camilla K., Kine skyt, og det blir nesten mål. Camilla K. fortsetter vidare med fleire gode skudd, men dei endar utanfor.
Etter vel ein halvtime spelar Ørskog seg fram på sida, og prøver å lobbe over keeper. Men Kamilla G. vipper ut til corner. Norborg øyner eit håp om sine første 3 poeng, men i det 2 minuttet før slutt, er Norborg uheldig om mister ballen på midtbana, og Ørskog reduserer med eit utagbart skudd i vinkelen. Dermed enda det 1-1 i ein kamp som Norborg burde ha vunne.
Sur utlikning
Monica vart kåra til dagens spelar. Ho kjempa veldig godt i forsvaret. Midtbana fekk også skryt for spelet dei presterte (Var flinkare å hjelpe til bakover enn dei har vore før). Ellers sa trenarane at Norborg spelte ein god kamp, men det var ikkje den beste dei har sett oss spelt. Vi er fornøgde med vårt første poeng, men det var surt at Ørskog fekk inn det siste målet når vi var so nær vår første seier.
Laget: Terese Brusdal, Inger Ann Søvik, Julianne Stavik, Kine Kvammen, Linda Stavik, Henriette Johannessen, Camilla Krogsethagen, Lena Grytten, Anette Sæther, Kamilla Grande, Monica Alvestad, Frida Ahrens, Sandra Otterlei