Tarjei Gjerset Urkedal vart Norborg sin toppscorar i år med 5 mål. Dette er femte gong Urkedal blir Norborg sin toppscorar, men første gong sidan 2010! Urkedal har 149 seriemål og totalt 246 mål på 625 kampar. Kristoffer Søviknes, Niklas Rekdal og Ruben Holmeset enda på 4 mål kvar. Lars Alvestad Mikalsen enda som “Assistkonge” med 4 målgjevande. Eitt meir enn Kristoffer Søviknes og Niklas Rekdal. Fullstendig liste finn du her. Fredrik Endré Rogne gjorde i haust comeback etter 8 år på sidelinja, og enda opp som Norborg sin mest effektive spelar etter 2 mål på 103 minutt. Ronald Søvik Olsen spelte flest minutt med 1366. Dette var ein halvtime meir enn Anders Toven. Fullstendig oversikt over spelte minutt og effektivitet finn du her.
Monthly Archives: oktober 2025
Tapte siste kamp
Norborg opna friskt i onsdagens kamp mot Guard, men måtte til slutt sjå seg slått 1-3. Ole Johan Urke gjorde sitt 110. A-lagsmål for Norborg då han skrudde inn eit frispark frå 40 meter seks minutt ut i kampen. Glenn Elveseter trivdes på Uggedal KGB i fjor som NTNUIÅ-spelar, og fann nettmaskene også no som Guard-spelar, då han på overtid i 1. omgang utnytta passivt spel av heimelaget og sette ballen sikkert i nota. Like etter pause gav han Guard leiinga, medan Kristian Muriaas fastsette sluttresultatet til 1-3 med sitt første touch på ballen. Les meir..
Tapte for Spjelkavik3
Norborg måtte onsdag kveld sjå seg slått 4-2 i bortekampen mot botnlaget Spjelkavik3. Etter ein mållaus 1. omgang scora Marco Jønsson to kjappe for heimelaget før Fredrik Endré Rogne reduserte for Norborg. Håpet om poeng forsvann raskt då heimelaget på ny scora to mål på fem minutt. Rogne, som ikkje har spelt ein A-kamp sidan oktober 2017, reduserte på nytt ti minutt før slutt, men nokon spenning mot slutten fekk vi diverre ikkje sjå i Ole Johan Urke sin A-kamp nummer 400 for Norborg. Les meir..

