Blindheim 3 – Norborg 6-1 (0-1)
6. divisjon, Blindheim KGB, 22.04.2026
Sjansar: 9-2
0-1 Niklas Rekdal (30)
1-1 Lukas Slyngstadli (47)
2-1 Lukas Slyngstadli (50)
3-1 Lukas Slyngstadli (str. 52)
4-1 Kristian Sølvik (63)
5-1 Lars Olsvik Byfuglien (80)
6-1 Peter Førde Moen (82)
Det meste såg lyst ut for Norborg då ein gekk til pause med leiing etter mål av Niklas Rekdal, men så gjekk alt galt for dei oransje som gjorde feil på feil og måtte sjå seg grundig slått av Blindheim sitt 3. lag.
1.omgang var ei sjansefattig affære med ein sjanse til kvart lag der skilnaden var at Norborg scora på sin då Marius Flem Stavik vann kampen om ballen på midten etter eit langt utspel frå keeper Ronald Søvik Olsen og fekk spelt fram til Niklas Rekdal, som plasserte ballen i nota via handskane til keeper Kornelius Almås.
Norborg fekk ein forderdeleg start på 2. omgang då Lukas Slyngstadli, med mor frå Grytastranda og far frå Slyngstad, scora hat-trick på fem minutt. I følge opplysningane vi har fått så skulle han berre spele 1. omgang sidan Blindheim sitt 5. divisjonslag hadde kamp dagen etter. At han fekk ti minutt etter pause vart då “katastrofalt” for Norborg. Først utnytta han at keeper Olsen glapp ballen på eit innlegg han plukker 99 av 100 gongar. Så saksesparkar han inn eit innlegg frå Jesper Måseidvåg som tilfeldigvis dalar ned der han står. Slyngstadli sitt tredje mål kom på straffespark då han sette ballen høgt midt i mål.
Sjølv om Slyngstadli gjekk av bana så haldt heimelaget fram med å score mål. Kristian Sølvik setter inn 4-1 etter at han vende opp utanfor 16 meteren, satte fart og plasserte ballen i nota via fingrane til keeper. Lars Olsvik Byfuglien utnytta to strake feil frå Norborg-forsvaret og gjorde 5-1 åleine med keeper. Så var det igjen personleg feil som førte til at Peter Førde Moen kunne hamre inn 6-1. Ein grusom omgang av Norborg der ingenting fungerte korkje defensivt eller offensivt.
Laget: Ronald Søvik Olsen – Anders Toven, Peder Uggedal Søvik, Tobias Jensen, Tarjei Urkedal – Robert Dulgheru, Marius Flem Stavik, Ole Johan Urke, William Jenssen Grytten, Kai Kitsadakon Grytten – Niklas Rekdal.

