Norborg-Rollon2 4-1 (1-0)
6. divisjon, Uggedal stadion, 10.06.2026
Sjansar: 8-3
1-0 Niklas Rekdal (30)
2-0 Per Kristian Grytten Søvik (58)
3-0 Per Kristian Grytten Søvik (61)
3-1 Vebjørn Olsbø (62)
4-1 Mohamad Erfan Bahrami (76)
Norborg viste seg som det beste laget i toppkampen mot Rollon2 og tok sin fjerde strake siger. Norborg passerte dermed Rollon2 på tabellen og tok 2. plassen bak suverene Herd2.
Etter ein litt småkeisam første halvtime tok kampen fyr då Niklas Rekdal gjorde 1-0 etter ein stikkar frå Per Kristian Grytten Søvik. Rekdal tok med seg ballen, runda keeper og sette ballen i mål frå skrått hald. Kampen opna seg opp etter målet der begge lag skapte situasjonar framfor mål fram mot pause. Rekdal var nærmast med eit skot i tverrliggjar.
Etter pause var gjestane først nær ved å utlikne før heimelaget sa takk for følget med to raske mål. Først utnytta Robert Dulgheru situasjonen då ein Rollon-spelar var uheldig å skli på kanten av 16 meteren. Dulgheru snappa ballen og fann Per Kristian Søvik framfor mål som sette ballen enkelt i nota. Nokre minutt seinare var det Niklas Rekdal som usjølvisk spelte til Søvik, som nok ein gong hadde ein enkel jobbe med å sette ballen i mål. Vebjørn Olsbø skapte eit lite håp for gjestane med si redusering minuttet seinare, men Mohamad Erfan Bahrami levna ingen tvil kvar poenga skulle gå då han banka ballen i nota etter corner frå Robert Dulgheru. Dette var Bahrami sitt første mål for Norborg i hans siste kamp.
Dette var siste kamp før ferien i ein vårsesong der Norborg har levert over forventingane med solid forsvarsspel og godt kontringsspel.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Lars Alvestad Mikalsen, Peder Uggedal Søvik, Ole Johan Urke (Anders Urkedal, 77), Marius Flem Stavik (Markus Søvik Gunnarsson, 6) (Stavik, 14) (Thomas Toven, 82) – Robert Dulgheru (Markus Torgersen, 82), Per Kristian Grytten Søvik (Jack Neima, 86), Jesper Vos (Mohamad Erfan Bahrami, 68), William Jenssen Grytten, Kai Kitsadakon Grytten (Fredrik Rogne, 46) – Niklas Rekdal (Gunnarsson, 86).

