G19 Historie

År 2018: Laget var eit samarbeid mellom Norborg, Brattvåg og Harøy. Laget sleit litt på våren, men kom sterkare på hausten og tok ein respektabel 5. plass i 1. divisjon. Magnus Austbø Seth spelte ikkje så mange kampar som åra før, men scora likevel 14 mål på 8 kampar og vart lagets toppscorar. Han kom eitt mål bak divisjonens toppscorar Kestutis Riekasius (Bergsøy). Årets spelar vart Siver Davik.

År 2017:
Samarbeid med Harøy og Ravn. Laget gjorde det godt og kom på 3. plass i 1. divisjon berre 2 poeng bak vinnarlaget Hødd. Magnus Austbø Seth vart divisjonens toppscorar med 22 mål. Årets spelar vart Anders Toven.

År 2016: Samarbeid med Harøy og Ravn. Vi tør påstå at Norborg hadde det beste laget på Sunnmøre dette året. Laget leia 1. divisjon fram til siste runde. Sjølv om Norborg vann 7-0 over Volda i siste kamp, førte ein kollaps av 3. plasserte Rollon mot Bergsøy (14-1) at laget frå Fosnavåg sneik seg forbi Norborg med tre plussmål meir. Særs bittert! Magnus Austbø Seth vart divisjonens toppscorar med 21 mål. Årets spelar vart Tor Abelseth.

År 2015: Norborg kom på 6. plass av 10 lag i 2. divisjon Haust. På vårsesongen kom ein på 2. plass i avd. 1. To poeng bak Brattvåg/Ravn etter eit 3-2 tap for naboen i siste vårkamp. Toppscorarar vart Ole-Kristian Aarseth og Per-Stian Alvestad. Nikolai Jensen vart kåra til årets spelar.

År 2014: Norborg kom på 6. plass av 7 lag i 2. divisjon avd. 1 på vårsesongen og rykte ned til 3. divisjon. Norborg vann 3. divisjon på hausten. Ole Kristian Årseth vart toppscorar med 15 mål. Eitt meir enn Ådne Hellandsvik.

År 2013: Norborg stilte eit 7-ar lag på vårsesongen. Laget enda sist av dei 9 laga i 2. divisjon avd. 2. Laget trakk seg frå spel i 3. divisjon før hausten.

År 2011-2012: Stilte ikkje lag.

År 2010: Norborg stilte eit 7-ar lag som kom sist i 2. divisjon avd. 2, men berre to poeng bak Ravn.

År 2007-2009: Stilte ikkje lag.

År 2006: Norborg kom på 2. plass i 2. divisjon. To poeng bak Vigra.

År 2005: Norborg gjorde ein god sesong i 2. divisjon avd. 2 og enda på 2. plass, fire poeng bak Stranda.

År 2004: Norborg kom på 5. plass i 2. divisjon avd. 2.

År 2003: Norborg gjorde det langt betre enn året før og tok 16 poeng på 15 kampar i 2. divisjon avd. 2.

År 2002: Norborg stilte juniorlag for første gong. Det unge laget fekk eit tøft møte med meir rutinerte lag og det vart berre med den eine sigeren over Brattvåg (2-0). Laget enda sist i 2. divisjon avd. 2.